30.03.2010

Howlin Wolf

Rart med det, korleis ein endrer smak proporsjonalt med levde år. Frå å kun høyre på klassisk rock, videre til alternativ og indie musikk, til å sneie meir og meir innom soul musikk, og da måtte det vel skje til slutt at eg også skulle bli bitt av blues basillen. Eg hater den sirompa bluesen representert av BB King, har alltid hatt meir sans for den som groover og maler på som eit lokomotiv. Gode eksempler på dette er Ton-Ton Macoute! med Johnny Jenkins  eller King of the 12 String Guitar med Leadbelly. Men det beste døme står Howlin Wolf (1910 - 1976)for, og da synes eg du skal starte med Howlin Wolf / Moanin in the Moonlight som er ei CD skive med 2 av hans første album. Det er noko med hans musikk som gjer noko som eg ikkje har opplevd med andre skiver før: skremt!! Eg veit ikkje kor mange ganger eg har løge på sofaen og snooza med Howlin Wolf på anlegget, for så å våkne med eit rykk og lure på kva i helsike det er som skjer. Føler meg like smart kvar gang det går opp for meg at eg kun har blitt utsatt for eit av Howlin Wolfs "evil howlin". Andre faktora som gjer denne musikken verdt å sjekke ut er Hubert Sumlins gitarlinjer. Sjelden han drar korder da han liker seg best med å dra sololinjer under vokalen. Slike detaljer gjer meg rett og slett i godt humør. Howlin Wolf er bokstavelig talt ein kjempe når det kjem til blues som betyr noko: det er rått, skummelt, autoritært, følsomt, og du føler Satan sjøl er tilstede.

Howlin Wolf - Forty Four