19.03.2010

AY! AY! AY!

Erre muli? Disse snuttane som eg har lagt ut i dag fann eg i går, og disse opptaka fra 1967 har eg vore på leit etter i lang tid. Endelig har nokon fått kloa i dei og har nerver nok til å legge dei ut, for desse har definitivt blitt skaffa på ulovlig vis! Dette er Stax dynamitt! Og det er sjølsagt sjølvaste Booker T and the MGs som backer Sam & Dave og Otis Redding. Først ut er Sam & Dave med ein killer av ein sang: You dont know like I know.



Eg skjønner godt at Otis Redding ga klar beskjed til sin manager at dette er siste gang han er på veien med Sam & Dave. Det er vel ikkje det enklaste å å skulle gå på og toppe 30 minutter med høgoktansoul fra Sam & Dave. Noko dei 2 var fullstendig klar over, og gav alltid det lille ekstra så Big O måtte jobbe hardt for lønna si. Knall sei no eg. Her går Otis Redding hardt ut med Satisfaction, før han tar den ned med Try a Little Tenderness.

17.03.2010

Happy Birthday...

.....og da meiner eg bandet fra Vermont som består av Kyle Thomas, Chris Weisman og Ruthie Garbus. Stort meir veit eg ikkje om dei, utenom at eg digger debut skiva som kom 16 mars på Sub Pop.



Girls FM


15.03.2010

Robert Normann

Eg har no spelt gitar i over 20 år, og har aldri kome lenger enn til å spele enkel rytme gitar, og no er det vel egentlig for seint å tru at det skal være mulig å bli ein trollmann på gitar. Men dette tar ikkje frå meg gleda når det kjem til å sjå og høyre dei som virkelig kan å håndtere ein gitar. Mine første minner om ein gitarist fekk eg via NRK sine repriser fra pauseinnslag fra tidlig 70-tallet. Eg husker godt at eg syntes det var utrolig stili å følge med fingrane hans som sprang så lett over strengane, også var det eit groove (string swing?) i sangane som det var enkelt å vugge stortåa etter. Det var først når eg kom over ein DVD kalla Shine i 2006 at eg forstod samanhengen. Gitaristens navna var Robert Normann, og eg kan ikkje skjønne noko anna enn at han må vel være norsk jazz best bevarte hemmelighet. Akkurat det kan no henge saman med at han levde tilbaketrukket og skydde pressa. Knut Borgen kalla han jazzens Grete Garbo! Legg forøvrig merke til gitaren hans, ein Rayhorn-O-Seven!!! Laga av Robert Normann og Rudi Kreul (fiolinmaker ved Hornås Musikk, Oslo) Målet var å lage ein gitar som kunne matche Gretsch. Gitaren vart produsert i Milano på ZeroSette-fabrikken. Prisen vart dessverre for høg, og det vart kun produsert ca. 50 stk. Har du ein, så kjøper eg den! Gå inn på min profil og send meg ei melding!

Previews fra Shine