22.01.2012

Otto Speedway Action Organ

Jøss, eg ser Otto Speedway Action Organ er tilbake og skal spella på Under Brua Festivalen (Hamar) den 19 august. Hmm, det skulle ikkje ha noko med at Halveis Til Haugesund fyller 20 år? Er han blakk no igjen, ell? Ha, det speler inga roll, for detta skal eg få med meg. Har sett han ein gang før på Kroa i Bø, men fekk kun  med meg dei siste sangane, og det var heilt konge. Eg fekk sjølvsagt med meg etterfesten, og der fekk eg ein demo cd med ei par spor fra det siste han hadde spelt inn (i 1997?), og eg har ikkje peiling på om dei har komen ut i ettertid. Forøvrig er mannen bak OSAO  Geir Birk Nilsen, og har tidligere spelt i band som Russian Amcar Club. Eg kjenner eg gleder meg allereie til august!

The Babies


Cassie Ramone (Vivian Girls) slo seg saman med Kevin Morby (Woods) i 2010 og sånt blir The Babies av. Har ei skive, ei par singlar og ein EP ute, og eg anbefaler absolutt alt. Det er stas med band med variasjon.



  The Babies - Trouble by New Images

Adele

Eg er som dei fleste andre meget glad i Adele, ho har ei stemme som representerer noko anna enn rompepuppeshakin R&B artister i dag som har gløymd å slå av vibratoren. Og dette klippet under er min favoritt versjon av sangen Rolling In The Deep, og dette er ein live versjon fra eit radio program. Rått rett og slett!! Her har NRK og Popsalongen noko å lære når det gjelder opptak av lyd.

Radiofantomene

Det var 2 band som eg hørte gang på gang på starten av 90-tallet, og som var årsaken til mitt farvel til Kiss, TNT og Deep Purple: Barbie Bones og Radiofantomene. Barbie Bones sei jo seg nesten sjølv kvifor ein er fan av, tenk om ei skive som Death In A Rockinghorse Factory hadde kome i dag (med eit litt justert lydbilde)? Det sei seg sjølv, dei hadde rula, for det skal jaggu meg ikkje mykje til for at det skal føles friskt med tanke på det som er i sirkulasjon i dag.Men nok om dei, for det er Radiofantomene eg vil dele med dykk i dag. Eit merkelig band, og på ei dialekt eg ikkje er så super fan av, men som eg kan "gløyme" om det er sjarm inne i bildet. Og det har Radiofantomene plenty av, bare sjekk ut tittelen på skiva fra 1992: Blod, Svette, Sæd & Asfalt! Skiva inneholder knallåter som Søster Sol, Det Ekje Så Lett, Smil og ikkje minst Spandabel med den klassiske linja: "eg e bror til Robin Hood, eg e sønn av Mor Therese, Jesus e min onkel og Fantomet e min far". Hjerna bak bandet er Roaren (Roar Ruus Finsås), som du kanskje har kome over i forbindelse med andre band som: Orgikulene, Ståpikene, John Holmes Band og De Tre Små Griser. Og no når eg veit kva som kom, så kan ikkje forstå anna enn at Radiofantomene har påvirka musikkmiljøet i Bergen og var ein av årsakane til at bølga kom.


Unknown Mortal Orchestra - Thought Ballune

Enda ein video henta fra deira fantastiske debut skive som kom ut i 2011.