05.06.2010

Levek

Av og til kjem ein over musikk som gjer meg nyfiken på "kven, kva og kvifor?" om dei som har gjort det. Levek er ein av dei artistane. Dette er 21 år gamle David Levesque bosatt i Florida. Det er ikkje så masse info å finne om han på nettet, men han vart født i Oman og flytta til Orlando som 8-åring. Han hørte for det meste på musikken til foreldra (Beach Boys, Bob Dylan o.l.), og såg hovedsaklig på gamle Disney filmer. Har laga musikk på fritida i ca 1,5 år, og kjører til daglig ein skulebuss! Eg sendte han ein epost og spurte om kor eg får skaffa skiver av han, og fekk til svar at han enda ikkje har fått gitt ut noko da han fortsatt er i oppstartsfasa med det å utvikle seg som låtskriver. Men han sendte meg ei lenke til mediafire kor eg kunne laste ned 6 låter!! Ein mann etter min smak:) Har ikkje tenkt å seia så masse om musikken, du får sjekka det ut sjøl. Blir spanande å sjå kor dette bærer hen om nokre år. Eg skal sjølsagt følge med og halde dykk oppdatert!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar