24.09.2012

Dr Hook & The Medicine Show

OK, no er det kanskje ikkje så masse pga. musikken eg lar meg sjarmere av disse gutta. Men eg klarer bare ikkje å la være å smile når eg ser footage av disse gutta fra når dei var på topp på 70-tallet. Eg har 2 DVD med live konserter som er bare utrolig morsomme, gutta er så jævla høge, overbrisne, glad i livet og dønn useriøse. Men eg har alltid digga stemmene til Ray Sawyer (han med sjørøverlappen) og Dennis Locorriere. Her er gutta på ein eller annan flyplass og drar igjennom Life Aint Easy, og kom ikkje og sei at det skorter på innlevelse, bare sjekk ut Ray.




Keith Moon

Du har kanskje lurt på korleis Keith Moon gjorde det på skulen? Sjekk kommentar om korleis han gjorde det i Art:)

Bo Diddley

Det kan aldri bli for masse Bo, slik er det bare. Akkurat no sitter eg og høyrer på ein bootleg som kom ut på 70 tallet og som går under tittelen Spring Weekend 1959, og eg som trudde at Beach Party var det ultimate av råskap!! Alltid fett å høyre live opptak av Bo, og for deg som vart nyfiken er det bare å komme deg på nettet så får du nok høyrt kva dette egentlig dreier seg om. Eller du kan sjekke ut den korte men flotte snutten under fra eit eller anna TV show.

01.10.12: Give Me A Break, fra TV-showet Shindig fra 18 august 1965. I tillegg spelte han også You Cant Judge A Book By Its Cover.


Sommerferien er visst over

Jævla til mas då! Jaudå eg veit det er folk som følger denne kloggen fast fra både inn og utland. Lite høyrer eg fra dykk utanom når dykk synes eg har hatt for lang ferie, eller prøver å tipse meg om dritt musikk. Erru ikkje nøgd kan du dynke deg bak og finne deg ein annan plass som får deg til å høyre heime. OK?

Så var det sommeren som sklei forbi, og eg må innrømme at eg har vore i ekstra godt humør stort sette heile ferien. For fyrste gang har eg hygga meg massos på Øyafestivalen, Charles Bradley og Sudan Dudan var årsaken til akkurat det (+ eit artistpass fra SD). Men ikkje nok med det, for det som virkelig gjorde susen var Bøgrend Autofest, ein festival som mjukar meg opp og gir meg store smil same kor eg snur meg. Dette er festivalen eg virkelig kan slappe heilt av med. Ingen trengsel, ingen kø, ein festival som faktisk gir meg nytt vennskap med geniale følk som er like fasinert av dette stedet som meg. OK, så er eg ikkje heilt subjektiv, men dette er faktisk min favoritt festival. Erru dritt lei dei store broiler festivalane med 0,4 til kr. 70, ei brus for kr. 40, og der det som oftast er iallefall 3000 for mange pipete tenåringer, så er det bare å legge turen innom ein nedlagt bensinstasjon i Bøgrend i tjukkaste Telemark. Det er Havresekken som står bak festivalen, så du veit at det er alltid artister som du vil få med deg, alltid!!! glimrande lyd, max 450 gjester per dag, eget øll kalla Oljesøl (+ snadder som Nøgne Ø ++), hjorteburger, heimestappa pølser +++ samt at du er omgitt av folk som faktisk bryr seg om deg. Og eg digger at det faktisk bare er 1 scene! Eg overnatta i eit nedlagt grendahus for kr. 500 fra torsdag til søndag, der vertskapet var innom kvar dag for å sjekke om det stod bra til med oss. Forøvrig var det første som møtte meg ei stor skål med kondomer og masse tørkepapir. Rekner med lokalfølket har lest om at på festival kan det blitt mykje av det meste. Og morgon stellet tok vi sjølvsagt i Vinjevatn, som har ei halvøy beståandes av den diggaste sanden du kan tenke deg (noko ala Aya Napa tidlig 80-tallet). Eg er frelst, og eg skal aldri gå glipp av ein Bøgrend Autofest igjen, som eg gjorde i 2011. Og artister sei du? Kva med Blåmann Blåmann, Odd Nordstoga, Pete Berry and the Shake Set, Katzenjammer, Amund Maarud, for bare å nevne nokre få høgdepunkta. Det er vanskelig å beskrive den følelsen Bøgrend gir meg, eg trur kanskje Andy Kaufman er inne på det.


Alabama Shakes

Eg lengter etter å få sett Alabama Shakes i levande live. Synes det er rart at ingen i Norge har fått foten og har hatt lyst til å presentere dei på ein elle annan festival, for det er jo virkelig da dei er på sitt beste. Bare sjekk den offisielle videoen til Hold On, som sjølvsagt er gjort live og ekte.


You See Me Laughing

Har fått heilt dilla på denne dokumentaren om hill country bluesmenn som har holdt musikken sin levandes via små juke-joints i Mississippi. Er du opptatt av blues, så har du ikkje noko anna valg ann at denne må sjåast! Du finner den under fordelt over 4 snutter. Vi snakker Jr Kimbrough, T-Model Ford, DL Burnside ++++ mange fleire.








Little Boxes

Denne lille tassen av ein sang har vore ein favoritt sidan eg såg nokre sesonger av Weeds før det daua av og pissa på seg sjølv. Little Boxes var introsangen, og det som eg likte var at det ofte var nye variasjoner av ulike artister. Heilt fram til no har det vore Devendra Banhart sin versjon fra skiva Song Of America (2007) som har vore min favoritt. Hans versjon er ein seig skakk laidback variant der han har strekt den til rundt 4 minutter. Sangen er ein original av Malvina Reynolds fra 1962 (forøvrig ein hit for Pete Seeger i 1963). Ho var ein protest sanger som fekk inspirasjon til denne sangen da ho kjørte gjennom Daly City (Ca) og måtte få ut sin frustrasjon fra alle dei monotone forstadane som bestod av identiske hus pakka på rekke og rad. Begrepet "Ticky - tacky*" er mynta på dei dårlige byggemateriala som vart benytta for å holde kostnaden nede. Forøvrig kan det også nevnast at Malvina Reynolds står bak hitten Morningtown Ride med The Seekers. Uansett, min nye favoritt av Little Boxes er det bandet Walk Off The Earth som står bak. Dette er eit indie band fra Ontario (Canada) som starta opp i 2006. Dette bandet herja på youtube i nokre år der dei er kjent for å lage lo-fi videoer med cover av kjente og egne sanger posta på youtube. Dei har fått ein stor fanskare, og dei har hatt ingen hjelp fra booking følk og masete management. Siste nytt er at det viser seg at det lønner seg å stå på, for dei er visst signert med Colombian Records. Bare så synd at det dei er best på er å lage deilige tolkninger av kjente sanger, original materiale er dess ikkje verdt å nevne. Sjekk ut videoen, den er perfekt til ein sang som LIttle Boxes. Sjekk gjerne ut bakomvideoen for korleis det heile vart til.

* : sleazy or shoddy material used especially in the construction of look-alike tract houses.