05.06.2010

Levek

Av og til kjem ein over musikk som gjer meg nyfiken på "kven, kva og kvifor?" om dei som har gjort det. Levek er ein av dei artistane. Dette er 21 år gamle David Levesque bosatt i Florida. Det er ikkje så masse info å finne om han på nettet, men han vart født i Oman og flytta til Orlando som 8-åring. Han hørte for det meste på musikken til foreldra (Beach Boys, Bob Dylan o.l.), og såg hovedsaklig på gamle Disney filmer. Har laga musikk på fritida i ca 1,5 år, og kjører til daglig ein skulebuss! Eg sendte han ein epost og spurte om kor eg får skaffa skiver av han, og fekk til svar at han enda ikkje har fått gitt ut noko da han fortsatt er i oppstartsfasa med det å utvikle seg som låtskriver. Men han sendte meg ei lenke til mediafire kor eg kunne laste ned 6 låter!! Ein mann etter min smak:) Har ikkje tenkt å seia så masse om musikken, du får sjekka det ut sjøl. Blir spanande å sjå kor dette bærer hen om nokre år. Eg skal sjølsagt følge med og halde dykk oppdatert!



04.06.2010

Slow Animal

Slow Animal er ein duo fra New Jersey og dei definerer seg sjøl som eit garage/JAM-band, og det er vel egentlig ein presis beskrivelse. Det florerer jo med band som speler denne typen musikk (distorta lyd, lo-fi, korte sanga, "simplicity is genious"- tilnærming, catchy) og ikkje alle lykkes like bra som f.eks. Times New Viking eller Wavves, men Slow Animal føles så langt hakke bedre ut enn ovennevnte band, så no gjenstår det å høyre om dei klarer å fylle ei heil skive! 4 sanga til gratis nedlasting her.

02.06.2010

Lenge sidan sist....

....men slik blir det med slipp av eiga skive, basselusker i longene samt at eg ikkje har funne så masse å snakke heim om. Til no:)

Først ut er Scary Mansion fra Brooklyn. Miks av fake/ekte instrumenter kan fort skli ut og låte bajas, men ikkje disse da dei har klart å bevare nerven i sangane. Og når eg snakker om nerven så går det ut på at dei gjer ting på ein måte som fenger meg, men eg klarer ikkje heilt å sette tåa på kva, dei har kontroll og eg føler aldri at dei kan tippe den gale veien. Ein del av æra skal sjølsagt vokalist Leah Hayes vakre skjøre stemme ha. Liker også at dei ikkje er så forutsigbare som du først skulle tru, med andre ord: dei veit å skygge unna Thom Hell syndromet.

Scary Mansion - Over the weekend




Neste band ut er Parlovr fra Montreal, og dette er akkurat det eg trengte her eg ligger og er litt pjusken: indie! Disse må vel bli store, eller? Arcade Fire har jo rota seg vekk, så noko anna må jo vel ta over snart! Definitivt ei skive eg skal kose meg med i sommer. Dess så har eg ikkje fått skiva mi enda så eg får lagt ut mp3s, og det er også skralt med videoer ute, så eg anbefaler at du stikker innom deira myspace side.