12.03.2012

Algiers

Er du på nettet og flipper gjennom det eine jævla dritt bandet etter det andre heilt til du får utvikla tunnelsyn, så blir ein av og til kraftig blenda når ein endelig kjem over noko som føles friskt og nytt ut. Algiers er eit slikt band. Dei kjem ut med ein 7" på Double Phantom. Min favoritt er B-sida med sangen Black Eunuch. Dette er bandets beskrivele av sangen: "..gurgles with the tension of punk gospel impotence, billowing to bursting before succumbing to an Axelrod/Greenwood orchestral relent."

Stikk hit og sjekk dei ut!!!!

Campfires

Det første eg fall for var den deilige skakke lyden, detta er jo lo-fi pop psykodelia! Mannen bak heiter Jeff Walls (Portland), og han er ute med ny MC kalla Slaughter Tropes. Stikk hit og sjekk ut fleire sanger og utgivelser.

Pale Seas

Av ein eller anna grunn så minner dette bandet meg om Movietone, kanskje mest pga. at dei gir meg ein nerve som dei fleste andre gitarsubbande banda eg kjem over misser på. Dette er for øyblikket favoritt sangane mine når eg blir lei meg når eg finn ut at det er tomt for øll i kjøleren. Eg synes dette er veldig fin pop musikk. Musikk som er perfekt å slenge seg på sofaen for å fordøye dagens middag.
Følg lenka og sjekk ut 3 nydelige sanger:
Pale Seas - Places to Haunt

Garnet Mimms

Garnet Mimms (1933) har eg alltid syntes har vore litt soft for min smak, men denna live versjonen av As Long As I Have You er jo det masse trøkk i. Bandet som er med på opptaket er fra Skotland og heiter The Senate. Dei var hans faste band på turne på 60-tallet. Garnet Mimms er fortsatt aktiv og kom ut med gospel skiva Is Anybody Out There? i 2007. Forøvrig kan eg legge til at den søkka big time!