Viser innlegg med etiketten parlovr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten parlovr. Vis alle innlegg

26.10.2010

Parlovr

Parlovr er endelig tilbake med nytt materiale. Dei er i disse dager ute med EPn Hell/Heaven/Big/Love. Sjekk ut fleire sanga fra deira debutalbum fra 2008 her

Parlovr - Hell, heaven

19.06.2010

Parlovr

Har endelig fått tak i skiva til Parlovr (uttales parlour), og den skuffa absolutt ikkje. Jaudå, skiva er stappa med kjente Montreal hooks, arrangement og lyder som fører deg tilbake nokre indie år. Men likevel så låter det utrolig friskt, skiva er stappa med solide låter som har eit lydbilde som inviterer deg heilt inn. Eg har forstått det slik at dei oppstod som eit motstykke til alle dei overbefolka banda (les: Arcade Fire), og det er fasinerandes korleis 3 personer klarer å fylle rommet kun med trommer, gitar og keyboard. Albumet kom først ut i 2008, før det vart snappa opp av Dine Alone Records som har gitt den ut på nytt.

Parlovr - Pen to the Paper


Parlovr - Sandwalking


Parlovr - Sleeping Horses

02.06.2010

Lenge sidan sist....

....men slik blir det med slipp av eiga skive, basselusker i longene samt at eg ikkje har funne så masse å snakke heim om. Til no:)

Først ut er Scary Mansion fra Brooklyn. Miks av fake/ekte instrumenter kan fort skli ut og låte bajas, men ikkje disse da dei har klart å bevare nerven i sangane. Og når eg snakker om nerven så går det ut på at dei gjer ting på ein måte som fenger meg, men eg klarer ikkje heilt å sette tåa på kva, dei har kontroll og eg føler aldri at dei kan tippe den gale veien. Ein del av æra skal sjølsagt vokalist Leah Hayes vakre skjøre stemme ha. Liker også at dei ikkje er så forutsigbare som du først skulle tru, med andre ord: dei veit å skygge unna Thom Hell syndromet.

Scary Mansion - Over the weekend




Neste band ut er Parlovr fra Montreal, og dette er akkurat det eg trengte her eg ligger og er litt pjusken: indie! Disse må vel bli store, eller? Arcade Fire har jo rota seg vekk, så noko anna må jo vel ta over snart! Definitivt ei skive eg skal kose meg med i sommer. Dess så har eg ikkje fått skiva mi enda så eg får lagt ut mp3s, og det er også skralt med videoer ute, så eg anbefaler at du stikker innom deira myspace side.