13.12.2011

Juleferie!!

Beklager at det har vore lite nytt her inne på SoulForSjela dei siste ukene, eg har vore bizzie: cause Im a rebel, but I didnt know it. Samt at DivShare har problemer med sin spelar så eg får ikkje lasta opp sanger og lagt dei ut, forhåpentligvis er dette fiksa om ikkje alt for lenge. Men eg tar no juleferie, og dette blir dei siste orda eg gidder å skrive i 2011! Vi sjåast åt i januar 2012, og da har eg masse fine sanger rippa fra mi eiga vinylsamling som eg er sikker på at akkurat DU vil like.

Tenkte det passa bra med å runde av med Little John Cash, han er sånn ca. 7 år!

Swell Maps


Ajajaj, kva skjedde? Kvifor ikkje før no? Erre mulig at dette kom ut for over 30 år sidan? Av og til så kjem eg heldigvis over band som eg veit med ein gang at dette blir eit forhold som varer livet ut. Dette bandet har alt som eg søker etter: fantastisk lyd som overgår det meste som kom ut i overgangen 70/80-tallet, fantastiske sanger med krumspring på alle dei riktige plassane, humor (bare sjekk ut sangen Steven Does), melodier (sjølv om dei er godt gjøymde) og at dei gav seg på topp med kun 2 langspelera (+ ei rekke med 7"): A Trip To Marineville (1979) og Jane From Occupied Europe (1980). Bandet vart satt saman av brødrene Kevin og Adrian Godfrey tidlig på 70-tallet i Birmingham, UK. Nokon kjenner dei kanskje igjen som Epic Soundtracks og Nikki Sudden?? Førebilda var alt mellom T-Rex til krautrock band som Can, og da er det kanskje ikkje så rart at ein ender opp med noko som høyres friskt og orginalt ut. Skjønner godt at band som Pavement og Sonic Youth har blitt påvirka av Swell Maps. Eit fantastisk band som eg elsker av heile mitt hjarte!



Eg liker alltid å ha noko skeiv/punkete/catchy/bråkete/skabbete sanger som passer perfekt til inngangen av helger stappa med fyll og faenskap, og no når The Black Lips har klart å pissa på seg sjølv (fy faen kor skuff den siste skiva var!!) er Fidlar mitt nye håp.




Sungha Jung

Sungha Jung er født i Sør Korea i 1996, og han har ein draum om å bli ein profesjonell gitarist, og med 2 skiver ute allerede med solo-gitar-fingerpickin-style så er han allerede på vei til å nå målet sitt. Eg har heile livet hatt dilla på gitarister som kan det å spele gitar (tenker da ikkje på jålebukker som Keith Richard, Pete Townshend mm), og han lille pjokken her har verden for sine føtter. Eg er mektig imprignert! Og eg blir veldig misunnelig. Dette handler ikkje bare om å øve nok (han mellom 2-3 timer per dag), men å være født med noko grunnleggande som gjer at ting fell ein meir naturlig inn.




Mac Lethal