15.04.2010

Le Loup

For ei par år sidan kom eg over ei skive kalla The Throne of the Third Heaven of the Nations Millenium General Assembly (2007, Memphis Industries) av og med Le Loup. Eit einmannsband beståande av Sam Simkoff. Sjølsagt spelt inn på soverommet. Men det høyres absolutt ikkje ut slik det bruker å være fra den delen av huset: "lo-fi 4 track recorder type of sound". Denne skiva låter gromt, banjo (som eg normalt hata), synther, loops, samples etc etc....rett og slett ei spanande og orginal skive. Ei skive eg trudde eg ikkje skulle gløyme av, til eg fann ut at dei gav ut skiva Family i fjor. Og denne gangen med band! Det er fortsatt Simkoff som er sjefen, men no har låtane rett og slett lagt på seg meir groove og spenst!

Le Loup - Forgive me

Le Loup - "Forgive Me" from hardly art on Vimeo.

Le Loup - Grows (live AON session)

AON Sessions: Le Loup, "Grow" from All Our Noise on Vimeo.


Le Loup -  We are Gods! We are Wolves! (live @ Floating Fest)

Le Loup from Boston Phoenix on Vimeo.

13.04.2010

Songs in the key of Z

Av og til føles det godt å sette på musikk som høyres litt rart ut, men likevel har musikken ein harmoni som treffer mine strenga. Musikk som føles som eit nullpunkt. Som f.eks. Trio med Stephan Remmler i føringa (du husker kanskje: Da Da Da - ich lieb dich nicht du liebst mich nicht aha aha aha). Har sjølsagt alle skivene på vinyl! Eit anna band som eg liker er The Moon Riders, nokre kule japanera. Det var faktisk Rob Zabrecky fra Possum Dixon som tipsa meg om dei (RØLE NO!). Veit ikkje så masse om dei, da det meste står på japansk, men har klart å karra til meg 2 skiver som er til tider veldig bra. Må innrømme at det lukter Devo lang vei, men pytt no i det: "Funky papa, crazy mama, macho baby, jub jub jub up!"

The moon Riders - Jub Up Family 


Neste band ut er Suburban Lawns fra California (1978 - 1983). Dei hadde kanskje vore streite hakje det vøre for vokalisten Su Tissue. Når ho starter med sine Yoko Ono utbrudd så kan eg ikkje gjere anna enn å dra på smilebåndet. Ho er ein av dei raraste frontfigurane eg har sett på ei stund. Du veit dei som er det i form av seg sjøl, og ikkje behøver å måtte fyre av ein rakett fra ræva.

Suburban Lawns - Janitor


Neste band ut er noko heilt for seg sjøl: The Shaggs. Bandet består av søstrene Wiggin, og oppsto i New Hampshire i 1968. Etter at mora hadde drømt at ongane ville "...rise to stardom", kjøpte faren musikkutstyr og fekk dei til å øve. Dei holdt det faktisk gåandes til 1975, og musikken er vel noko av det mest antikommerse du kan komme over. Eg kan ikkje skjønne noko anna enn at musikken er eit resultat av null input. 100% orginalt!

The Shaggs - Philosophy of the world

11.04.2010

Blues for sjela

Held på å ser Martin Scorsese presents the Blues, og eg blir rett og slett bombardert med artister som eg overhode ikkje he hørt om før, og da er det bare å sette seg ned med youtube for å sjå kva som finnes, og dei leverer som vanlig varene og gir oss tilgang på skatter som dette:

Skip James - Crow Jane (1967)


Bukka White - Aberdeen Mississippi Blues