27.10.2010

Donny Hathaway

Fleire av dykk veit jo eg er fole glad i soul, og no har vi kome til ein kar som eg synes har samme kvaliteter som Sam Cooke når det kjem til synging. Forskjellen er at Donny Hathaway lena seg meir mot djæssi soul sanger, ala masse av det Ray Charles har vore kjent for. Er meget glad i Ray også, men blir litt lei av stemma hans over tid, det skjer ikkje når det gjelder Donny, der er det som oftest arrangementa som kan bli for masse. Liker definitivt best dei som er heilt enkle, og som gir rom til stemma hans. For den er faen meg heilt fantastisk! Normalt er eg litt skeptisk til easy listening musikk, men kan du synge så når du fram til dei nervestrengane som gir deg støtte på veien. Kven er så denne karen? Starta sjølsagt å synge i kirka i Chicago, lærte seg å spille piano i tidlig alder, noko som la grunnlaget for at han vart ein annerkjent låtskriver, studiomusiker pg produsent. Han har bidratt på skiver til Staple Singers, Aretha Franklin, The Impressions, Curtis Mayfield, Jerry Butler.....osv osv. Han starta etterkvart på si eiga solo karriere med skiva Everything Is Everything (1970), og gav ut yttligere 5 skiver før han daua så alt for tidlig i 1979, kun 33 år gamal. Han fikk mentale problemer og hevda at:"white people were trying to kill me and had connected my brain to a machine, for the purpose of stealing my music." Han vart funnen på fortauet nedanfor hans leilighet i 15 etasje. Donny Hathaway har influert artister som Alicia Keys (legg merke til introen på A Song For You, høyres det kjent ut?), Beyonce, Stevie Wonder og Usher for å nevne nokre. Anbefalte skiver er Everything Is Everything (1970), Live (1972) og These Songs For You, Live! (2004).

Donny Hathaway - Jealous Guy


Donny Hathaway - He aint heavy, hes my brother


Donny Hathaway - A song for you

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar