25.10.2010

Soul for Sjela er endelig tilbake

Hei alle saman. Pga teknisk tullball vart det vanskli å få flytta bloggen så eg gir blanke jammer og slår meg til ro med å bruke blogspot videre, sjølv om den ikkje har dei beste løsningane så er den iallefall gratis, faktisk så har det skrangla inn nokre kroner vi reklame. Vel, uansett, no er eg tilbake og SoulForSjela skal bli oppdatert sånn ca 2-3 ganger i uka.

Først ut er The Staple Singers og nokre spor fra deira fantastiske utgivelse på Epic fra 1965 spelt inn live i Chicago New Nazareth Church: Freedom Highway. Dette er ei skive eg har vore på leit etter lenge, men den har desverre ikkje blitt gitt ut på CD, og det har vore vanskelig å finne eit ex som var NM. Du må ikkje blande saman med skiva Freedom Highway på CD som Legacy gav ut i 1991, for den inneholder kun 2 sanger fra live skiva, og resten er studio opptak fra andre Epic innspelingar, det er bra det og, men ikkje bra nok.

Freedom Highway vart mi favoritt gospel skive etter første gjennomlytting. Denne skiva overgår andre såkalla gullkorn som Shakin the Rafters av og med Abyssinian Baptist Gospel Choire eller Pastor T.L Barrett si skive Like A Ship....(without a sail). Det som skiller denne skiva fra andre gospel skiver er at Roebeck "Pops" Staples svampete blues gitar, samt dei ekstremt tette harmoniane skapt av hans 4 barn: Mavis, Cleotha, Pervis og Yvonne, der sjølsagt Mavis er den store stjerna når det kjem til vokal prestasjoner. Andre element som gjer dette til ei glede å høyra på er at bandet også består av ein groovy trommis og ein på ståbass (har ikkje klart å spore opp kven dette er). No har eg ikkje kleia meg til å få ordna utstyr til å rippe vinyl skiver, så eg slenger med dei 2 spora som finnes på Legacy utgivelsen.  

The Staple Singers - Freedom Highway


The Staple Singers - What You Gonna Do

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar