02.06.2010

Lenge sidan sist....

....men slik blir det med slipp av eiga skive, basselusker i longene samt at eg ikkje har funne så masse å snakke heim om. Til no:)

Først ut er Scary Mansion fra Brooklyn. Miks av fake/ekte instrumenter kan fort skli ut og låte bajas, men ikkje disse da dei har klart å bevare nerven i sangane. Og når eg snakker om nerven så går det ut på at dei gjer ting på ein måte som fenger meg, men eg klarer ikkje heilt å sette tåa på kva, dei har kontroll og eg føler aldri at dei kan tippe den gale veien. Ein del av æra skal sjølsagt vokalist Leah Hayes vakre skjøre stemme ha. Liker også at dei ikkje er så forutsigbare som du først skulle tru, med andre ord: dei veit å skygge unna Thom Hell syndromet.

Scary Mansion - Over the weekend




Neste band ut er Parlovr fra Montreal, og dette er akkurat det eg trengte her eg ligger og er litt pjusken: indie! Disse må vel bli store, eller? Arcade Fire har jo rota seg vekk, så noko anna må jo vel ta over snart! Definitivt ei skive eg skal kose meg med i sommer. Dess så har eg ikkje fått skiva mi enda så eg får lagt ut mp3s, og det er også skralt med videoer ute, så eg anbefaler at du stikker innom deira myspace side.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar