05.06.2010

Levek

Av og til kjem ein over musikk som gjer meg nyfiken på "kven, kva og kvifor?" om dei som har gjort det. Levek er ein av dei artistane. Dette er 21 år gamle David Levesque bosatt i Florida. Det er ikkje så masse info å finne om han på nettet, men han vart født i Oman og flytta til Orlando som 8-åring. Han hørte for det meste på musikken til foreldra (Beach Boys, Bob Dylan o.l.), og såg hovedsaklig på gamle Disney filmer. Har laga musikk på fritida i ca 1,5 år, og kjører til daglig ein skulebuss! Eg sendte han ein epost og spurte om kor eg får skaffa skiver av han, og fekk til svar at han enda ikkje har fått gitt ut noko da han fortsatt er i oppstartsfasa med det å utvikle seg som låtskriver. Men han sendte meg ei lenke til mediafire kor eg kunne laste ned 6 låter!! Ein mann etter min smak:) Har ikkje tenkt å seia så masse om musikken, du får sjekka det ut sjøl. Blir spanande å sjå kor dette bærer hen om nokre år. Eg skal sjølsagt følge med og halde dykk oppdatert!



04.06.2010

Slow Animal

Slow Animal er ein duo fra New Jersey og dei definerer seg sjøl som eit garage/JAM-band, og det er vel egentlig ein presis beskrivelse. Det florerer jo med band som speler denne typen musikk (distorta lyd, lo-fi, korte sanga, "simplicity is genious"- tilnærming, catchy) og ikkje alle lykkes like bra som f.eks. Times New Viking eller Wavves, men Slow Animal føles så langt hakke bedre ut enn ovennevnte band, så no gjenstår det å høyre om dei klarer å fylle ei heil skive! 4 sanga til gratis nedlasting her.

02.06.2010

Lenge sidan sist....

....men slik blir det med slipp av eiga skive, basselusker i longene samt at eg ikkje har funne så masse å snakke heim om. Til no:)

Først ut er Scary Mansion fra Brooklyn. Miks av fake/ekte instrumenter kan fort skli ut og låte bajas, men ikkje disse da dei har klart å bevare nerven i sangane. Og når eg snakker om nerven så går det ut på at dei gjer ting på ein måte som fenger meg, men eg klarer ikkje heilt å sette tåa på kva, dei har kontroll og eg føler aldri at dei kan tippe den gale veien. Ein del av æra skal sjølsagt vokalist Leah Hayes vakre skjøre stemme ha. Liker også at dei ikkje er så forutsigbare som du først skulle tru, med andre ord: dei veit å skygge unna Thom Hell syndromet.

Scary Mansion - Over the weekend




Neste band ut er Parlovr fra Montreal, og dette er akkurat det eg trengte her eg ligger og er litt pjusken: indie! Disse må vel bli store, eller? Arcade Fire har jo rota seg vekk, så noko anna må jo vel ta over snart! Definitivt ei skive eg skal kose meg med i sommer. Dess så har eg ikkje fått skiva mi enda så eg får lagt ut mp3s, og det er også skralt med videoer ute, så eg anbefaler at du stikker innom deira myspace side.

20.05.2010

Det finnes håp!

Sattan så fett. Janelle Monae!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

14.05.2010

Blur

Det er ei god stund sidan sist vi fekk noko nytt fra denna kanten, men i forbindelse med Record Store Day har dei gitt ut ein limited edition 7". Damon Albarn har sagt at det kjem fleire 7" i framtida, men vi kan ikkje håpe på noko heilt album. Men sjølsagt kjem det ein eller anna gang, gi dei nokre år til så Damon får rydda unna andre forpliktelser.

11.05.2010

King Charles

Han er vel det vi kan kalle ein "cool cat", av den meir late typen. Og ikkje nok med det, han klarer seg sjøl når det kjem til musikk. Digger måten han spytter ut teksten på uten stopp, minner meg om onge Bob Dylan. Trur dette blir lydsporet til denne sesongen med parkliv, noko som roar meg ned når det koker etter å ha kasta så sjukt dårlig i kubb. Han klarer det dei fleste andre singer/songwriters ikkje klarer, at det skal så lite til før det føles annleis.





02.05.2010

Dette er også Beach Boys


Er rimelig lei av dei tidlige hitsa, og vart meget opprømt da eg endelig plukka opp Smiley Smile / Wild Honey (1967 - two-LP-on-one-CD compilation fra 2001). AllMusicGuide kalla det uprentiøs psykidelia, noko som eg er einig i, men skivene er også så mykje meir. Det høyres ut som dei har pause sidan Brian surra rundt i syreland, og dei bare tulla rundt i studio. Sangar som har oppstått pga kreativitet på avveie, kjedsomhet, samhold, humor og stadig på leit etter den eine lyden. Smiley Smile er skiva som kom ut da prosjektet Smile havarerte. Smile var skiva som skulle overgå Pet Sounds. Så skuffelsen blant fansa var stor da den kom ut, du kan no forestille deg sjøl etter å ha masa deg igjennom Pet Sounds, dei venta vel på noko ala Sgt. Pepper. Skiva inneholder hits som Good Vibration og Heroes & Villains, men også meir ukjente spor som smygeren Wonderful, den tullete Vegetables (med Paul McCartney som knasker på grønnsaker), Gettin Hungry med sitt fete refreng som passer perfekt å ha på full guffe i ein gamal Citroen på full guffe på vei til Moss, også må vi for all del ikkje gløyme av With Me Tonight med sine vakre vokal harmonier.

På Wild Honey hadde Brian Wilson trukket seg meir tilbake, og dei starta å spele sine egne instrument igjen i studio, noko dei ikkje hadde gjort sidan 1963. Skiva har ingen Good Vibration å by på, den mest kjente er vel Wild Honey. Og når eg tenker over det, så er det ikkje så masse meir som er spanande på denne skiva, Brian er jo ute så kva er tilbake av Beach Boys då? Grunnen til at du skal plukke opp denne 2-i-1 skiva er at den inneholder alternative versjoner av Good Vibrations og Heroes and Villains, samt Your Welcome som er ein a capella med klassiske Beach Boys harmonier.  Dette er sangen som ønsker deg velkomen når eg har daua.

Gettin Hungry


You´re Welcome


Wonderful


Wind Chimes

Bow Wow Wow

Eg innrømme det glatt, eg har atter eingang søtte og rota vekk tid på youtube, og kom over denne klassikeren som eg hadde heilt gløymt av. Denne fekk ein snurr i speleren kvar dag da eg bodde i Arendal. Tru meg, på dei kantane treng du det: Go Wild In The Country!! Vi snakkar Top Of The Pops i 1982. Malcolm McLaren (RIP) hadde sjølsagt noko med dette bandet å gjere. Forøvrig ei meget kul basslinje på låta, spesielt refrenget.

Hjálmar

Ja kvifor ikkje, islandsk reggae passer perfekt på ein søndags kveld, etter ein lang dag med digg sol. Her har du Ég Vil Fá Mér Kærustu. Lurer på om vokalisten har støkke av frå Aukrust senteret.

Mitt nye favoritt band!

No har eg i fleire uker lytta kontinuerlig på Titus Andronicus 2 skiver: The Monitor og The Airing of the Grievances. Det har virkelig balla på seg, det rett og slett heilt fantastisk. Dei får virkelig The Navigators til å høyres ut som MeatLoaf!!! Og det som er enda bedre, eg har akkurat fått fingrane på ein 12" med livespor fra London som skal være ellevill. Når eg kan rippe vinyl, lover eg å legge ut skiva. Muligens eg må stikke til London den 25 mai, det er tross alt på bursdagen min!