17.09.2011

Jean Stanback


For oss soul fanatics så er det ei uendelig mengde med så kalla Northern Soul compilations der ute som skal være stappa med feite gløymde soul sanger. Eg har pløgd meg gjennom ei heil rekke av disse dei siste åra, men eg har jo skjønt etterkvart at det er ein grunn til at dei fleste sangane har blitt glømt av og havna i kategorien sjeldne: det er jo stort sett jævla møkka sanga som ikkje holder mål. Men så dukker jo det opp artister som rett og slett slår meg rett ut, og gir meg på nytt pågangsmot til å lide meg gjennom den eine dritt samleskiva etter den andre. Og ein av dei artistane er Jean Stanback, min nye soul favoritt! Ho gav ut den første 7" på Dave Godins Deep Soul label i 1969 (?). Det er ikkje så mykje informasjon å finne om ho, og sjølv om ho gav ut ein 7" på ein britisk label så er ho fra USA. Og slik eg har forstått det så gav ho kun ut ein 7" til på Mankind i 1970. Er det virkelig mulig? Å være født med denne stemma og kun gi ut to skiver? Uansett, singelen If I Ever Needed Love / I Still Love You skal anskaffast og havner i min soul jukebox, men kanskje litt drøyt at dei går for $ 200 på eBay!

Jean Stanback - I Still Love You

16.09.2011

Alabama Shakes

Endelig har dei sløppe deira debut ep, stikk hit og last den ned for kun $ 4, det er da omtrent usle 22 kroner for 4 deilige sanger. Og har du akkurat fått lønn er det mulig å gi litt ekstra. Skiva har rusla og spønne her i gården i nokre dager, og eg kan ikkje sjå korleis eg skal bli lei av dette, men det sniker seg inn eit par spørsmål: kva meir har vi i vente? Er dette kun starten på eit langt forhold? Eller har dei svidd av alt kruttet allereie?
Skiva er visst ei av dei mest nedlasta via bandcamp for øyeblikket. Det er jaggu meg fortjent. Hold det ekte sei no ej!

15.09.2011

Triakel - Tusen Tankar

Folkemusikk? Da e jo pop musikk da! Konserten dei hadde på Mir var rett og slett ubeskrivelig vakker. Anbefaler dykk å få med deg Triakel live ved neste anledning. Pompeorgel, fele og vakker sang er alt eg treng. Det er ikkje mange band som topper dette, men det finnes, men dei fortjener eit eget innlegg her på denne kloggen, for den musikken er virkelig Soul For Sjela mi.

Notekillers

Sangen Clock Wise minner meg litt om Polvo, men ein viktig forskjellen er at Clock Wise vart snekra saman før gutta i Polvo var født eller hadde røkke å krabba ut av bleiene. Notekillers oppstod i 1976 i Philadelphia, og bestod av ein gjeng som hadde hang på samme musikksmak: frijazz, punk, reggae, psykodelia. Så da var det bare å kræmme alle stilartane saman og håpe på det beste. Gitt ut skiva Notekillers som består av sanger fra perioden 1977 - 1981. Absolutt verdt å sjekke inn. Gutta er visst fortsatt aktive og spelar konserter i ny og sne.



Lana Del Rey - Blue Jeans

Kven er ho? Dette er jo fabelaktig musikk, og ein av mine to lesera har akkurat gitt meg feedback om sangen Video Games og digga den rått, og da rekner eg med Blue Jeans også faller i smak.
Lana Del Rey er 24 år, kjem fra New York, og 7" med Video Games / Blue Jeans er tilgjengelig den 9 oktober. Ekke så vanskeli å falle pladask, esse!

14.09.2011

Trio - Bye Bye

Jøss, det er jo så masse nytt snadder fra Trio på youtube, anbefaler å sjekke ut klippa fra Jugendzentrum Bramsche bei Osnabrück fra 1981, så vil du få eit lite inntrykk av kor snåle dei va. Eg meina: kven spelar Purple Haze åleine menst dei 2 andre rigger opp eit ping pong bord og tar ein omgang? Skulle virkelig ønske eg hadde fått med meg eit av deira show når dei var på sitt beste på starten av 80-tallet. Uansett, Bye Bye har alltid vore ein av mine favoritter, så jævla cheezy vettdu!

Whitehouse

Wow, glad min bror ikkje spela i ditta bandet og eg var tvungen til å støtte opp og lide meg igjennom deira releasekonsert. Men eg må sei vokalisten ser jo ut som ein underholdandes kar. Godt mulig han bare trenger ein kort tur på do.

Tinariwen

Dette er så sjukt vakkert at til og med dei to mongos fra TV On The Radio ikkje klarer å søle det til. Anbefaler virkelig Tinariwens siste skive Tassili som kom i august. Sørgelig nok hadde eg ikkje mulighet til å sjå dei på Cosmopolite på lørdagen som var. Var det noko bra, ell?

13.09.2011

11.09.2011

James Carr

Einaste kjente live footage (fra 60-tallet) av den virkelige kongen av soul. Yep, eg innrømmer det, han er den beste. Otis Redding, Sam Cooke og Ray Charles må plent finne seg i å stille seg bak i køa som Mr. Carr leder ann. Klippet er fra BBC serien SOUL DEEP: The Story Of Black Popular Music. Ein digg DVD box med 6 timer om korleis soul musikken oppstod.
Sjekk eit tidligere innslag på denne kloggen om James Carr her.