Viser innlegg med etiketten otis redding. Vis alle innlegg

27.01.2018
12.02.2017
29.01.2017
04.12.2016
14.02.2016
Otis Ray Redding jr - Live Olympia, Paris (1966)
Heldigvis har vi tilgang på opptak som dette. The King Of Soul!
03.09.2013
Otis Redding - Soul Ambassador
Det er gode tider for ein Otis fan, og ting skjer. Eg har slukt alt av bøker og artikler som eg har kunne fått mine pølsefingra på, og ofte har det vore dei samme historiene som har dukka opp. Har hatt ein følelse av at mange har tatt utgangspunkt i dei samme kildene. Eit døme er jo korleis det heile starta når Otis fekk prøve seg i Stax studio første gangen. Det var egentlig Johnny Jenkins (akrobatisk gitarist som var ein av Jimi Hendrix store helter) som hadde studio tid. Dei to spelte saman i Jenkins band The Pinetoppers, og Otis var med til session som sjåfør og roadie. Og då går historia ut på at Johnny fekk det ikkje heilt til, og det var fortsatt 40 minutter med studio tid igjen når Otis fekk masa seg til å framføre ein sang. Så det heile skjedde på ein slump. Og dette har eg trudd på, og også tidligere skreve om i denne kloggen. Dette er det som går igjen i bok etter bok.
Heilt til Rob Bowman fekk nøsta opp korleis det egentlig var. Rob Bowman er forfatteren av boka Soulsville USA - The Story Of Stax records. Han er eit vandrande leksikon når det gjelder Stax, og starta med å skrive på boka i 1985 og vart ferdig 12 år seinere. Han har bl.a. gjennomført 200 intervju av artister, teknikera, musikera, kontorpersonale osv osv, Det er ei fantasisk bok som har kome opp med ny informasjon som er sett på som den riktige. Også når det gjelder Otis første møte med Stax. Dette var allerede planlagt av Phil Walden (manager 59 - 67) og Joe Galkin (producer) at det var planlagt å sleppe Otis til, men under forhold som "you got to do it as fast as you can cause you probably wont have much time". Og første sang ut var Hey Hey Baby, ein flau Little Richard kopi (som var den artisten som Otis prøvde å etterligne i starten av si karriere). Jim Stewart (ein av grunnleggerane av Stax) var ikkje imponert, og det var då Galkin sa Otis burde prøve sin egen sang kalla These Arms Of Mine.
Og det er det som er så spanande, den nye informasjonen som kjem i mot meg. Soul Ambassador er ein glimrande dokumentar frå BBC som ser på Otis Reddings musikk i England og som inneholder ting som ikkje har vore kjent for meg tidligere. Samtidig har Wayne Jackson (trompetist i Stax sitt husband Mar Keys, og saman med Andrew Love var The Memphis Horns) gitt ut In My Wildest Dreams Take 1-3. Dei to første bøkene inneholder også mykje nytt om kva som skjedde i Stax Studio og nokre morsomme obervasjoner om sjefen sjølv.
Dette i kombinasjon med nye utgivelser som Otis Redding Complete Stax/Volt singles, som inneholder samtlige A og B sider i riktige mono versjoner, så er det virkelig gode tider å være Otis fan. Vi får bare håpe det ikkje sklir ut, og Hollywood finner ut at det er på tide med ein film om Otis liv. Det foreligger eit manus, men det frister faen meg ikkje å sjå det om det skulle skje.
Men gjer eg det likevel? Garantert!

25.02.2012
Johnny Jenkins
Leaving Trunk
Don Covay
Don Covays musikk har vore rundt meg nokre år, men det er først dei siste månadane at eg har starta å høyre på heile skiver og at han har blitt ein av mine nye favoritter. Don Covay har mange likhetstrekk med karriera til Arthur Alexander: levd rastløse liv, vore innom mange ulike plateselskap, var låtskrivere og skreiv klassikera som har blitt covra av kjente band og artister som Rolling Stones, og som aldri fekk den annerkjennelsen dei fortjente på den tida dei var aktive.
Don Covay (1938, South Carolina) karriere starta i 1957 da han deltok på Little Richards Revue. Sjølv om han aldri slo igjennom i åra som kom så hadde han hits med sanger han skreiv bl.a. for Solomon Burke og Chubby Checker. Det var ikkje før i 1964 ting begynte å skje når han signerte for Rosemart og satte saman gruppa Goodtimers. Da fekk han ein hit med sangen Mercy Mercy. Forøvrig må det nevnast at ein da ukjent gitarist med navnet Jimi Hendrix deltok på innspelinga. Kontrakta med Rosemart vart kjøpt opp av Atlantic, og i denne perioden hadde han ei rekke R&B og pop hits, bl.a. See Saw som er skreve saman med Steve Cropper og spelt inn hos Stax. Don Covay er fortsatt aktiv, og kom med si siste skive Super Bad i 2009. Mi favoritt skive er House Of Blue Lights (1969) som han gjorde saman med The Jefferson Lemon Blues Band, og som inneholder den seige låta The House Of Blue Lights, part 1.
Mercy Mercy
House Of Blue Lights, part 1
Cant Fight It Baby

Etiketter:
don covay,
house of blue lights,
jimi hendrix,
otis redding,
rolling stones,
rosemart,
the small faces
23.01.2011
Mashup av Otis Redding??
Ok, må innrømme at eg var litt skeptisk, greit nok at du kan drive å rote rundt med musikken til The Beatles, Beach Boys, Beastie Boys osv...men Otis Redding? Du kan no sjekke ut sjølv korleis det høyres ut saman med James Brown (DJ Zebra) eller M.I.A. (ToToM). Så ka syns du?
Otis Redding / James Brown - Hard To Pay Back
Otis Redding / M.I.A
Etiketter:
dj zebra,
james brown,
m.i.a,
otis redding,
totom
19.03.2010
AY! AY! AY!
Erre muli? Disse snuttane som eg har lagt ut i dag fann eg i går, og disse opptaka fra 1967 har eg vore på leit etter i lang tid. Endelig har nokon fått kloa i dei og har nerver nok til å legge dei ut, for desse har definitivt blitt skaffa på ulovlig vis! Dette er Stax dynamitt! Og det er sjølsagt sjølvaste Booker T and the MGs som backer Sam & Dave og Otis Redding. Først ut er Sam & Dave med ein killer av ein sang: You dont know like I know.
Eg skjønner godt at Otis Redding ga klar beskjed til sin manager at dette er siste gang han er på veien med Sam & Dave. Det er vel ikkje det enklaste å å skulle gå på og toppe 30 minutter med høgoktansoul fra Sam & Dave. Noko dei 2 var fullstendig klar over, og gav alltid det lille ekstra så Big O måtte jobbe hardt for lønna si. Knall sei no eg. Her går Otis Redding hardt ut med Satisfaction, før han tar den ned med Try a Little Tenderness.

booker t and the mgs,
otis redding,
sam and dave
02.03.2010
Den ultimate live skiva!
Ei tidtrøyte er jo å leite etter bra musikk, og den lengste jakta har vøre etter den eine live skiva som treffer så godt at den funker like greit til det periodiske reinholdet i heimen, som til rituala når ei ny helg banker på og det er på tide å komme seg ut.
Når ein tar på seg eit prosjekt i denne størrelsesorden, må ein ha orden i papira, og aksepkriterier for skiva må hammrast ut. Det må være innan ein sjanger eg likar. Lyden er definitivt det viktigaste. Den må være balansert, ha bunn, være rå når det trengs, og publikum må være tilstede. Du skal føle på kroppen at du er i ei svettpakka bule der røykelova enda ikkje har tredd i kraft. Videre så er det eit must at skiva svinger og groover noko så inni hxxxxxe. Og for oss som liker å lese om populærmusikkens kulturhistorie er det eit pluss om skiva har ei fasinerande historie. Har funne ut at dette hjelper på interessen på lang sikt.
På veien har eg vore gjennom mange skiver fra ulike tiår, og under har eg tatt med dei 4 som nådde nesten heilt opp:
Eg må sei eg vart litt overraska av å sitte igjen med skiver som vart til på 60-tallet, men det er no noko med den lyden. Den gir meg ein følelse av urtid.
Nok preik, for vi har no avslutta jakta:
Årstallet: 1963
Sted: Miami
Tittel: Live at the Harlem Square Club
Sjef: Sam Cooke!
Er det mulig! Denne skiva gir meg lyst til å bli stein gammal, så eg kan sitte i gyngestolen, drikke Nøgne Ø og spele akkurat passe høgt så lika ved siden av grynter. Denne skiva har alt: stramt band som svinga, publikum er 100% med, lyden lar deg falle i tanka om det å bli forført, og ein frontmann som ER verdens beste vokalist som skreiv dei fleste av hans hits. Ein som er opphavet til soul, og som la sjela si i framføringa og legger vibrato på alle dei riktige plassane (i motsetning til i dag då den irriterandes nok dukka opp mot slutten av kvar jævla linje). Korleis er det mulig at eg ikkje kom over denne skiva før, når eg var ong og fortsatt kunne strekke ut og faktisk nå ned til tærna? Om klisjeen "Om du var på ei øde øy......." skal brukast, så er dette skiva som havner i kofferten. Den passer for alle anledninger. Sorg, glede og elskov.
Somebody have mercy - Sam Cooke
Having a party - Sam Cooke
Eg har i etterkant kjøpt mange av hans album, dei er bra, han synger fantastisk, men sitter fortsatt igjen med ein muzak følelse. Det mangler både groove og sound i mine øyrer. I denne settinga blir tekstane fort litt tyggis, iallefall på dei tidligaste skivene. Mange sanger er plaga med ovendreven bruk av klang og klønete bruk av strykera. Årsaken til dette er mange, men ei forklaring har sammenheng med at han hadde visjoner. Han var ei stor stjerne i gospel miljøet som lead vokalist i gruppa The Soul Stirrers (om du digger gospel er det bare å løpe og kjøpe, gjerne dei med R.H. Harris på leadvokal). Men han ville ha meir, han ville krysse over å selge plater for det kvite publikum. På den tida var det ikkje stuereint å gå fra gospel til populærmusikk. Ein av nøklane til dette var å tappe musikken så den vart usexy. Gjere den ufarlig. Og han benytta seg da av produsenta som kunne faget i forhold til kva det kvite publikum ønska. Dette er godt representert på hans live skive Sam Cooke at Copa (1964). Publikum består av kvite middelaldrende mennesker, og stemninga er deretter.
Og akkurat her ligger forskjellen, for Live at the Harlem Square Club er spelt inn i ein liten klubb med kapasitet på 750, og den er sjølsagt pakkafull av folk som veit kva det heile dreier seg om. Noko som skaper ei stemning som strekker seg lenger enn til det å høyre. Og sangane blir spelt i det groovet dei var meint å tjene. Og det skader heller ikkje at det er King Curtis på sax, det er bare knall kvar gang hans tone kjem flerrande gjennom lufta. Om du er ein av dei som hater sax, er dette siste sjanse til å snu om. Funker det fortsatt ikkje, ja så er du vel ein av dei følelseslause.
Det er eit mysterium at denne skiva ikkje vart gitt ut før i 1985! Er det lov å håpe på meir?
For dei av dykk som vart nyfiken og vil lese meir om denne skiva, så anbefaler eg å lese denne deilige anmeldelsen av skiva i groove.no
Når ein tar på seg eit prosjekt i denne størrelsesorden, må ein ha orden i papira, og aksepkriterier for skiva må hammrast ut. Det må være innan ein sjanger eg likar. Lyden er definitivt det viktigaste. Den må være balansert, ha bunn, være rå når det trengs, og publikum må være tilstede. Du skal føle på kroppen at du er i ei svettpakka bule der røykelova enda ikkje har tredd i kraft. Videre så er det eit must at skiva svinger og groover noko så inni hxxxxxe. Og for oss som liker å lese om populærmusikkens kulturhistorie er det eit pluss om skiva har ei fasinerande historie. Har funne ut at dette hjelper på interessen på lang sikt.
På veien har eg vore gjennom mange skiver fra ulike tiår, og under har eg tatt med dei 4 som nådde nesten heilt opp:
- Otis Redding - Good to me: Live at Hollywood A Go Go - 1966. Dette er jo min favoritt når det kjem til deep southern soul. Lyden er knall. Sjølv om det ikkje er The Mar Keys som backer han, men hans turneband The Bar Keys, så svinger dette veldig bra. Big O likte at alt gjekk raskere når han spelte live. (sjekk ut hans opptreden under Monterey Pop). Om du høyrer knirking, så ta det med ro, det er kun stortromme pedalen som er dårlig smurt. Fantastisk, hæ! Ett minus med denne skiva: Etter 2 kvelder og 4 show pakka dei saman og hørte igjennom opptaka, og uheldigvis så var ikkje blåserekka stemt, så det låter til tider surt.
Good to me - James Brown- Live at Apollo - 1963. Høyrer jo sjølsagt heime i kvar ei samling. James Brown var mannen som skjønte at det var penger å hente om ein kunne få overført magien og energien under ein konsert over på plate. Litt sprøtt å tenke på at ingen trudde på prosjektet, og det endte med at han måtte bruke sine egne spenn for å få realisert det. Men det er jo gjerne slik at dei store ser ting som ingen andre gjer. Og når det gjelder The Famous Flames - så finnes det vel ikkje noko strammere band? Nei, trukjedet gitt!
Night train - Bob Dylan - The Royal Albert Hall Concert: The bootleg series vol. 4- 1966. Ja, no var jo faktisk denne skiva spelt inn i Manchester Free Trade Hall. Etter mi meining er dette Dylans beste periode. Om du høyrer nøye etter høyrer du Dylan sei "play fucking loud", og The Band var ikkje vanskelige å be! Hærrli! Og her passer det med dagens popquiz med premie! "Kva trigga Bob Dylan til å sei dette?"
Just like Tom Thumbs Blues
- Bo Diddley- Beach Party - 1963. Sjølsagt ikkje spelt inn på ei strand, rykta sei at det var i ein flyhangar. MC5 og Stooges kan bare gå å legge seg, lyden og ættityden på denne skiva er bare über RÅ! Anbefalast ikkje for amatøra! Er du sugen, må du bla opp, for det finnes ingen reissues. Og kun for å irritere legger eg heller ikkje ut ein mp3 snutt. Rolling Stones skal forøvrig ha blitt inspirert av denne skiva når dei gjorde Get Yer Ya-Yas Out (1969).
Eg må sei eg vart litt overraska av å sitte igjen med skiver som vart til på 60-tallet, men det er no noko med den lyden. Den gir meg ein følelse av urtid.
Nok preik, for vi har no avslutta jakta:
Årstallet: 1963
Sted: Miami
Tittel: Live at the Harlem Square Club
Sjef: Sam Cooke!
Er det mulig! Denne skiva gir meg lyst til å bli stein gammal, så eg kan sitte i gyngestolen, drikke Nøgne Ø og spele akkurat passe høgt så lika ved siden av grynter. Denne skiva har alt: stramt band som svinga, publikum er 100% med, lyden lar deg falle i tanka om det å bli forført, og ein frontmann som ER verdens beste vokalist som skreiv dei fleste av hans hits. Ein som er opphavet til soul, og som la sjela si i framføringa og legger vibrato på alle dei riktige plassane (i motsetning til i dag då den irriterandes nok dukka opp mot slutten av kvar jævla linje). Korleis er det mulig at eg ikkje kom over denne skiva før, når eg var ong og fortsatt kunne strekke ut og faktisk nå ned til tærna? Om klisjeen "Om du var på ei øde øy......." skal brukast, så er dette skiva som havner i kofferten. Den passer for alle anledninger. Sorg, glede og elskov.Somebody have mercy - Sam Cooke
Having a party - Sam Cooke
Eg har i etterkant kjøpt mange av hans album, dei er bra, han synger fantastisk, men sitter fortsatt igjen med ein muzak følelse. Det mangler både groove og sound i mine øyrer. I denne settinga blir tekstane fort litt tyggis, iallefall på dei tidligaste skivene. Mange sanger er plaga med ovendreven bruk av klang og klønete bruk av strykera. Årsaken til dette er mange, men ei forklaring har sammenheng med at han hadde visjoner. Han var ei stor stjerne i gospel miljøet som lead vokalist i gruppa The Soul Stirrers (om du digger gospel er det bare å løpe og kjøpe, gjerne dei med R.H. Harris på leadvokal). Men han ville ha meir, han ville krysse over å selge plater for det kvite publikum. På den tida var det ikkje stuereint å gå fra gospel til populærmusikk. Ein av nøklane til dette var å tappe musikken så den vart usexy. Gjere den ufarlig. Og han benytta seg da av produsenta som kunne faget i forhold til kva det kvite publikum ønska. Dette er godt representert på hans live skive Sam Cooke at Copa (1964). Publikum består av kvite middelaldrende mennesker, og stemninga er deretter.
Og akkurat her ligger forskjellen, for Live at the Harlem Square Club er spelt inn i ein liten klubb med kapasitet på 750, og den er sjølsagt pakkafull av folk som veit kva det heile dreier seg om. Noko som skaper ei stemning som strekker seg lenger enn til det å høyre. Og sangane blir spelt i det groovet dei var meint å tjene. Og det skader heller ikkje at det er King Curtis på sax, det er bare knall kvar gang hans tone kjem flerrande gjennom lufta. Om du er ein av dei som hater sax, er dette siste sjanse til å snu om. Funker det fortsatt ikkje, ja så er du vel ein av dei følelseslause.
Det er eit mysterium at denne skiva ikkje vart gitt ut før i 1985! Er det lov å håpe på meir?
For dei av dykk som vart nyfiken og vil lese meir om denne skiva, så anbefaler eg å lese denne deilige anmeldelsen av skiva i groove.no
Abonner på:
Innlegg (Atom)