25.10.2010

Anti Poison Slammer

Eg var på Revolver på lørdag ifb med plateselskapet Tonehjulet Kräftpest sitt slepp av samleskiva "I Dont Wanna Be A Part Of Your So Called Punk". Ein kveld stappa med punk, reagge og hardcore. Ein bra kveld med ålreit standard på banda, men det var spesielt eitt band som stakk seg ut: Anti Poison Slammer. Ein indierock trio bestånde av ein trommis som ser gal ut, ei jente på vokal og bass og ein gitarist med masse pedaler.  Dei hadde ein utrolig deilig sjarm med masse energi. Er jaggu lenge sidan eg har kosa meg så masse på ein konsert med eit norsk band. Er faktisk litt usikker på dei har gitt ut noko så langt, og den einaste låta eg har er fra samleskiva. Den er nok ikkje den beste sangen, men gir deg iallefall ein peikepinne på kva slags musikk dei har å by på. Om du har mulighet så anbefaler eg deg å få sett dei live.

Anti Poison Slammer - Fold The Curl

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar