25.10.2012

Muscle Shoals Sound Studio


Jess Sah Bi & Peter One


Ay, dette er så utrolig fint! Jess og Peter kjem fra Elfenbenskysten, og har på denne utgivelsen fra 1985 kombinert Vest Afrikansk musikk med Amerikansk musikk: country, roots, 70-tallet, Creedence, Simon & Garfunkel, CSNY osv osv osv.......Har dess ikkje peiling på kva sangane handler om.

 

Pale Seas

Eg har no oppdaga at det er jo statistikker for det meste med tanke på trafikk på SoulForSjela. Og eg sjekka kva som var det mest populære kloggen eg har hatt, og det var ein med musikk av og med Pale Seas. Feiandes flott musikk som ikkje prøver alt for mykje. Når det er nevnt så ligger det nok av arbeid bak for at vi nettopp skal oppfatte den slik, håper eg iallefall. Så, nok mumling og meir musikk!

 
 

Bonnie "Prince" Billy - I See A Darkness

Denne nyinnspillinga av I See A Darkness er jo SÅ mykje bedre enn orginalen fra skiva med samme tittel. Den er å finne på EPen Now Heres My Plan og som kom ut i juli i år. Mitt inntrykk av denne skruen har jo vore litt nede, som ein sensitiv idiot. Men liker videoen veldig bra, han ser jo bare heilt konge ut, og det må jo nevnast ein kommentar på youtube: Dr Zoidberg!


Tom Jones

Jau da, eg har jo fått med meg at Tom Jones er i besittelsen av ei fantastisk stemme, men det er lite som virkelig har fenga meg pga kjipe låter med pompøse arrangement. Den einaste som klarer den balansen er Roy Orbison - The Worlds Greatest White Singer! Royeren er vel årsaken til at eg snubla over Tom på youtube, da eg var veldig nyfiken korleis han klarte å håndtere den fantastiske låta In Dreams ("a pop song who broke every rule, and won" - Bono), er det virkelig mulig å tolke den? Eg har enda ikkje hørt ein einaste cover låt av Roys sanger som eg har føretrukket framfor originalen. Tom gjorde forøvrig ein heilt OK jobb med In Dreams, det mest morsomme med snutten eg såg er jo den ulike stilen i framføring mellom dei to. Der Roy knapt nok beveger leppene drar Tom på med fullt gap og invitasjon til å telle tenner. Med tanke på uttrykket "du skal gjere unnskyld også", så er jo det Toms stil å sette alle kroppens muskler i sving for å gi oss lytterane eit ekstra gir for å vise oss at han virkelig meiner det. Det var då eg drog kjensel på ei anna låt med Tom kalla I Believe, var det samme låt som eg håpa på? Sangen er fra 1954 og er skrevet av Erwin Drake, Irvin Graham, Jimmy Shirl og Al Stilman og var ein stor hit for Frankie Lane i 1954. Dette må seiast å vera ein kvasi-religiøs sang forma som ei bønn utan å bruke alle dei forventa hellige orda. Og for ei fantastisk tolkning Tom Jones gjer av denne sangen, og det live fra eit TV show fra 1969. Eg er rett og slett solgt, og fra no av skjønner eg kva det går i, Tom. Fra 01:40 er det bare å skru opp og trykk på fullscreen.


Denne snutten var starten på nokre timer med kosing på nettet etter meir Tom Jones snadder. Må sei at det var ikkje så mykje meir av det gamle som fenga, men kva med det nye? Må sei han virkelig har lykkast med å dra ein JC, bare sjekk ut her.