02.05.2010

Dette er også Beach Boys


Er rimelig lei av dei tidlige hitsa, og vart meget opprømt da eg endelig plukka opp Smiley Smile / Wild Honey (1967 - two-LP-on-one-CD compilation fra 2001). AllMusicGuide kalla det uprentiøs psykidelia, noko som eg er einig i, men skivene er også så mykje meir. Det høyres ut som dei har pause sidan Brian surra rundt i syreland, og dei bare tulla rundt i studio. Sangar som har oppstått pga kreativitet på avveie, kjedsomhet, samhold, humor og stadig på leit etter den eine lyden. Smiley Smile er skiva som kom ut da prosjektet Smile havarerte. Smile var skiva som skulle overgå Pet Sounds. Så skuffelsen blant fansa var stor da den kom ut, du kan no forestille deg sjøl etter å ha masa deg igjennom Pet Sounds, dei venta vel på noko ala Sgt. Pepper. Skiva inneholder hits som Good Vibration og Heroes & Villains, men også meir ukjente spor som smygeren Wonderful, den tullete Vegetables (med Paul McCartney som knasker på grønnsaker), Gettin Hungry med sitt fete refreng som passer perfekt å ha på full guffe i ein gamal Citroen på full guffe på vei til Moss, også må vi for all del ikkje gløyme av With Me Tonight med sine vakre vokal harmonier.

På Wild Honey hadde Brian Wilson trukket seg meir tilbake, og dei starta å spele sine egne instrument igjen i studio, noko dei ikkje hadde gjort sidan 1963. Skiva har ingen Good Vibration å by på, den mest kjente er vel Wild Honey. Og når eg tenker over det, så er det ikkje så masse meir som er spanande på denne skiva, Brian er jo ute så kva er tilbake av Beach Boys då? Grunnen til at du skal plukke opp denne 2-i-1 skiva er at den inneholder alternative versjoner av Good Vibrations og Heroes and Villains, samt Your Welcome som er ein a capella med klassiske Beach Boys harmonier.  Dette er sangen som ønsker deg velkomen når eg har daua.

Gettin Hungry


You´re Welcome


Wonderful


Wind Chimes

Bow Wow Wow

Eg innrømme det glatt, eg har atter eingang søtte og rota vekk tid på youtube, og kom over denne klassikeren som eg hadde heilt gløymt av. Denne fekk ein snurr i speleren kvar dag da eg bodde i Arendal. Tru meg, på dei kantane treng du det: Go Wild In The Country!! Vi snakkar Top Of The Pops i 1982. Malcolm McLaren (RIP) hadde sjølsagt noko med dette bandet å gjere. Forøvrig ei meget kul basslinje på låta, spesielt refrenget.

Hjálmar

Ja kvifor ikkje, islandsk reggae passer perfekt på ein søndags kveld, etter ein lang dag med digg sol. Her har du Ég Vil Fá Mér Kærustu. Lurer på om vokalisten har støkke av frå Aukrust senteret.

Mitt nye favoritt band!

No har eg i fleire uker lytta kontinuerlig på Titus Andronicus 2 skiver: The Monitor og The Airing of the Grievances. Det har virkelig balla på seg, det rett og slett heilt fantastisk. Dei får virkelig The Navigators til å høyres ut som MeatLoaf!!! Og det som er enda bedre, eg har akkurat fått fingrane på ein 12" med livespor fra London som skal være ellevill. Når eg kan rippe vinyl, lover eg å legge ut skiva. Muligens eg må stikke til London den 25 mai, det er tross alt på bursdagen min!