Absolutt for samples og elektronika bare det er dirty nok! Og groovy. Og uten rap. Det er akkurat det Chris Laufman (Pittsburgh) gjer i prosjektet Wise Blood. Han er i disse dager ute med skiva ´+´. Veit egentlig ikkje så masse meir om han og prosjektet. Kjøp skiva her.
Gode minner, eg var så utrolig hooka på Possum Dixon på 90-tallet, vel iallefall fram til den shitty skiva New Sheet, Rick Ocasek klarte virkelig å ødelegge den. Sjekk ut fleire sanger her. Dette opptaket er faktisk det beste når det kjem til lyd og up close action. Synd eg aldri fekk sett dei live, for detta ser jo morro ut.
Korleis er det mulig at eg ikkje har fått med meg dette før no!!!! US Maple er rett og slett...øøøhhhh.....spanande og utfordrande, og til tider veldig vakkert på sin egen måte. Det første eg la merke til var gitarlyden og måten å spille den på, den minner meg så masse om Polvo og korleis dei stemmer gitarane. US Maple må vel definerast som eit noise/art rocke band. Danna i 1995 i Chicago med utgangspunkt i banda Shorty og Mercury Players. Utgangspunktet var å finne ut korleis ein kunne fjerne "rock and roll from their collective minds". Med andre ord så skulle dei reorganisere rocknroll, der dei bl.a. kun skulle beholde kjerne elementa i musikken. No er det kanskje mange som høyrer deira musikk og tru dei har rota saman sanger på måfå, at den høyres tilfeldig ut, og at alt egentlig er bare tøys og oksedrit. Den gang ei, bare sjekk ut dokumentaren når dei laga skiva Acre Thrills. Den gir deg eit innblikk i korleis US Maple fungerer.
PS1 Takk til Lutt for tipset:)
PS2 Sjekk ut deira fantastiske cover av AC/DC med sangen Sin City.
Verden flyt over av indienewwaveskrangleband, band som Vampire Weekend, som leverer på ei skive for så å komme tilbake og levere det samme på nytt, men denne gangen totalt blotta for karisma. Det skal vel ikkje så mykje til for å komme ut av sin egen boks? Eg synes Young Mammals er noko av det meir lovandes eg har hørt dei siste månedane, masse spanande innfall som gjer det heile til meir enn ei rutine.
Fleire av dykk veit jo eg er fole glad i soul, og no har vi kome til ein kar som eg synes har samme kvaliteter som Sam Cooke når det kjem til synging. Forskjellen er at Donny Hathaway lena seg meir mot djæssi soul sanger, ala masse av det Ray Charles har vore kjent for. Er meget glad i Ray også, men blir litt lei av stemma hans over tid, det skjer ikkje når det gjelder Donny, der er det som oftest arrangementa som kan bli for masse. Liker definitivt best dei som er heilt enkle, og som gir rom til stemma hans. For den er faen meg heilt fantastisk! Normalt er eg litt skeptisk til easy listening musikk, men kan du synge så når du fram til dei nervestrengane som gir deg støtte på veien. Kven er så denne karen? Starta sjølsagt å synge i kirka i Chicago, lærte seg å spille piano i tidlig alder, noko som la grunnlaget for at han vart ein annerkjent låtskriver, studiomusiker pg produsent. Han har bidratt på skiver til Staple Singers, Aretha Franklin, The Impressions, Curtis Mayfield, Jerry Butler.....osv osv. Han starta etterkvart på si eiga solo karriere med skiva Everything Is Everything (1970), og gav ut yttligere 5 skiver før han daua så alt for tidlig i 1979, kun 33 år gamal. Han fikk mentale problemer og hevda at:"white people were trying to kill me and had connected my brain to a machine, for the purpose of stealing my music." Han vart funnen på fortauet nedanfor hans leilighet i 15 etasje. Donny Hathaway har influert artister som Alicia Keys (legg merke til introen på A Song For You, høyres det kjent ut?), Beyonce, Stevie Wonder og Usher for å nevne nokre. Anbefalte skiver er Everything Is Everything (1970), Live (1972) og These Songs For You, Live! (2004).
Parlovr er endelig tilbake med nytt materiale. Dei er i disse dager ute med EPn Hell/Heaven/Big/Love. Sjekk ut fleire sanga fra deira debutalbum fra 2008 her
Må sei eg vart virkelig forundra når eg sjekka ut Allmusic i går og såg at dei hadde plukka ut skiva Trio av og med Trio som Album Of The Day. Det er jo rett og slett fantastisk, og eg måtte jo sjølsagt legge ut ei par spor fra denne skiva. Eg er ein trofast fan, og har sjølsagt alle skiver på vinyl.
Trio - Broken hearts for you and me
Trio - Sunday you need love monday be alone
Fekk tips om å sjekke ut Wetdog, ein trio fra London, og ja, dette kan absolutt funke. Men skjønner ikkje heilt kvifor dei minner meg om Bow Wow Wow.
Eit anna band som gjer meg i godt humør for tida er The Vaccines. Dette er skranglerock med 60s vibe. Dei er i disse dager ute med 7" på labelen Marshall Teller Records.
Eg var på Revolver på lørdag ifb med plateselskapet Tonehjulet Kräftpest sitt slepp av samleskiva "I Dont Wanna Be A Part Of Your So Called Punk". Ein kveld stappa med punk, reagge og hardcore. Ein bra kveld med ålreit standard på banda, men det var spesielt eitt band som stakk seg ut: Anti Poison Slammer. Ein indierock trio bestånde av ein trommis som ser gal ut, ei jente på vokal og bass og ein gitarist med masse pedaler. Dei hadde ein utrolig deilig sjarm med masse energi. Er jaggu lenge sidan eg har kosa meg så masse på ein konsert med eit norsk band. Er faktisk litt usikker på dei har gitt ut noko så langt, og den einaste låta eg har er fra samleskiva. Den er nok ikkje den beste sangen, men gir deg iallefall ein peikepinne på kva slags musikk dei har å by på. Om du har mulighet så anbefaler eg deg å få sett dei live.