11.01.2012

Tune Yards


Min partnerinkindness Herr Zahl Urke tipza meg om dette prosjektet som tar utgangspunkt i Merrill Garbus verden. Her er det trommeloops, ukulele, bass, trommer, perkusjon og sang som gjelder. Eg liker.

Nick Waterhouse


Jau, detta kan no eg også like. Ein kvit tass som har lært seg igjennom å lytte. Catchy sang, bra arra og lyden er jo veldig kul då. Faktisk mykje bedre enn det artister som Charles Bradley og Sharon Jones har karra til seg.

Some Place by Nick Waterhouse

Baby Go To Sleep - Heartbeat Musical Therapy


Som nokon kanskje har fått med seg så bruker eg mest tid på å jage og lese om soul musikk, og i boka Music Fell On Alabama (C.S. Fuqua) så kom eg over Terry Woodford (producer, publisher, recording engineer, låtskriver, musiker) som har ei lang liste med hits bak seg med folk/band som The Supremes, The Temptations, Jimmy Buffet + + + +, og han vart tatt opp i Musicians Hall Of Fame i 2009, med andre ord: RESPEKT! I 1985 fekk han ei utfordring fra ein barnehage om å lage musikk som hjalp kidsa til å falle til ro og sovne kjappere når det var tid for ein blund. Hans ide var å ta opp hjerteslag og bruke det som rytme saman med tradisjonelle barnesangar. Sangane vart testa ut på nyfødte på eit sjukehus, og testen viste at 94 % av dei skrikande ongane roa seg ned etter 2 minutter!! Dette endra Terry Woodfords liv, og i 1987 trakk han seg tilbake fra musikk bransjen for å dedikere sitt liv til "heartbeat lullabies". I dag har hans skiver solgt i fleire millioner eksemplar, og er tatt i bruk av over 8000 sjukehus. Så, når den neste som eg kjenner får ein kidd så skal denne plata testast ut!

Baby Go To Sleep - Are You Sleeping?

Bardo Pond

WOW, dette kom brått på meg! Dont Know About You er ein av dei sangane som har ein sound med hårete vreng som eg digger max. Sangen har masse morro i seg bare du husker å drite i naboane eit lite augneblunk og drar på med masse lyd på anlegget ditt. Og da meiner eg stereo-anlegget ditt og ikkje dritt maskina di med crappy høgtalera eller den jævla jålete smart telefonen din!! Eg har virkelig ikkje peiling på kven Bardo Pond er og har gjort fra seg her i livet, min inngang var ein kommentar fra Thursten Moore ang. skiva med s/t som kom i 2010: "one of the coolest records. Og da må ein sjølvsagt sjekke det ut. Eg veit ikkje heilt kvifor eg gjer det kvar gang eg ser Herr Moore uttaler seg, for eg liker virkelig ikkje Sonic Youth, hmmm. Sånn er det å bli påvirka av møkka folk i møkka blad, eller kanskje eg gjer det fordi han liker Øystein Sunde?? Uansett, eg ser no at bandet starta opp i dei tider eg spelte i cover band og radbrekka CCR sanger: 1991. Dei har mange LPer og EPer bak seg, men det får så være for eg skal definitivt starte jakta med med skiva med samme navn som bandet: Bardo Pondo!!
Bardo Pond - Dont Know About You

Davila 666

  
Det første ein legger merke til er den kjipe bøttelyden på trommene, og eg var vel egentlig på vei avgårde til noko anna da gitar-stikket kom skjerandes og gav lovnad om noko meir om ein gadd å fullføre sangen. Absolutt verdt det. Davila 666 er eit band fra Puerto Rico, og blander alt fra garage til lettere pop materiale, alt pakka inn i tidsriktig virre lyd. Eit band som har vore på veien med både The Black Lips og King Khan, og dei skal vist ha eit meget fett live show med dansera, kostymer og diverse andre effekter.