Viser innlegg med etiketten pinetoppers. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pinetoppers. Vis alle innlegg

03.09.2013

Otis Redding - Soul Ambassador

Det er gode tider for ein Otis fan, og ting skjer. Eg har slukt alt av bøker og artikler som eg har kunne fått mine pølsefingra på, og ofte har det vore dei samme historiene som har dukka opp. Har hatt ein følelse av at mange har tatt utgangspunkt i dei samme kildene. Eit døme er jo korleis det heile starta når Otis fekk prøve seg i Stax studio første gangen. Det var egentlig Johnny Jenkins (akrobatisk gitarist som var ein av Jimi Hendrix store helter) som hadde studio tid. Dei to spelte saman i Jenkins band The Pinetoppers, og Otis var med til session som sjåfør og roadie. Og då går historia ut på at Johnny fekk det ikkje heilt til, og det var fortsatt 40 minutter med studio tid igjen når Otis fekk masa seg til å framføre ein sang. Så det heile skjedde på ein slump. Og dette har eg trudd på, og også tidligere skreve om i denne kloggen. Dette er det som går igjen i bok etter bok.

Heilt til Rob Bowman fekk nøsta opp korleis det egentlig var. Rob Bowman er forfatteren av boka Soulsville USA - The Story Of Stax records. Han er eit vandrande leksikon når det gjelder Stax, og starta med å skrive på boka i 1985 og vart ferdig 12 år seinere. Han har bl.a. gjennomført 200 intervju av artister, teknikera, musikera, kontorpersonale osv osv, Det er ei fantasisk bok som har kome opp med ny informasjon som er sett på som den riktige. Også når det gjelder Otis første møte med Stax. Dette var allerede planlagt av Phil Walden (manager 59 - 67) og Joe Galkin (producer) at det var planlagt å sleppe Otis til, men under forhold som "you got to do it as fast as you can cause you probably wont have much time". Og første sang ut var Hey Hey Baby, ein flau Little Richard kopi (som var den artisten som Otis prøvde å etterligne i starten av si karriere). Jim Stewart (ein av grunnleggerane av Stax) var ikkje imponert, og det var då Galkin sa Otis burde prøve sin egen sang kalla These Arms Of Mine.

Og det er det som er så spanande, den nye informasjonen som kjem i mot meg. Soul Ambassador er ein glimrande dokumentar frå BBC som ser på Otis Reddings musikk i England og som inneholder ting som ikkje har vore kjent for meg tidligere. Samtidig har Wayne Jackson (trompetist i Stax sitt husband Mar Keys, og saman med Andrew Love var The Memphis Horns) gitt ut In My Wildest Dreams Take 1-3. Dei to første bøkene inneholder også mykje nytt om kva som skjedde i Stax Studio og nokre morsomme obervasjoner om sjefen sjølv.

Dette i kombinasjon med nye utgivelser som Otis Redding Complete Stax/Volt singles, som inneholder samtlige A og B sider i riktige mono versjoner, så er det virkelig gode tider å være Otis fan. Vi får bare håpe det ikkje sklir ut, og Hollywood finner ut at det er på tide med ein film om Otis liv. Det foreligger eit manus, men det frister faen meg ikkje å sjå det om det skulle skje.
Men gjer eg det likevel? Garantert! 


25.02.2012

Johnny Jenkins


Johnny Jenkins (1939 - 2006, Macon, Georgia) var ein gitarist og showman med ein vill spelestil. Han influerte bl.a. Jimi Hendrix som såg Johnny Jenkins live når han var på besøk hos sin tante i Macon. Seinare brukte Hendrix mange av Jenkins triks (som f.eks. å spele på gitaren bak haudet) i sine egne opptredner. Johnny Jenkins var bandleder i The Pinetoppers, og han ansatte Otis Redding som vokalist etter å ha sett han i ein talent konkurranse. Jenkins var mannne som lærte Otis Redding betydningen av timing og rytme mellom vokal og bandet, og korleis ein skulle engasjere og styre publikum. Johnny Jenkins fekk studio tid hos Stax, og Otis var med som sjåfør og roadie. Men ting gjekk ikkje etter planen, og og Jenkins braut av session og pakka saman utstyret. Det var då Otis Redding fekk masa seg til å få synge ein sang som han hadde laga, sangen var These Arms Of Mine. Steve Cropper kicka på sangen og den vart spelt inn i den resterende studio tida til Jenkins. Og dette var sjølvsagt starten på Big Os fantastiske karriere. Otis ville gjerne ha med Jenkins med i sitt band når han turnerte, men pga. Jenkins flyskrekk så vart dette aldri noko av. Selv om han hadde ein liten hit med instrumental låten Spunky i 1964 så skjedde det svært lite rundt Jenkins. Det har vært hevda at Jenkins var ein bitter mann på denne tida. Han sjølv hevder at han er den einaste som forteller sannheita om Reddings turneliv som bestod av festing og horer. Noko som ikkje står i stil med det strigla bildet som har blitt bygd opp av Redding etter hans død. Eg for min del trur på Jenkins.  Det var ikkje før Reddings død i 1967 at Phil Walden (deira felles manager) starta å arbeide med eit comeback for Jenkins. Det resulterte i skiva Ton Ton Macoute! fra 1970 på Capricorn Records, ei skive som bl.a. Duane Allman deltok på. Det skjedde ikkje noko meir før i 1996 da han gjorde enda eit comeback med skiva Blessed Blues.

Leaving Trunk