15.10.2011

Danger Mouse & Daniele Luppi ft. Norah Jones - Black



Ai Phoenix

Bandet som starta opp i 1997 har no røkke å gitt ut nokre skiver, dei fleste rimelig kjedelige, men i 2003 måtta det ha vøre noko spesielt i lufta som resulterte i skiva Ive Been Gone - Letter One på Racing Junior. Ei fantastisk skive om du digger "lavmælt, mollstemt stemningsrock", der sangen Call Me In, Piccard er skivas høgdepunkt.
Ei skive som ein kan gire ned på, og la Mona Mørks stemme forføre deg inn i drømmeland.

Kenny Rogers and the First Edition

The First Editions versjon av Mel Tillis klassiker Ruby, Dont Take Your Love To Town har alltid vøre min favoritt, sjølv om eg må inrømme at Casino Steel sto og pissa og Gary Holton sin versjon ekkje så ille den heller. Orginal versjonen av sangen kom ut i 1967 med Johnny Darrell, dette var samme året som The First Edition starta opp, men sangen vart ikkje kjent før i 1969 når den vart covra av nettopp Kenny og gutta, og som vart deira endelige gjennombrudd. Mel Tillis baserte sangen på eit eldre ektepar som levde i samme område som han i Florida. Dei traff kvarandre under den 2 verdenskrig når han vart skada i kamp i Tyskland og vart sendt til England for pleie, og endte da sjølsagt opp med å gifte seg med ei av sjukesøstrene som jobba på sjukehuset. Dei valgte å flytte til Florida, men problemer med skadene fra krigen gjorde at han ofte måtte leggast inn på sjukehus. Og når han låg der brukte hans kone å treffe ein annan mann. Mel Tillis har endra litt på historia, blant anna har han lagt handlinga til Korea krigen, samt at det i hans tekst blir sønge: "And if I could move I'd get my gun and put her in the ground". I virkeligheten tok mannen livet av kona. Sangen kom ut under Vietnam krigen og skapte kontroverser pga. den joviale måten dei framførte sangen på, og mange meinte sangen var respektlaus overfor krigsveteraner.

"Look, we don’t see ourselves as politicians, even if a lot of pop groups think they are in the running for a Presidential nomination. We are there, primarily, to entertain. Now if we can entertain by providing thought-provoking songs, then that’s all to the good. But the guys who said 'Ruby' was about Vietnam were way off target – it was about Korea. But whatever the message, and however you interpret it, fact is that we wouldn’t have looked at it if it hadn’t been a GOOD song. Just wanna make good records, that’s all." - Kenny Rogers

Leonard Cohen

05:40

Butthole Surfers

Mitt forhold til Butthole Surfers har handla mest om historiene om dei, og ikkje så mykje om musikken. Men dette opptaket fra Bremen (1987) synes eg er veldig tøft, og det var vel på tide å finne ut meir. Det første eg fann ut var at dei har hatt eit samarbeid med Yoko Ono, øh? Og ho har vel aldri hørtes bedre ut enn dette.



Elizabeth Cotten - Freight Train

Elizabeth "Libba" Cotten (Carrboro, North Carolina, 1895 - 1987) skreiv denne sangen når ho var 10 - 11 år gamal. Ho lærte seg først å traktere brorens banjo når ho var lita, og når ho gjekk over til gitar brukte ho ein for høgrehendte men snudd om da ho er lefty, men ho strenga ikkje om. Ho utvikla sin egen signatur picking der ho spelte melodi med tommelen og basslinjene med fingrane. Denna alternative bass stilen er blitt kjent som "Cotten picking". Freight Train er ein vakker sang, og versjonen under gjer meg rørt.

12.10.2011

BOOTLEG: Velvet Underground - The Legendary Guitar Amp Tapes (1968 - 1969)


Yepp, slik høyres det ut når du stapper ein mikk i ampen til Lou Reed, og der resten av bandet høyres fortapt ut i bakgrunnen. Faktisk ganske så snedigt! Og eg synes det rocker som faen!

Velvet Underground - I Cant Stand It


Velvet Undergound - What Goes On

Lee Moses

Kanskje det var nokon som fekk med seg min forrige klogg om denne fabelaktige mannen og lurer på om han hadde meir rå soul sanger å by på? JAU! det har han, men ikkje flust av dei. Skiva Time And Place samler alle hans sanger som har blitt gitt ut, og den skiva er merkelig og inneholder rare og kjipe versjoner av sanger som Hey Joe, California Dreaming og Dark End Of The Street. Men heldigvis er der nok gull til at denne skiva er absolutt ein favoritt hos meg, bare sjekk ut How Much Longer (Must I Wait).