23.01.2011

Mashup av Otis Redding??


Ok, må innrømme at eg var litt skeptisk, greit nok at du kan drive å rote rundt med musikken til The Beatles, Beach Boys, Beastie Boys osv...men Otis Redding? Du kan no sjekke ut sjølv korleis det høyres ut saman med James Brown (DJ Zebra) eller M.I.A. (ToToM). Så ka syns du?

Otis Redding / James Brown - Hard To Pay Back


Otis Redding / M.I.A

DJ BC and The Beastles


Er det harry å digge mashups? Ikkje det at det betyr noko asso, men eg finner det utrolig underholdande å høyre mine favoritt artista kobla saman. Og no er vi komen til DJ BC, og han liker å bruke tia på å sette saman Beatles og Beastie Boys. Og no snakkar vi DJ som noko meir enn ein som lappar med seg maskina og blafrer seg igjennom iTunes biblioteket, for så å gå rundt og mase til seg oppmerksomhet. DJ BC er Bob Cronin, også kalla Bostons Best Lawbreaker, eg anbefaler absolutt å sjekk ut hans andre prosjekter som Wu Orleans (Wu Tang Clan +  musikk fra New Orleans) eller Glassmaster (Phillip Glass +  diverse andre artister).

Beach Boys Instrumental Hits (1962 - 1969)

Eg er ein stor fan av Beach Boys, men eg må ha det i små doser. Eg blir fort lei av allle ooooo og aaaaa harmonier som fyller dei fleste sangane deira, derfor var det utrolig morro å komme over skiva Instrumental Hits som er fri for vokaler. Denne samleskiva kom ut i Japan og vart satt saman av musikeren Tatsuro Yamashita. Alle vokalane tar fort for mykje oppmerksomhet og det som skjer av instrumentale sprell kan være vanskelig å få med seg. Uansett, det sporet som eg kicka mest på inneholder kun Dennis Wilsons trommer, eg har ikkje peiling på kva sang trommespora har blitt henta fra. Høgdepunktet er når han legger inn skarptromma etter å ha rota rundt på tammane. Forøvrig kan eg også anbefale skiva Stack-O-Tracks, den inneholder alle kjente hitsa uten vokal, karaoke eller?
Hmmm, kom til å tenke på at Dennis vart ikkje alltid brukt i studio da bandet som oftest var på veien mens Dr. Syre var støkk i studio og prøvde å lage noko som skulle overgå The Beatles. Så da kan det faktisk være trommis Hal Blaine vi høyrer. 

Beach Boys - Dennis Drums