06.07.2011

Lee Moses


Steik, no er eg inn i ein god steam med å komme over nye soul favoritter. Det er jo så morro, det blir jo aldri tomt. Og denne gangen er det Lee Moses (1941 - 1997) fra Atlanta, ein gitarist og vokalist med power. Og lyden er akkurat så gritty som det er forventa det skal være for å få igjennom sårheten. Vakkert. Sangen har absolutt alt eg forlanger av ein soul sang for å få stempelet KLASSIKER. Castle Music samla alle hans innspillinger på ei skive i 2007: Time And Place. Skive akkurat kjøpt på eBay. Det kribler i magan, for eg skal ha dette på ørene når eg rusler gatelangs.

Irma Thomas - Down On Muscle Shoals


Her skulle dei prøve å gjenskape suksessen som Stax hadde hatt med deep southern soul. Og eg skjønner ikkje folk som synes at dette ikkje er noko av det bedre ho gjorde (høi, du måkje gløyme det fæle 70-tallet), og eg er sjølvsagt klar over at det er dei tidligere skivene fra New Orleans ho er mest kjent for. Uansett, fantastisk sang, og eg synes dei gjorde ein god jobb med å oppnå det dei skulle.

05.07.2011

Bo Diddley - Mona (live)

Min favoritt versjon av denne klassikeren. Som da sjølsagt ikkje er ein Buddy Holly sang, han covra den i 1957 (samme året Bo Diddley spelt den inn), men aldri gitt den ut. Hæ, sjølvaste Mr. Holly var ein av Bos beundrera! Han er jo ikkje The Originator for ingenting.

Demo hjørnet

Eg har alltid vore glad i å komme over demo versjoner av sanger eg synes er flotte i utgangspunktet. Dei kan ofte være sparsomme når det kjem til instrument bruk, men dei har desto meir tilstedeværelse og nerve. Eg har lagt ved to gode dømer på kva eg meinar.

Songs:Ohia - I Made The Change (Ive Been Riding With The Ghost)
 

David Bowie - Quicksand

By Coastal Cafe


Detta er snop for diehard fans av lo-fi pop skrammel. Detta er gjort på samme måte som opphavet: korte sanger, vaklande utførelse, sjitti utstyr og billige opptaksmuligheter (kassettspelar, diktafon, 4-spors...). Svensk / Britisk duo: Martin Lija og Marilyn Petridean. I perioden 1996 - 2000 gav dei ut ei rekke 7", og Earsugar samla dei alle i utgivelsen Old Cartoon på CD, som er utforma som ei barnebok med hardcover. Ein av dei vakraste CD covra eg har sett. Etter bruddet starta Martin opp bandet Rider i NYC med ei jente eg ikkje huska navnet på. Gav ut ein fantastisk 7" på Kitchen Records. Den er så bra at den skal eg rippe og få lasta opp nokre snutter om ikkje alt for lenge. Han flytta så videre til London, der han sammen med Marilyn og Amy Giunta starta bandet Moth And Command. Akkurat det prosjektet forstår eg ikkje, og det framstår som kjedelig og flatt.

By Coastal cafe - Death By Train


By Coastal Cafe - Think Young


04.07.2011

Bloody Beach

Ah, endelig eit band som liker å kikke rundt hjørne etter kva muligheter som bryr seg. Eit band som liker å overraske, rote rundt med gritty lyd, balanserer mellom det uklare og det som er catchy. Gutta fra Bergen har alt å vinne. Har så langt gitt ut Bonanza ep og Quembo Que? (7"), om du søker på groove.no så vil du kunne laste ned sjiten gratis.

Sagor & Swing

Er inne i ein stim der gamle favoritt skiver dukker opp på uvante plasser, og i dag sklei ei skive med Sagor & Swing ut av ei bok som eg ikkje skal nevne tittel på. Dette er deilig trollete natur musikk basert kun på orgel og trommer. Dei er sjølsagt svenske: Ulf Möller (trommer) og Eric Malmberg (orgel, synth). Dei gav ut 4 skiver i perioden 2001 - 2004. Mi favoritt skive er Melodier och Fåglar.


Mike Millers fotbass


Erre muli? Detta er jo akkurat det eg har vøre på leit etter: ein bass du kan spele på med beina samtidig som du spelar på ein gitar. Litt info fra salgsavdelinga:
BE YOUR OWN BASS MAN
Totally new concept in playing.
Amaze friends and audiences.
Make extra MONEY.
Makes singles sound like duos and duos like trios.
Be more valuable as a sideman.
Anyone who chords Guitar can play the FOOT BASS.