24.04.2012

Field Recordings Of Hawaiian Slack Key


Første klogg i dag er nøke eg har fått dilla på den siste uke: slack key. Det er Hawaiian versjon av gitarspel med åpen kord, og dette er virkelig soul for sjela. Disse opptaka er fra 70-tallet, men eg har ikkje oversikt over kva sangane heiter eller kven som framfører dei. Ikkje så farlig, for det er egentlig bare å lene seg tilbake å slappe heilt av.







King Krule









Luther Ingram

Luther Ingram (1937 - 07) er kanskje ikkje eit navn du høyrer bli nevnt ofte, men eg er sikker på du har hørt hans monster hot (If Loving You Is Wrong) I Dont Want To Be Right fra 1972. Av og til føles det trygt å også høyre på dei meir klassiske soul sangane, og denne live versjonen, muligens fra Wattstax, er perfekt for meg. Glimrande lyd!

Heartless Bastards


Forelskelse ved første lydtrykk, Erika Wennerstroms stemme er så full av spor fra god smak, av den typen som gjer det verdt å høyre på sjølv om eg i utgangspunktet skulle vøre skeptisk. Garage band fra Cincinnati......du veit.......løkhauda i Black Keys som eg las dei vart samanlikna med....skjønner..? Derfor var det utrolig digg når Parted Ways kom skliandes ut av høgtalerane, smooth som faen, streit på den måten at det er ingen vits i å gjere det til noko arbeid, kvifor skulle dei det? Dei har jo Erika! Dei har så langt gitt ut 4 skiver, den første i 2005 og den siste akkurat ute no: Arrow. Dei 3 første skivene har eit meir klassiskt rocke trio uttrykk, og der er nok av feite sanger på alle skivene, men kvar for seg litt enkle?? Den siste skiva Arrow har eit meir detaljert lydbilde, og ein meir slack western feel over heile skiva. Etter å ha hørt den var min første tanke at dette er skiva Neil Young aldri kjem til å lage, men betyr det nøke?

Hanatarash

Precious Bryant

Eg har tidligere skreve om skiva Fire In My Bones, ei fantastisk skive med gamal gospel. Og det var på denna skiva eg først høyrde Precious Bryant (04.01.48, Talbot County, Georgia) med sangen When The Saints Go Marching In, kva kan eg sei anna enn at ho setter følelser i sving. Eg veit ikkje så mykje om ho utenom dei to soloskivene Fool Me Good (2002) og The Truth (2005) og at ho spela Piedmont fingerstyle.
 
When The Saints Go Marching In - Precious Bryant


Nina Simone

Når det kjem til artister som Bob Dylan og Leonard Cohen så har eg stort sett alltid foretrøkke original versjonane framfor dei tolka. Men det skjer, og soundtracket til filmen Im Not There er eit godt døme på det, og ikkje minst denne fantastiske versjonen av Suzanne med Nina Simone.