25.02.2012

Don Covay

Don Covays musikk har vore rundt meg nokre år, men det er først dei siste månadane at eg har starta å høyre på heile skiver og at han har blitt ein av mine nye favoritter. Don Covay har mange likhetstrekk med karriera til Arthur Alexander: levd rastløse liv, vore innom mange ulike plateselskap, var låtskrivere og skreiv klassikera som har blitt covra av kjente band og artister som Rolling Stones, og som aldri fekk den annerkjennelsen dei fortjente på den tida dei var aktive.
Don Covay (1938, South Carolina) karriere starta i 1957 da han deltok på Little Richards Revue. Sjølv om han aldri slo igjennom i åra som kom så hadde han hits med sanger han skreiv bl.a. for Solomon Burke og Chubby Checker. Det var ikkje før i 1964 ting begynte å skje når han signerte for Rosemart og satte saman gruppa Goodtimers. Da fekk han ein hit med sangen Mercy Mercy. Forøvrig må det nevnast at ein da ukjent gitarist med navnet Jimi Hendrix deltok på innspelinga. Kontrakta med Rosemart vart kjøpt opp av Atlantic, og i denne perioden hadde han ei rekke R&B og pop hits, bl.a. See Saw som er skreve saman med Steve Cropper og spelt inn hos Stax. Don Covay er fortsatt aktiv, og kom med si siste skive Super Bad i 2009. Mi favoritt skive er House Of Blue Lights (1969) som han gjorde saman med The Jefferson Lemon Blues Band, og som inneholder den seige låta The House Of Blue Lights, part 1.

Mercy Mercy


House Of Blue Lights, part 1


Cant Fight It Baby

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar