01.12.2010

Young @ Heart Chorus


Heilt sidan eg vart tipsa av Erling Z Urke om filmen DIG!,  fekk eg dilla på musikk dokumentara. Og dei siste åra har samlinga mi blitt fyldig med masse rare historier som er underholdande og inspirerande. Og no har eg fått ein ny favoritt om eit kor fra Northampton, MA, beståandes av pensjonista fra 71 - 92 år! Men dei synger ikkje sanger fra si eiga ungdomstid, her er det snakk om: Sonic Youth, Talking Heads, Coldplay, The Clash, Ramones, James Brown etc etc. Walter Georges dokumentar fra 2007 er heilt fantastisk, det er lenge sidan eg har blitt så rørt etter å ha sett ein dokumentar. Og om nokon trur det er bra fordi det er bare søtt at det er gamlinger som synger hippe låter, så tar dei feil, for dette handler om så mykje meir. Her er det snakk om livsglede, respekt, humor og ulike kropslige plager, alvorlige sjukdommer og død.  Når det kjem til framførelse så er det lenge sidan eg har sett nokon gjera det med ein slik entusiasme, det er ikkje vanskelig å sjå at dei legger heile sjela si i sangane. Young@Heart  koret vart starta opp i 1982 av Bob Cilman, han er ein yngre kar som velger låter og er ansvarlig med å få alle på rett spor. Eg hadde ALDRI takla å håndtert dette, for du må ha milevis med tålmodighet. Det er nok med utfordringer som rytmeforståelse, skrantane helse og ikkje minst det å huske tekster.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar