25.02.2012

O.V. Wright


Southern soul er jo mi greie, og Overton Vertis Wright (1939-1980) er ein av dei få artistane som gav ut soul skiver på 70-tallet som eg digger (det var noko som skjedde med lydbildet på denne tida som eg ikkje klarer å nyte heilt ut). Han starta sjølvsagt som så mange andre med å synge i gospel grupper, og han fronta The Harmony Echoes (som også James Carr var ein del av!!!). OV Wright fekk sin første hit som soloartist med sangen Thats How Strong My Love Is i 1964, ein sang som har blitt covra utallige ganger, bl.a. av Otis Redding og snylterane i Rolling Stones. Desverre så var han glad i å dope seg, og pga. dette så starta helsa å skrante mot slutten av 70-tallet, og han døde i 1980 kun 41 år gamal. Muligensdu har hørt spor av hans musikk da hans sangar ofte har blitt sampla av bl.a. Wu Tang Clan og Ghostface Killah.

Ace Of Spade


Gone For Good


Id Rather Be Blind, Crippled And Crazy

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar