25.02.2012

Johnny Jenkins


Johnny Jenkins (1939 - 2006, Macon, Georgia) var ein gitarist og showman med ein vill spelestil. Han influerte bl.a. Jimi Hendrix som såg Johnny Jenkins live når han var på besøk hos sin tante i Macon. Seinare brukte Hendrix mange av Jenkins triks (som f.eks. å spele på gitaren bak haudet) i sine egne opptredner. Johnny Jenkins var bandleder i The Pinetoppers, og han ansatte Otis Redding som vokalist etter å ha sett han i ein talent konkurranse. Jenkins var mannne som lærte Otis Redding betydningen av timing og rytme mellom vokal og bandet, og korleis ein skulle engasjere og styre publikum. Johnny Jenkins fekk studio tid hos Stax, og Otis var med som sjåfør og roadie. Men ting gjekk ikkje etter planen, og og Jenkins braut av session og pakka saman utstyret. Det var då Otis Redding fekk masa seg til å få synge ein sang som han hadde laga, sangen var These Arms Of Mine. Steve Cropper kicka på sangen og den vart spelt inn i den resterende studio tida til Jenkins. Og dette var sjølvsagt starten på Big Os fantastiske karriere. Otis ville gjerne ha med Jenkins med i sitt band når han turnerte, men pga. Jenkins flyskrekk så vart dette aldri noko av. Selv om han hadde ein liten hit med instrumental låten Spunky i 1964 så skjedde det svært lite rundt Jenkins. Det har vært hevda at Jenkins var ein bitter mann på denne tida. Han sjølv hevder at han er den einaste som forteller sannheita om Reddings turneliv som bestod av festing og horer. Noko som ikkje står i stil med det strigla bildet som har blitt bygd opp av Redding etter hans død. Eg for min del trur på Jenkins.  Det var ikkje før Reddings død i 1967 at Phil Walden (deira felles manager) starta å arbeide med eit comeback for Jenkins. Det resulterte i skiva Ton Ton Macoute! fra 1970 på Capricorn Records, ei skive som bl.a. Duane Allman deltok på. Det skjedde ikkje noko meir før i 1996 da han gjorde enda eit comeback med skiva Blessed Blues.

Leaving Trunk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar