12.03.2010

YouTube favoritter

Til dags dato har YouTube alltid gitt meg nøke om noko som nokon har gjort og som eg trenger å sjå/høyre. Øh! Som dette live klippet av Ike & Tina Turner, Beat-Club i 71. Eg bare sei: WOW!! Tina ser fantastisk ut, og stemma er så perfekt som det kan bli. Og Ike med band svinger jo langt over snittet.



Neste ut er The Tielman Brothers fra Holland (1960). Det beste innan indorock (ei blanding av indonesisk og vestlig musikk). Disse gutta var faktisk semistore på eit tidspunkt i Europa før Beatles og Rolling Stones. Dette er hærrli rockabilly, hadde det ikkje vore fantastisk å hatt dei opptre i eit hjørne på Teddys? Du synes kanskje det starter litt treigt? Gi det nokre minutter så skal du nok sjå at dei livner til.



Eg må innrømme at eg aldri skulle tru eg nøkon gang kom til å bruke tid på dette bandet: Dr. Hook. For det var jo noko mutter hørte på, heilt til eg fann ut at denne gjengen, med Ray Sawer og Dennis Locorriere i spissen, var spik spænna gærne. Dei syntes rett og slett at livet var ein fest, og slik eg har fortsått det så var dei stort sett høge og drita store deler av 70-tallet. Dette resulterer jo sjølsagt i nokre rare, og veldig morsomme, konserter. Eg mistenker dei for å gjere gigs for eiga underhaldning. Videoen eg har valgt er den kjente Cover Of The Rolling Stone fra Musikladen i 1974. Tekstane på dei 2 første skivene er hovedsakelig skrevet av Shel Silverstein (har bl.a. skrevet A Boy Named Sue), med andre ord går det stort sett i fest, fyll, sex osv osv.... ikkje så ulikt Vassendgutan. Bandet kaller seg forøvrig The Medicine Show. Morsomt å tenke på at dette er ein TV sendt konsert uten publikum i salen!

10.03.2010

James Carr

Som du kan lese på denne bloggen så er det Sam Cookes Live At Harlem Square Club som er mitt valg når det kjem til beste live skiva, og når det kjem til favoritt soul studio album faller valget lett på James Carrs You Got My Mind Messed Up (1966), eit album som Mojo Magazine i 2002 hevda var: "undoubtedly one of the greatest soul albums of all time". Men kven pokker er James Carr? Eg har brukt mang ein time på nettet der eg snoka etter bra gløymd soul, og dette var ei skive eg først kom over for 2 mnd sidan, den 29 januar for å være heilt presis, og i løpet av kort tid har den klora seg forbi favoritter som Otis Blue (1965) med Otis Redding, samle skiva til Candi Statons sanger fra Fame Studios (1969-73) og Arthur Alexanders You Better Move On (1962).

På reissue utgava av You Got My Mind Messed Up (Kent Records) er det totalt 14 sanger, og eg digger alle utenom 1: Korleis er det mulig at Thats What I Want To Know kom med? Ein kjip uptempo anonym jalla sang! Kanskje fordi det er den einaste han skreiv sjøl? MEN dei øvrige 13 er rett og slett heartbreaking, og nett som Live At Harlem Square Club så funker denne skiva til fleire formål: fest og sofakos. Det er noko med den stemma, og når det kjem til soul så har du jaggu tapt om du ikkje framstår som troverdig, og for meg ligger ikkje det i teksten, men i framførelsen. James Carr høyres rett og slett ut som om han har all verdens gjeld på sine skuldre. Mi inkludert. Men slapp av, det er ikkje ei deppe skive av den grunn, til tross for udødelige linjer som "time gonna take its toll" i sangen Dark End Of The Street. Som er ein knockout av ein sang når det kjem til identiteten til James Carr. Dette var sangen som viste at han var meir enn ein Otis Redding sound-alike. Dette er orginalen dei utallige cover versjonane blir målt opp mot. Sangen er skrevet av låtskriver duoen Chips Moman og Dan Penn, to som fortjener meir av rampelyset på lik linje med gutta i Stax. Vel eg skal ikkje gnelle så masse om lyden, men den er sjølsagt ein klassiker verdig: fyldig og godt balansert og plenty med trøkk når det trengs.

Dessverre er det ikkje så masse anna av James Carr som er så genialt. Han gav ut ei skive til i 1968 med ein del fine sanger. Problemet ligger i produksjonen og måten den er arra på. Alt er i hytt og gevær, og det hjelper heller ikkje at han har anskaffa seg nokre slitsomme kor-damer. Så forsvann han og dukka først opp med ei ny skive i 1991, ei som eg ikkje anbefaler da lyden stinker! Årsaken til hans fravær var den klassiske kombinasjonen rus og mentale problemer. Det har vore mange som har prøvd å drage han i studio for å gjere nye sanger, men det hjelper lite når du har ein mann som til tider drifter avgårde i sin egen verden. Han døde av lungekreft i ein alder av 58 år i 2001. Så det så!

Pouring Water On A Drowning Man


Dark End Of The Street

07.03.2010

Utelyd

Det er noko med stemninga med sessions ute i åpe lende, og det er ei fin mulighet å høyre sangar i ei anna drakt. Ta f.eks. Mother Mother, eit indie band fra Canada, som eg egentlig ikkje er noko fan av når det kjem til deira studio album, men eg synes denne versjonen av Polynesia er verdt å få med seg.



First Aid Kit er jo veldig mysigt. Søstrene Söderberg er ute med sitt debut album The Big Black and the Blue i disse dager. Motto: "we aim for the hearts, not the charts!" Her er ein cover av Graham Nashs Simple Man.



PlayingForChange har eit "songs around the world" konsept som gir noko tilbake. Opptak utendørs av forskjellige personer fra ulike deler av verden. Denne gangen har dei gjort ein versjon av Ben E. Kings klassiker Stand By Me. Mine favoritter er sjølsagt gatemusikantane Roger Ridley og Grandpa Elliot.



Canada har gitt oss mange bra indie band dei siste åra, og Clues er ein ny favoritt når det kjem til fiffig pop musikk.

Best Coast

Jaudå, dette minner meg om at årstia heller riktig vei. Best Coast har helter som Beach Boys og Everly Brothers, noko som absolutt kan høyrast. Elsker lyden som er pakka inn i klang, og sjefen Bethany Cosentini har nok karisma til oss alle!


When Im With You

Bullion

Eg har alltid hatt sansen for mashups som The Grey Album med Danger Mouse, Tom Caruanas Wu Tang vs The Beatles og Bullions Pet Sounds: In the key of Dee der han mikser Beach Boys med J Dilla. No er Bullion tilbake med eget materiale, og lyden er som vanlig knall, og eg digger at det alltid er noko uforutsigbart i sikte når han drar igang. Vokalen består av sample fra Klaus Nomi og Leonard Cohen. Så kva er no egentlig dette: big beat psykidelisk funk pop??

Say Goodbye To What?