04.08.2011

On Purpose

I motsetning til Kukk Nilsen så liker eg musikk som er fancy, stappa med detaljer, band som stadig pusher seg sjølv til å overraske og som gir blanke faen i den raude tråden og popformelen som Ravi driver å maser om. For meg handler det om å være tilstede der og da. Her er litt info fra gutta sjølve:
we recorded this in a basement on long island in the summer, 2010. it explores foreground music (as opposed to background), our obsession with irony, and our difficulty with sincerity.
Stikk hit og sjekk ut fleire flotte sanger.



Ghost Outfit

Dette er ein duo fra Manchester, og eg liker dei på samme måte som eg liker By Coastal Cafe: langt der inne høyrer eg Beatles, Beach Boys og Ramones. Videoen til Cough inngår i deira ukentlige Young Ghost Weekly Video Thang, sjekk her for fleire fete sanger og trippy videoer.

Cough from Ghost Outfit on Vimeo.

Death Grips


Wow, dette er merkelig greier som eg ikkje klarer å slutte å høyre på, det er noko forstyrra over det heile som kiler seg fast i barken. Du kan laste ned Ex-Military Mixtape her.

(Gotta Get Some Action) NOW!


Alltid like trøtt i tryne den første arbeidsuka etter ferie, og for å gjere meg klar setter eg på denne for å booste meg opp. Steik, dette er tøffe saker, dette var den gang da The Hellacopters sparka balle. Sangen er henta fra den dobble 7" med samme navn og som kom ut i 1996 på White Jazz. Digger lyden, det høyres ut som bandet er på vei å sprenge seg ut av høgtalerane. Såg dei på John Dee i 1997 (?), og eg vart heilt satt ut for eg hadde ikkje hørt ein tøddel før dei drog igang maskineriet og kjørte over oss 40 som hadde dukka opp på giggen. Var ein stor fan nokre år etter dette, men etter som åra gjekk vart lyden meir strigla og låtane meir tamme.