27.05.2012

Caveman

Deira debut skive CoCo Beware har så langt blitt spelt 57 ganger i min heim, og det er lenge sidan eg har kome over ei skive der (nesten) samtlige sanger sitter. Sangen Vampirer kunne dei jaggu meg ha gjøymt vekk, den er så sjitti at den har ingen betydning. Kan bare ikkje skjønne at disse gutta ikkje er like store som Coldplay, og på lik linje med Alabama Shakes så er dei knapt nevnt i Norge. Kjem sikkert på Øya Festivalen neste år, om dei då ikkje har stappa agendaen med sine greatest hits flashback.

 

Bombino

Harlem Shakes

Dykk har vel skjønt at detta bandet er ein av mine absolutte favoritter når det kjem til det utdaterte begrepet indie. Så herved lanserer eg eit nytt: FLAIRPOP. Med andre ord musikk stikk i strid med Kukk Nilsens uttalelse om at alt ikkje behøver å være fancy. Det eg forventer er at musikken skal by på seg sjølv, og at den alltid skal søke etter kva som ligger rundt neste sving og kartet som viser vei skal sjølvsagt være stappa med detaljer. Pop.