01.04.2012

The Vondelles - Hey Girl Youve Changed

Veit ikkje ein skjit om detta bandet, men denna sangen her er jo bare så utrolig smittandes, får meg til å smile når denne pomper ut på anlegget og bandet kicker inn på 00:08. Og eit stort pluss for at det vanskelig å få det meir skranglat.

Night Beats


Det føles kanskje som det begynner å flyte over av denna typen skrangle orkester: skakkegitarer, vintage utstyr, reverb, flegmatisk attityd. Men denna trioen fra Seattle har det lille ekstra synes no eg, deira styrke er at dei høyres ut som eit resultat fra ein heftig orgie mellom Creedence Clearwater og 13th Floor Elevators.

Suicide

MIR er plassen når eg skal læpse og kun slappe heilt av, men det må leggast til at eg ofte lar meg forstyrre av DJ kvelder der trykkbølger med dritt blir spredd til mine hårrørs celler. Og DJens promillenivå er proporsjonal med volumet, med andre ord: jævla unødvendig. Uansett, eg satt no å skrangla på min faste plass, det var fredag og eg har lagt bak meg ei meget produktiv uke på jobben, som igjen var årsaken til at eg kan rangle byen med god samvittighet. Så da kom den første SMS av mange den kvelden, fra ei kjerring eg trudde var meg forbi, med masse gnål om den eine og det andre, så om det ikkje var nok dukka ei anna kjerring opp på MIR som eg ikkje har sett på minst 10 år, og som eg overhode ikkje hadde noko behov for å åformellepreikemed, og det var da eg tenkte: så, det er ein slik dag i kveld. Det var da det skjedde, med masse volum, fyrste gangen eg høyrde Suicide med sangen Cheree. Det gav meg ein følelse av lettelse, det var bare å pakke saman å komme seg videre. Når det gjelder musikken så har eg alltid vore ein sucker for ting som starter og holder det gåandes med eit enkelt orgeltema som ligger i bunnen og binder det heile saman. Dette samanlikner eg med det beste fra Trio. Utrolig at dette er fra 1977, fantastisk lydbilde. Eg skjønner ikkje dei som går for eit klinisk sterilt kaldt lydbilde, som Fred "Tiny" Ball og og wannabe Rune Larsen speedfreaklookalike Zetlitz. Suicide var visst starten på heile røkla med Soft Cell, Erasure osv osv....

King Charles

Det har vore ei stund sidan eg har hørt noko fra den kanten. Eg har funne ut at eg foretrekker hans små live sessions med kun han og ein gitar. Studio versjonane av sangane har ofte eit småkjipt drag over seg, skulle ønske han kunne holde det meir ekte enn å dra på med unødige detaljer, og ved mangel på noko anna prøve å fikse det med fjong lyd. Her er Mr. Cool sin versjon av Impending Doom fra Songs From The Shed Sessions. Sjekk ein tidligere klogg for meir lyd med bevegande bilder.

Algiers

Har endelig fått Blood 7" i posten! Eg er jo glad i soul og gospel, og få detta kombinert med eit meir moderande uttrykk gjer meg varm i kroppen. Eg gleder meg til fortsettelsen!