30.12.2010

Henry O Studley - verktøy kiste


Dette er bare så sjukt stili, sulle gjerne hatt det i kåken bare for å sitte å sjå på det. Neppe billi, sidan det vart laga rundt 1860 av Henry O Studley.

Tommy "The Duke" Morrison

Ej gir blanke i ka folk sei om The Duke, han har alltid vore ein av mine favoritter. Hovedårsaken var hans brutale venstre hook. Sorry for den jævla musikken.

"Someone in an interview asked Ray Mercer what was the hardest he had ever been hit. Ray said in that interview that Tommy Morrison hit him so hard that he was literally farting in the ring."

17.12.2010

Trio




Gamle helta live fra Radio Bremen 1982. Ein merkelig gjeng, som du kan lese meir om her. No skal eg sjekke ut DVDen Best Of Trio som kom med posten i dag. Kjenner eg er litt skeptisk da eg trur den kun består av cheezy videos, men er eg heldig bør det være eit live klipp eller to.

Trio - Los Paul



16.12.2010

The Dictators

Har ikkje så masse til overs for proto-punk, men må innrømme eg er meget svak for låta Two Tub Man av og med The Dictators.

Lee Dorsey


Lee Dorsey (1924 - 1986) har alltid vore eit navn som har dukka opp i ny og ne, av ein eller anna grunn har eg fått det føre meg at det var i samme gata som Paul Anka, og har aldri gødda å sjekka det meir ut. Før eg oppdaga at ein av mine favoritter med gruppa Trio var opprinnelig Lees første hit i 1961: Ya Ya. Sangen var inspirert av ein gjeng med onga som chanta barnerim. Så eg skaffa meg skiva The Hits (1961-1970), og eg digga det max! Det viser jo seg at han står bak klassikera som Working in the Coalmine og Yes We Can. Det skada heller ikkje at det er medlemmer fra The Meters som trakterer instrumenta.  Om du digger R&B fra 60-tallet, da er Lee Dorsey mannen du har venta på.

Lee Dorsey - Working In The Coalmine


Lee Dorsey - Ya Ya

14.12.2010

Crocodiles


Denna songen kjem på riktig tid, for den oser av sommer. Noisepop duo fra San Diego som smelter saman Dee Lites Groove Is In The Heart med Beach Boys California Girls. Sangen finnes på b-sida på singelen Sleep Forever. Digg!

Crocodiles - Groove Is In The Heart / California Girls

Old Smile

Eg las på nettet at det var ei blanding av ambient psykodelia, jazz og folk rolled up in one. Skeptisk når eg lasta ned, og solgt når eg satte på. Dette er rett og slett eit utrolig spanande band som er trofast mot sine ideer, uten at det går på bekostning av allsidighet. Last ned her. Har ikkje funne så masse info på dei, uten at Tom Herman fra det Arches er med, også eit band som er verdt å sjekke ut.

Old Smile - Mirrors


Old Smile - Under city lights

01.12.2010

Young @ Heart Chorus


Heilt sidan eg vart tipsa av Erling Z Urke om filmen DIG!,  fekk eg dilla på musikk dokumentara. Og dei siste åra har samlinga mi blitt fyldig med masse rare historier som er underholdande og inspirerande. Og no har eg fått ein ny favoritt om eit kor fra Northampton, MA, beståandes av pensjonista fra 71 - 92 år! Men dei synger ikkje sanger fra si eiga ungdomstid, her er det snakk om: Sonic Youth, Talking Heads, Coldplay, The Clash, Ramones, James Brown etc etc. Walter Georges dokumentar fra 2007 er heilt fantastisk, det er lenge sidan eg har blitt så rørt etter å ha sett ein dokumentar. Og om nokon trur det er bra fordi det er bare søtt at det er gamlinger som synger hippe låter, så tar dei feil, for dette handler om så mykje meir. Her er det snakk om livsglede, respekt, humor og ulike kropslige plager, alvorlige sjukdommer og død.  Når det kjem til framførelse så er det lenge sidan eg har sett nokon gjera det med ein slik entusiasme, det er ikkje vanskelig å sjå at dei legger heile sjela si i sangane. Young@Heart  koret vart starta opp i 1982 av Bob Cilman, han er ein yngre kar som velger låter og er ansvarlig med å få alle på rett spor. Eg hadde ALDRI takla å håndtert dette, for du må ha milevis med tålmodighet. Det er nok med utfordringer som rytmeforståelse, skrantane helse og ikkje minst det å huske tekster.

Oberhofer


Brad Oberhofer er ein ong jypling som he det inne. Alltid stas å komme over nye artister som veit kva dei vil, og som sjelden roter det til. Og ej e ein sucker for kreativ, detaljert lo-fi pop/rock. Det er imponerande å høyre med tanke på at han kun er 19 år! Kva faen gjorde eg på hans alder? Spelte sannsynligvis cover av Midnight Oil og Creedence. Han er i disse dager ute med ein sjølsløppe 7", sjekk utInsound  for meir info. Eg gleder meg stort til forsettelsen. Har ein følelse av at han vil dukke opp på Matador Records.

Oberhofer - Away Frm U


Oberhofer - Dead Girls Dance

29.11.2010

Atlas Sound


Atlas Sound er Bradford James Cox sitt solo prosjekt, du kjenner han kanskje fra Deerhunter? Der er han gitarist, sanger og låtskriver. Har overhode ikkje sans for dei, men detta her er noko anna. Han er i disse dager ute med Bedroom Databank vol. 1-4. Tittelen beskriver godt kva du har i vente, dette er virkelig sanger fra soverommet, og det er masse drit fordelt på dei 4 skivene, men flust av gull au, akkurat slik det skal være med lo-fi skiver spelt inn på gutterommet. Gå hit for å laste dei ned gratis: Atlas Sound

Atlas Sound - Day Out


Atlas Sound - Here Come The Trains

Blake Mills


Detta er jo deilig pop, digger lydbildet hans, og det er ikkje så vanskelig å høyre at han har kontroll når det kjem til traktering av gitaren.  Blake Mills er kun 23 år (LA), og har allerede røkke å vøre studio musiker for Rick Rubin, Weezer, Jenny Lewis, Kid Rock, Jakob Dylan, Julian Casablancas, Bruce Horsnby etc. Debut skiva hans Break Mirrors kom ut i 2009 på Record Collection.

Blake Mills - Wintersong


Blake Mills - Hey Lover

28.11.2010

David Lynch + Danger Mouse + Sparklehorse



Jøss, detta høyres jo spanande ut. Det er jo David Lynch på vokal jo. Detta er vel hovedsakelig eit samarbeid mellom Danger Mouse og Sparklehorse, og slik eg har forstått det er dette eit prosjekt som muligens ikkje vil bli gitt ut offisielt.

Sufjan Stevens



Eg har virkelig sansen for hans siste skive The Age of Adz, og denna sangen Too Much får meg lyst til å bevege meg. Kanskje ikkje akkurat som hans rare dans/armbevegelsa. Foretrekker denne opptreden fra Late Night with Jimmy Fallon enn hans überhippe video, den blir rett og slett litt for plagsom for mine auge.

14.11.2010

Tapes ´n Tapes



Tapes n Tapes er eit Minneapolis basert band med 3 utgivelser bak seg. Dei skal komme med skiva Outside på Ibid Records januar 2011. Sangane under er henta fra skiva The Loon som kom ut i 2006 på XL Recordings.

Tapes ´n Tapes - Cowbell


Tapes ´n Tapes - Freak out

09.11.2010

Bootleg hjørne: Iggy Pop & David Bowie


Oh, dette svinga, også utrolig dirty det høyres ut. Sangen 1969 er henta fra ein bootleg kalla Jesus, this is Iggy, er spelt inn live at the Agora Ballroom, Columbus, Ohio - 30 mars 1977. Lyden er vel så pass fordi kilda var ei FM sending, akkurat slik eg foretrekker mine bootlegs: soundboard recording. 
Sangen Search & Destroy er henta fra skiva Mantra ( Live fra Mantra Studios, Chicago) 28 mars 1977.

Bandet besto av: Iggy/vocal, David/keyboard bvox, Ricky Gardiner/gitar, Tony Sales/bass, Hunt Sales/trommer, Stacey Heydon/gitar, Scott Thurston/ piano/munspel/synth.

1969

Search & Destroy

08.11.2010

Wise Blood

Absolutt for samples og elektronika bare det er dirty nok! Og groovy. Og uten rap. Det er akkurat det Chris Laufman (Pittsburgh) gjer i prosjektet Wise Blood. Han er i disse dager ute med skiva ´+´. Veit egentlig ikkje så masse meir om han og prosjektet. Kjøp skiva her.








Wise Blood - SOLO (´4´Claire)

Wise Blood - STRT SRNS

Wise Blood - B.I.G.E.G.O


HERE COMES THE SUN /// WISE BLOOD from Theo Anthony on Vimeo.

03.11.2010

Possum Dixon

Gode minner, eg var så utrolig hooka på Possum Dixon på 90-tallet, vel iallefall fram til den shitty skiva New Sheet, Rick Ocasek klarte virkelig å ødelegge den. Sjekk ut fleire sanger her. Dette opptaket er faktisk det beste når det kjem til lyd og up close action. Synd eg aldri fekk sett dei live, for detta ser jo morro ut.





31.10.2010

US Maple

Korleis er det mulig at eg ikkje har fått med meg dette før no!!!! US Maple er rett og slett...øøøhhhh.....spanande og utfordrande, og til tider veldig vakkert på sin egen måte. Det første eg la merke til var gitarlyden og måten å spille den på, den minner meg så masse om Polvo og korleis dei stemmer gitarane.  US Maple må vel definerast som eit noise/art rocke band. Danna i 1995 i Chicago med utgangspunkt i banda Shorty og Mercury Players. Utgangspunktet var å finne ut korleis ein kunne fjerne "rock and roll from their collective minds". Med andre ord så skulle dei reorganisere rocknroll, der dei bl.a. kun skulle beholde kjerne elementa i musikken. No er det kanskje mange som høyrer deira musikk og tru dei har rota saman sanger på måfå, at den høyres tilfeldig ut, og at alt egentlig er bare tøys og oksedrit. Den gang ei, bare sjekk ut dokumentaren når dei laga skiva Acre Thrills. Den gir deg eit innblikk i korleis US Maple fungerer.

PS1 Takk til Lutt for tipset:)
PS2 Sjekk ut deira fantastiske cover av AC/DC med sangen Sin City.



Health

Fet låt! Fete bilder! Sjekk ut fleire sanger  her.

28.10.2010

Slits

I Heard It Through The Grapevine med The Slits er min favoritt cover låt for tida. Den er henta fra debutskiva Cut fra 1979.










The Slits - I Heard It Through The Grapevine


Young Mammals

Verden flyt over av indienewwaveskrangleband, band som Vampire Weekend, som leverer på ei skive for så å komme tilbake og levere det samme på nytt, men denne gangen totalt blotta for karisma. Det skal vel ikkje så mykje til for å komme ut av sin egen boks? Eg synes Young Mammals  er noko av det meir lovandes eg har hørt dei siste månedane, masse spanande innfall som gjer det heile til meir enn ei rutine.

Young Mammals - Confetti


27.10.2010

Donny Hathaway

Fleire av dykk veit jo eg er fole glad i soul, og no har vi kome til ein kar som eg synes har samme kvaliteter som Sam Cooke når det kjem til synging. Forskjellen er at Donny Hathaway lena seg meir mot djæssi soul sanger, ala masse av det Ray Charles har vore kjent for. Er meget glad i Ray også, men blir litt lei av stemma hans over tid, det skjer ikkje når det gjelder Donny, der er det som oftest arrangementa som kan bli for masse. Liker definitivt best dei som er heilt enkle, og som gir rom til stemma hans. For den er faen meg heilt fantastisk! Normalt er eg litt skeptisk til easy listening musikk, men kan du synge så når du fram til dei nervestrengane som gir deg støtte på veien. Kven er så denne karen? Starta sjølsagt å synge i kirka i Chicago, lærte seg å spille piano i tidlig alder, noko som la grunnlaget for at han vart ein annerkjent låtskriver, studiomusiker pg produsent. Han har bidratt på skiver til Staple Singers, Aretha Franklin, The Impressions, Curtis Mayfield, Jerry Butler.....osv osv. Han starta etterkvart på si eiga solo karriere med skiva Everything Is Everything (1970), og gav ut yttligere 5 skiver før han daua så alt for tidlig i 1979, kun 33 år gamal. Han fikk mentale problemer og hevda at:"white people were trying to kill me and had connected my brain to a machine, for the purpose of stealing my music." Han vart funnen på fortauet nedanfor hans leilighet i 15 etasje. Donny Hathaway har influert artister som Alicia Keys (legg merke til introen på A Song For You, høyres det kjent ut?), Beyonce, Stevie Wonder og Usher for å nevne nokre. Anbefalte skiver er Everything Is Everything (1970), Live (1972) og These Songs For You, Live! (2004).

Donny Hathaway - Jealous Guy


Donny Hathaway - He aint heavy, hes my brother


Donny Hathaway - A song for you

26.10.2010

Parlovr

Parlovr er endelig tilbake med nytt materiale. Dei er i disse dager ute med EPn Hell/Heaven/Big/Love. Sjekk ut fleire sanga fra deira debutalbum fra 2008 her

Parlovr - Hell, heaven

Diverse greier

Må sei eg vart virkelig forundra når eg sjekka ut Allmusic i går og såg at dei hadde plukka ut skiva Trio av og med Trio som Album Of The Day. Det er jo rett og slett fantastisk, og eg måtte jo sjølsagt legge ut ei par spor fra denne skiva. Eg er ein trofast fan, og har sjølsagt alle skiver på vinyl.








Trio - Broken hearts for you and me


Trio - Sunday you need love monday be alone



Fekk tips om å sjekke ut Wetdog, ein trio fra London, og ja, dette kan absolutt funke. Men skjønner ikkje heilt kvifor dei minner meg om Bow Wow Wow.



Eit anna band som gjer meg i godt humør for tida er The Vaccines. Dette er skranglerock med 60s vibe. Dei er i disse dager ute med 7" på labelen Marshall Teller Records

The Vaccines - Wreckin Bar


The Vaccines - Blow It Up 

25.10.2010

Anti Poison Slammer

Eg var på Revolver på lørdag ifb med plateselskapet Tonehjulet Kräftpest sitt slepp av samleskiva "I Dont Wanna Be A Part Of Your So Called Punk". Ein kveld stappa med punk, reagge og hardcore. Ein bra kveld med ålreit standard på banda, men det var spesielt eitt band som stakk seg ut: Anti Poison Slammer. Ein indierock trio bestånde av ein trommis som ser gal ut, ei jente på vokal og bass og ein gitarist med masse pedaler.  Dei hadde ein utrolig deilig sjarm med masse energi. Er jaggu lenge sidan eg har kosa meg så masse på ein konsert med eit norsk band. Er faktisk litt usikker på dei har gitt ut noko så langt, og den einaste låta eg har er fra samleskiva. Den er nok ikkje den beste sangen, men gir deg iallefall ein peikepinne på kva slags musikk dei har å by på. Om du har mulighet så anbefaler eg deg å få sett dei live.

Anti Poison Slammer - Fold The Curl

Soul for Sjela er endelig tilbake

Hei alle saman. Pga teknisk tullball vart det vanskli å få flytta bloggen så eg gir blanke jammer og slår meg til ro med å bruke blogspot videre, sjølv om den ikkje har dei beste løsningane så er den iallefall gratis, faktisk så har det skrangla inn nokre kroner vi reklame. Vel, uansett, no er eg tilbake og SoulForSjela skal bli oppdatert sånn ca 2-3 ganger i uka.

Først ut er The Staple Singers og nokre spor fra deira fantastiske utgivelse på Epic fra 1965 spelt inn live i Chicago New Nazareth Church: Freedom Highway. Dette er ei skive eg har vore på leit etter lenge, men den har desverre ikkje blitt gitt ut på CD, og det har vore vanskelig å finne eit ex som var NM. Du må ikkje blande saman med skiva Freedom Highway på CD som Legacy gav ut i 1991, for den inneholder kun 2 sanger fra live skiva, og resten er studio opptak fra andre Epic innspelingar, det er bra det og, men ikkje bra nok.

Freedom Highway vart mi favoritt gospel skive etter første gjennomlytting. Denne skiva overgår andre såkalla gullkorn som Shakin the Rafters av og med Abyssinian Baptist Gospel Choire eller Pastor T.L Barrett si skive Like A Ship....(without a sail). Det som skiller denne skiva fra andre gospel skiver er at Roebeck "Pops" Staples svampete blues gitar, samt dei ekstremt tette harmoniane skapt av hans 4 barn: Mavis, Cleotha, Pervis og Yvonne, der sjølsagt Mavis er den store stjerna når det kjem til vokal prestasjoner. Andre element som gjer dette til ei glede å høyra på er at bandet også består av ein groovy trommis og ein på ståbass (har ikkje klart å spore opp kven dette er). No har eg ikkje kleia meg til å få ordna utstyr til å rippe vinyl skiver, så eg slenger med dei 2 spora som finnes på Legacy utgivelsen.  

The Staple Singers - Freedom Highway


The Staple Singers - What You Gonna Do

01.08.2010

Breaking Bad

28.07.2010

Solomon Burke

Har akkurat sikra meg billett til hans konsert på Notodden Blues Festival. Håper og trur det skal bli noko utenom det vanlige.



Forty Four...

...er min absolutte favoritt sang med Howlin Wolf. Synes møkkabandet The Kills gjer ein finfin versjon.

Grass Widow

Indie!

"Shadow" by Grass Widow from Owen Cook on Vimeo.

30.06.2010

The Zookeepers

The Zookeepers fra Boston består av 4 unge gutter med lopper i blodet. Dei debuterte med The Frenchman i 2007. Ei klassisk DIY lo-fi pop/rock skive, og nett som Ween har dei masse humor, men veit å ikkje dra det for langt så musikken ikkje havna i andre rekke. Dei er i disse dager ute med skiva Good Looking Out, deira 8ande utgivelse!! Det er morro å høyre korleis dei har utvikla seg på disse få åra: sangane er bedre produsert og arrangert, dei har gått til anskaffelse av bedre utstyr til opptak og etter kvart fått ei god samling med instrumenter som fyller deira lydbilde godt. Du kan sjøl sjekke ut og laste ned skivene deira gratis eller donere nokre spenn her.

The Zookeepers - Lady Gaga


29.06.2010

Woods

Woods (Brooklyn, NY) er eit band for dei som liker små psykidelisk lo-fi pop. Eg har alltid lika lyden deira, men tidligere skiver som Songs of Shame har kanskje mangla litt når det gjelder å få satt saman nok gode sanger til å vare ei heile skive. Dette har dei no gjort noko med, og deira nye skive At Echoe Lakes inneholder nok variasjon til at eg aldri dovner av.

Woods - Blood Dries Darker

Harlem Shakes

Harlem Shakes (Brooklyn, NY) er eit band som oppstod i 2006, gav ut sin første EP Burning Birthdays i 2007 og har rukket og turnert med band som Deerhoof, Vampire Weekends, Beirut og Arctic Monkeys. Gav ut debut albumet Technicolor Health i 2009. Eit album spekka med solide pop låter.

19.06.2010

Parlovr

Har endelig fått tak i skiva til Parlovr (uttales parlour), og den skuffa absolutt ikkje. Jaudå, skiva er stappa med kjente Montreal hooks, arrangement og lyder som fører deg tilbake nokre indie år. Men likevel så låter det utrolig friskt, skiva er stappa med solide låter som har eit lydbilde som inviterer deg heilt inn. Eg har forstått det slik at dei oppstod som eit motstykke til alle dei overbefolka banda (les: Arcade Fire), og det er fasinerandes korleis 3 personer klarer å fylle rommet kun med trommer, gitar og keyboard. Albumet kom først ut i 2008, før det vart snappa opp av Dine Alone Records som har gitt den ut på nytt.

Parlovr - Pen to the Paper


Parlovr - Sandwalking


Parlovr - Sleeping Horses

18.06.2010

Jim Jones Revue

Steik, dette må eg sei var veldig morro å høyre. Ekkje så stor fan av dissa retro garage banda, at dei gidder å spele gamle riff på nytt, men det er vel noko med å ha det gøy uten å være fancy. Men det som skiller Jim Jones Revue frå dei andre skrammla er at det jaggu meg funker på skive. Stort sett funker denne type mojo best live pga trøkk og svette, og faller ofte igjennom når dei prøver å klore det ned på tape. Men lyden til Jim Jones Revue er heilt fantastisk, det er som om bandet er på vei til å sprenge seg ut av høgtalerane. Har ikkje opplevd lignandes sidan eg hørte den dobble 7" Gotta Get Some Action NOW! av og med Hellacopters. Dette er vel slik The Goo Men burde høyrast ut på skive. Geleder meg til å sjå disse gutta live!



05.06.2010

Levek

Av og til kjem ein over musikk som gjer meg nyfiken på "kven, kva og kvifor?" om dei som har gjort det. Levek er ein av dei artistane. Dette er 21 år gamle David Levesque bosatt i Florida. Det er ikkje så masse info å finne om han på nettet, men han vart født i Oman og flytta til Orlando som 8-åring. Han hørte for det meste på musikken til foreldra (Beach Boys, Bob Dylan o.l.), og såg hovedsaklig på gamle Disney filmer. Har laga musikk på fritida i ca 1,5 år, og kjører til daglig ein skulebuss! Eg sendte han ein epost og spurte om kor eg får skaffa skiver av han, og fekk til svar at han enda ikkje har fått gitt ut noko da han fortsatt er i oppstartsfasa med det å utvikle seg som låtskriver. Men han sendte meg ei lenke til mediafire kor eg kunne laste ned 6 låter!! Ein mann etter min smak:) Har ikkje tenkt å seia så masse om musikken, du får sjekka det ut sjøl. Blir spanande å sjå kor dette bærer hen om nokre år. Eg skal sjølsagt følge med og halde dykk oppdatert!



04.06.2010

Slow Animal

Slow Animal er ein duo fra New Jersey og dei definerer seg sjøl som eit garage/JAM-band, og det er vel egentlig ein presis beskrivelse. Det florerer jo med band som speler denne typen musikk (distorta lyd, lo-fi, korte sanga, "simplicity is genious"- tilnærming, catchy) og ikkje alle lykkes like bra som f.eks. Times New Viking eller Wavves, men Slow Animal føles så langt hakke bedre ut enn ovennevnte band, så no gjenstår det å høyre om dei klarer å fylle ei heil skive! 4 sanga til gratis nedlasting her.

02.06.2010

Lenge sidan sist....

....men slik blir det med slipp av eiga skive, basselusker i longene samt at eg ikkje har funne så masse å snakke heim om. Til no:)

Først ut er Scary Mansion fra Brooklyn. Miks av fake/ekte instrumenter kan fort skli ut og låte bajas, men ikkje disse da dei har klart å bevare nerven i sangane. Og når eg snakker om nerven så går det ut på at dei gjer ting på ein måte som fenger meg, men eg klarer ikkje heilt å sette tåa på kva, dei har kontroll og eg føler aldri at dei kan tippe den gale veien. Ein del av æra skal sjølsagt vokalist Leah Hayes vakre skjøre stemme ha. Liker også at dei ikkje er så forutsigbare som du først skulle tru, med andre ord: dei veit å skygge unna Thom Hell syndromet.

Scary Mansion - Over the weekend




Neste band ut er Parlovr fra Montreal, og dette er akkurat det eg trengte her eg ligger og er litt pjusken: indie! Disse må vel bli store, eller? Arcade Fire har jo rota seg vekk, så noko anna må jo vel ta over snart! Definitivt ei skive eg skal kose meg med i sommer. Dess så har eg ikkje fått skiva mi enda så eg får lagt ut mp3s, og det er også skralt med videoer ute, så eg anbefaler at du stikker innom deira myspace side.

20.05.2010

Det finnes håp!

Sattan så fett. Janelle Monae!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

14.05.2010

Blur

Det er ei god stund sidan sist vi fekk noko nytt fra denna kanten, men i forbindelse med Record Store Day har dei gitt ut ein limited edition 7". Damon Albarn har sagt at det kjem fleire 7" i framtida, men vi kan ikkje håpe på noko heilt album. Men sjølsagt kjem det ein eller anna gang, gi dei nokre år til så Damon får rydda unna andre forpliktelser.

11.05.2010

King Charles

Han er vel det vi kan kalle ein "cool cat", av den meir late typen. Og ikkje nok med det, han klarer seg sjøl når det kjem til musikk. Digger måten han spytter ut teksten på uten stopp, minner meg om onge Bob Dylan. Trur dette blir lydsporet til denne sesongen med parkliv, noko som roar meg ned når det koker etter å ha kasta så sjukt dårlig i kubb. Han klarer det dei fleste andre singer/songwriters ikkje klarer, at det skal så lite til før det føles annleis.





02.05.2010

Dette er også Beach Boys


Er rimelig lei av dei tidlige hitsa, og vart meget opprømt da eg endelig plukka opp Smiley Smile / Wild Honey (1967 - two-LP-on-one-CD compilation fra 2001). AllMusicGuide kalla det uprentiøs psykidelia, noko som eg er einig i, men skivene er også så mykje meir. Det høyres ut som dei har pause sidan Brian surra rundt i syreland, og dei bare tulla rundt i studio. Sangar som har oppstått pga kreativitet på avveie, kjedsomhet, samhold, humor og stadig på leit etter den eine lyden. Smiley Smile er skiva som kom ut da prosjektet Smile havarerte. Smile var skiva som skulle overgå Pet Sounds. Så skuffelsen blant fansa var stor da den kom ut, du kan no forestille deg sjøl etter å ha masa deg igjennom Pet Sounds, dei venta vel på noko ala Sgt. Pepper. Skiva inneholder hits som Good Vibration og Heroes & Villains, men også meir ukjente spor som smygeren Wonderful, den tullete Vegetables (med Paul McCartney som knasker på grønnsaker), Gettin Hungry med sitt fete refreng som passer perfekt å ha på full guffe i ein gamal Citroen på full guffe på vei til Moss, også må vi for all del ikkje gløyme av With Me Tonight med sine vakre vokal harmonier.

På Wild Honey hadde Brian Wilson trukket seg meir tilbake, og dei starta å spele sine egne instrument igjen i studio, noko dei ikkje hadde gjort sidan 1963. Skiva har ingen Good Vibration å by på, den mest kjente er vel Wild Honey. Og når eg tenker over det, så er det ikkje så masse meir som er spanande på denne skiva, Brian er jo ute så kva er tilbake av Beach Boys då? Grunnen til at du skal plukke opp denne 2-i-1 skiva er at den inneholder alternative versjoner av Good Vibrations og Heroes and Villains, samt Your Welcome som er ein a capella med klassiske Beach Boys harmonier.  Dette er sangen som ønsker deg velkomen når eg har daua.

Gettin Hungry


You´re Welcome


Wonderful


Wind Chimes

Bow Wow Wow

Eg innrømme det glatt, eg har atter eingang søtte og rota vekk tid på youtube, og kom over denne klassikeren som eg hadde heilt gløymt av. Denne fekk ein snurr i speleren kvar dag da eg bodde i Arendal. Tru meg, på dei kantane treng du det: Go Wild In The Country!! Vi snakkar Top Of The Pops i 1982. Malcolm McLaren (RIP) hadde sjølsagt noko med dette bandet å gjere. Forøvrig ei meget kul basslinje på låta, spesielt refrenget.

Hjálmar

Ja kvifor ikkje, islandsk reggae passer perfekt på ein søndags kveld, etter ein lang dag med digg sol. Her har du Ég Vil Fá Mér Kærustu. Lurer på om vokalisten har støkke av frå Aukrust senteret.

Mitt nye favoritt band!

No har eg i fleire uker lytta kontinuerlig på Titus Andronicus 2 skiver: The Monitor og The Airing of the Grievances. Det har virkelig balla på seg, det rett og slett heilt fantastisk. Dei får virkelig The Navigators til å høyres ut som MeatLoaf!!! Og det som er enda bedre, eg har akkurat fått fingrane på ein 12" med livespor fra London som skal være ellevill. Når eg kan rippe vinyl, lover eg å legge ut skiva. Muligens eg må stikke til London den 25 mai, det er tross alt på bursdagen min!



27.04.2010

GG Allin

Ka fanken kan ein sei anna enn: GALSKAP! Ikkje faen om eg higer etter eit liv som GG levde, men det er uansett fasinerande å høyre og sjå personer som gir så totalt faen. Det er dette som er deathpunk for meg, og ikkje dissa klovnane i Turboneger. Anbefaler filmen Hated som følger GG Allin og hans band Murder Junkies. Men bør ikkje sjåast når du fortærer din middag (sikkert Grandiosa), for her er det blod, spytt, avføring og piss det går i, og ja sjølsagt mengder med dop, politi, groupies og krangling og slåssing på scena. Det er musikk for scumfucks, freaksa som ikkje passa inn nokon anna plass. Det er hysterisk morsomt, og uendelig tragisk. Dette er bandet som DD Ramones skulle turnere med, han hoppa av etter ei par dager på veien. Det forteller vel det meste. GG Allin satte ein dato der han skulle gjere sjølmord på scena, han skulle skyte seg. Datoen kom, men ingenting skjedde da han satt i fengsel pga sjuke stunts på scena. Han dauda sjølsagt seinere av ei overdose. Anbefaler også boka I Was a Murder Junkie (the last days of GG Allin) skrevet av Evan Cohen som fulgte dei på turne. Det er ikkje store boka, kun 120 sider, men den er bare heilt ute, og boka The Dirt (Motley Crue) når ikkje The Murder Junkies til anklane engang.

25.04.2010

The Ukulele Orchestra of Great Britain

Wuthering Heights er ei av mange perler fra Kate Bush. Rekner med at ho er nøgd at eit slikt orkester tolka ho. Tatt fra DVDen Anarchy in Ukulele. Greia er at dei tolker pop/rock sanger, og slike band dukker opp i ny og ne med vekslande hell. Det som skiller UOoGB fra resten er at dei har humor og sjarm på den rette måten.

22.04.2010

Bitter som Bo Diddley....

...er jo eit nytt begrep vi kan ta i bruk. Eg digga å lese biografier av musikera, dei fleste har opplevd meir enn eitt liv, og no har eg akkurat gjort unna Living Legend (1989) av George R. White. Boka er basert på artikler fra magasin og intervju med Bo Diddley sjøl. Med andre ord får eg litt følelsen av at den var litt ensidig, for Bo har vel ikkje skylda for nøke, eller? Født i Mississippi i 1928 som Ellas Otha Bates, som vart endra til Ellas McDaniel. Han var vist ein trollmann med hendene, og var den som alle naboane ropte på om noko hadde brøte saman. Han starta tidlig å bygge sine
egne gitara, men trademarket hans vart ein rektangulær Gretsch kall "The Twang Machine". Forøvrig fann han opp mange spesial effekta for gitar som mange tok etter han. Gitaren var ikkje hans første instrument, for det var fele. Og pga den, hevda han sjøl, oppsto det berømte Bo Diddley beatet: "One and two and three and four and one and two and three and four and...". Eit beat som millioner har brukt sidan, og det er akkurat her kjernen ligger med tanke på hans bitterhet. At alle tok etter han og brukte hans beat. Han åpna døra til rocken og slapp alle igjennom, mens han sjøl endte opp med å stå igjen med å holde i håndtaket. Men sjølsagt, det er no meir enn bare det, han gjekk jo på samme smellen som så mange andre farga artista på hans tid: tapt royalties og dårlige managera. Klassisk, hæ? Han var ein ekstremt målretta og hardtarbeidande musiker, og klarte å styre unna ei fallgruve: alkohol og dop. For meg er han ein av dei første, saman med Chuck Berry, gutta som hold på når Jimi Hendrix gjekk i bleier! Under har du eit klipp der han gjer det han kan best: ROCK OUT WITH THE BEAT!

Daniel Smith

Der er mykje spenstig pop og rock der ute, men likevel langt mellom dei skivene som faktisk har 10 bra sanger, i motsetning til dei som faller saman etter 3. Og det som er enda sjeldnere er band/artister som klarer å holde på oppmerksomheta mi over fleire skiver og år. Daniel Smith er ein av dei for meg. Eg husker så sjukt godt første gangen eg høyrde hans band Danielson Famile på radio i mitt lille gule hus på Espa (du veit: E6 beste boller...). Sangane eg høyrde var Rubbernecker og Runnin To Brother, og eg kunne ikkje tru mine egne øyrer: Dette var jo akkurat slik eg vil ha det! Det er så uforutsigbart som du får pop musikk, uten å måtte leike Residents, og måten han syng på (les: falsett) er til tider veldig krevande for deg som lytter, men det han klarer gang på gang er å skape vakre korte øyblikk som setter alt rundt på plass. Dette er digg indie pop gospel! Gospel fordi han har vore gjennom ei spirituell opppvåkning, men slapp av, overhode ikkje påtrengandes som f.eks Stryper (du veit: To Hell with the Devil:)

Så kven er denne karen? Daniel Smith er fra Clarksboro, New Jersey, og hans første skive kom til som ein del av eit prosjekt på skulen: A Prayer for Every Hour (1994). Han brukte sine søsken som musikanta, trur den yngste var under 10. Ei Ok skive, men har sine store mangler på både lyd og snert. Dei kalla seg Danielson Famile, og neste skive kom ut i 1997, ein dobbel 10" kalla Tell Another Joke at the Ol Choppin Block. Denne skiva anbefaler eg deg å starte med, liker du ikkje denna, kan du bare gå tilbake til Slade samlinga di!Og det stoppa ikkje der, dei gav ut 3 skiver til, den siste i 2001. Alle vakre på sin måte. Søskena vaks til, fekk egne liv og det vart til slutt vanskelig å få organisert konserter og innspelinger. Så det resulterte i at han starta som solo artist under navnet Br. Danielson. Joda, fortsatt veldig bra, meeeen ikkje like sterkt gjennomføring når det kjem til heile skiva. Derfor var gleda stor da han lanserte sitt 3je prosjekt kalla Danielson. Dette er han saman med venner som Sufjan Stevens, Deerhoof og Half Handed Cloud. Rett og slett ei sjukt bra skive!!!!! Løp og kjøp Ships (2006) i dag! Så no driver eg bare dank og venter spent på fortsettelsen.

Danielson - Did I Step on Your Trompet


Danielson Famile - Idiot Boksen (ingen skrivefeil, han er gift med ei fra Hamar, kun 20 min fra Espa)


Danielson - Blood Book on a Half Shell