30.06.2010

The Zookeepers

The Zookeepers fra Boston består av 4 unge gutter med lopper i blodet. Dei debuterte med The Frenchman i 2007. Ei klassisk DIY lo-fi pop/rock skive, og nett som Ween har dei masse humor, men veit å ikkje dra det for langt så musikken ikkje havna i andre rekke. Dei er i disse dager ute med skiva Good Looking Out, deira 8ande utgivelse!! Det er morro å høyre korleis dei har utvikla seg på disse få åra: sangane er bedre produsert og arrangert, dei har gått til anskaffelse av bedre utstyr til opptak og etter kvart fått ei god samling med instrumenter som fyller deira lydbilde godt. Du kan sjøl sjekke ut og laste ned skivene deira gratis eller donere nokre spenn her.

The Zookeepers - Lady Gaga


29.06.2010

Woods

Woods (Brooklyn, NY) er eit band for dei som liker små psykidelisk lo-fi pop. Eg har alltid lika lyden deira, men tidligere skiver som Songs of Shame har kanskje mangla litt når det gjelder å få satt saman nok gode sanger til å vare ei heile skive. Dette har dei no gjort noko med, og deira nye skive At Echoe Lakes inneholder nok variasjon til at eg aldri dovner av.

Woods - Blood Dries Darker

Harlem Shakes

Harlem Shakes (Brooklyn, NY) er eit band som oppstod i 2006, gav ut sin første EP Burning Birthdays i 2007 og har rukket og turnert med band som Deerhoof, Vampire Weekends, Beirut og Arctic Monkeys. Gav ut debut albumet Technicolor Health i 2009. Eit album spekka med solide pop låter.