04.10.2011

INXS

Min første konsert eg skaffa på VHS var INXS Live Baby Live fra Wembley i 1991. Michael Hutchence hadde ei glimrande stemme og var ein perfekt frontfigur. Never Tear Us Apart er mi favoritt låt fra den flotte skiva Kick som kom ut for 24 år sidan!!

The Thai Tims

Utrolig sjarmerande. Eg bare digger kids som synger i skrangle kor, og detta er jo spes med The Thai Tims som syng Celtics versjon av Just Cant Get Enough (Depeche Mode). Dette gir meg The Langley School Music Project vibber. Alt er perfekt, til og med den sure gitaren. The Thai Tims er ein del av The Good Child Foundation som sørger for at barn med downs syndrom i Chanthaburi (Thailand) får lære å lese og skrive. Gå hit for meir info om The Thai Tims.

Detta er jo jaggu som min kvardag på jobben.

Unknown Mortal Orchestra - Ffunny Ffrends

02.10.2011

The Worlds Most Recorded Drummer!


Korleis er det mulig å gløyme av Bernard Purdie når det kjem til mine favoritt trommiser? Eg er jo svak for Buddy Rich og hans speed trommesoloer og hans artisteri, Al Jackson (Booker T & the MGs) fordi han virkelig er The Human Timer, men når det kjem til å sette sitt preg på musikk historia ved å være innovativ så er jo Bernard Purdi # 1 for meg. For det finnes vel ikkje meir laidback og kul stil enn hans, og om eg nokon gang skulle ha gått i lære så skulle det vore hos han. Bernard Purdie (1939) har spelt med dei alle: BB King, Aretha Franklin, Miles Davis, James Brown, Dizzy Gillespie, King Curtis, Steely Dan und so weiter.......Det er eitt ord som oppsumerer hans stil: GROOVES. Kvar gang eg kjem over trommiser eg digger så tenker eg alltid: Tenk kva denna mannen kunna utretta om han hadde sløppe til i The Beatles! Jaudå, eg veit, Ringo er no sikkert ein hyggelig kar, men vi alle veit han var det svakaste leddet, og som bassisten sa: han er ikkje den beste trommisen i The Beatles eingang.
Bernard Purdies trommespor har blitt sampla utallige ganger, kvar trur du intro på Devils Haircut med Beck kjem frå? Hæ? Denna mannen har tonnevis med sjarm, bare sjekk ut det første klippet der han gir ei innføring i The Purdie Shuffle. Eit beat som John Bonham har benytta i bl.a Fool In The Rain.





P:ano

P:ano rakk å gi ut 3 skiver før dei ga seg for nokre år sidan, og 2 av dei er skiver eg alltid ender opp med å returnere til: Brigadoon og Ghost Pirates Without Heads. Anbefalast om du liker vimsete pop musikk med rare arrangement, lyder og fine påfunn.

Andres Segovia

Har alltid likt klangen fra klassisk gitar, og eg synes det er fasinerandes å sjå kva dyktige folk får til med ein gitar, og legenden Andres Segovia (1893 - 1987) fra spania er sett på som den moderne klassiske gitarens far. Han var den som brakte klassisk gitar inn på dei annerkjente konsertsalane, og som fekk komponister til å skrive musikk for gitar.

The Vipers Skiffle Group

"If I was aware of Bill Haley & Elvis Presley, it was something that didn't appeal to me. Even now, very strange, I can't take Presley. And I always thought Bill Haley looked like a bundle of shit tied up. I didn't really go for his music. I suppose I was pretty much a musical snob." -Wally Whyton of The Vipers

Ha ha, dette kan eg like. Gruppa som oppstod samme året som debut skiva til Elvis kom ut (1956), og som gav ut 6 singler  i løpet av det første året, der Dont Rock Me Daddy-O var singel nr. 2. Gruppa var opprinnelig ein trio beståandes av gitarsitane og vokalistane Wally Whyton, Johnny Martyn Booker og Jean Van den Bosch og til slutt kom John Pilgrim diltandes etter med vaskebrettet sitt. Dette utgjorde kjerna i åra som kom, og som ein kuriositet kan det nevnast at både Hank Marvin, Tony Meehan og Jet Harris har spelt med The Vipers Skiffle Group. Dette er folka som vart ein del av The Shadows.

Alabama Shakes

Enda eit veldig bra live opptak fra detta herlige bandet. Eg lengter allerede etter ei heil skive, ein ep med 4 spor er litt for lite når det er så bra. Brittany Howard har ei perfekt stemme for denne typen musikk, og i god gamal soul tradisjon kjører dei korte sanger på skiva og lange versjoner live. You Aint Alone er eit perfekt eksempel på dette, og eg håper virkelig at eg får muligheten til å oppleve dei i levande live ein gang.