27.04.2010

GG Allin

Ka fanken kan ein sei anna enn: GALSKAP! Ikkje faen om eg higer etter eit liv som GG levde, men det er uansett fasinerande å høyre og sjå personer som gir så totalt faen. Det er dette som er deathpunk for meg, og ikkje dissa klovnane i Turboneger. Anbefaler filmen Hated som følger GG Allin og hans band Murder Junkies. Men bør ikkje sjåast når du fortærer din middag (sikkert Grandiosa), for her er det blod, spytt, avføring og piss det går i, og ja sjølsagt mengder med dop, politi, groupies og krangling og slåssing på scena. Det er musikk for scumfucks, freaksa som ikkje passa inn nokon anna plass. Det er hysterisk morsomt, og uendelig tragisk. Dette er bandet som DD Ramones skulle turnere med, han hoppa av etter ei par dager på veien. Det forteller vel det meste. GG Allin satte ein dato der han skulle gjere sjølmord på scena, han skulle skyte seg. Datoen kom, men ingenting skjedde da han satt i fengsel pga sjuke stunts på scena. Han dauda sjølsagt seinere av ei overdose. Anbefaler også boka I Was a Murder Junkie (the last days of GG Allin) skrevet av Evan Cohen som fulgte dei på turne. Det er ikkje store boka, kun 120 sider, men den er bare heilt ute, og boka The Dirt (Motley Crue) når ikkje The Murder Junkies til anklane engang.

25.04.2010

The Ukulele Orchestra of Great Britain

Wuthering Heights er ei av mange perler fra Kate Bush. Rekner med at ho er nøgd at eit slikt orkester tolka ho. Tatt fra DVDen Anarchy in Ukulele. Greia er at dei tolker pop/rock sanger, og slike band dukker opp i ny og ne med vekslande hell. Det som skiller UOoGB fra resten er at dei har humor og sjarm på den rette måten.