25.03.2010

Titus Andronicus

No er det kanskje nokre Shakespeare nerder som trur eg skal anmelde eit stykke? Må nok skuffe da det er snakk om eit amerikansk punk / indie band! Titus Andronicus er eit veldig tøft, hardtarbeidande bar band! Trur det er like greit å sitere Tor Martin Bøe i VG (slapp av, skal aldri skje igjen!):
"New Jersey-gutta drar via deilig energisk punk i Pogues-grøfta, til delikat råkjøring på E Street og sjuminutterslåter med stadionambisjoner som får Arcade Fire til å fremstå som Springsteen, Bright Eyes til å ligne på The Replacements og Navigators til å høres ut Meatloaf. Alt sammen spilt som om bandmedlemmene når som helst kan bli skutt."  Ha ha, Navigators = Meatloaf! Kan ikkje være meir einig!!!!

Gutta har så langt gitt ut 2 skiver: The Airing of Grievances og The Monitor (utgitt mars 2010). Det er egentlig bare å skaffe begge om dette skulle fenge.

Titus Andronicus - Titus Andronicus


23.03.2010

Anbefalinger # 1

Jukebox Collective er jo eit stili navn som legger opp til noko stort, men klarer dei å levere? Ja, visst faen gjer dei det. Iallefall når det kjem til sangen Icon Parade. Denne musikken kunne vel ikkje blitt laga andre plasser enn i England. Første gangen vart eg litt skeptisk etter dei første 10 sekunda: trommer og gitar er vel ikkje akkurat funne opp på nytt. Men så kjem det nokre deilig dirty elektronika, og på toppen ein arrogant vokal. To gjennomlyttinger og eg var solgt! I fare for å bli skuffa har eg faktisk ikkje sjekka ut fleire sanga med dette bandet da eg har ein følelse om at dei sucka:) Merkelig!

Jukebox Collective - Icon Parade


Neste ut er She & Him som består av låtskriveren M. Ward og skuespilleren / sanger Zooey Deschanel. Dette er ein søt liten sang med eit veldig digg lydbilde. Rett og slett problemfritt!

She & Him - Thieves

19.03.2010

AY! AY! AY!

Erre muli? Disse snuttane som eg har lagt ut i dag fann eg i går, og disse opptaka fra 1967 har eg vore på leit etter i lang tid. Endelig har nokon fått kloa i dei og har nerver nok til å legge dei ut, for desse har definitivt blitt skaffa på ulovlig vis! Dette er Stax dynamitt! Og det er sjølsagt sjølvaste Booker T and the MGs som backer Sam & Dave og Otis Redding. Først ut er Sam & Dave med ein killer av ein sang: You dont know like I know.



Eg skjønner godt at Otis Redding ga klar beskjed til sin manager at dette er siste gang han er på veien med Sam & Dave. Det er vel ikkje det enklaste å å skulle gå på og toppe 30 minutter med høgoktansoul fra Sam & Dave. Noko dei 2 var fullstendig klar over, og gav alltid det lille ekstra så Big O måtte jobbe hardt for lønna si. Knall sei no eg. Her går Otis Redding hardt ut med Satisfaction, før han tar den ned med Try a Little Tenderness.

17.03.2010

Happy Birthday...

.....og da meiner eg bandet fra Vermont som består av Kyle Thomas, Chris Weisman og Ruthie Garbus. Stort meir veit eg ikkje om dei, utenom at eg digger debut skiva som kom 16 mars på Sub Pop.



Girls FM


15.03.2010

Robert Normann

Eg har no spelt gitar i over 20 år, og har aldri kome lenger enn til å spele enkel rytme gitar, og no er det vel egentlig for seint å tru at det skal være mulig å bli ein trollmann på gitar. Men dette tar ikkje frå meg gleda når det kjem til å sjå og høyre dei som virkelig kan å håndtere ein gitar. Mine første minner om ein gitarist fekk eg via NRK sine repriser fra pauseinnslag fra tidlig 70-tallet. Eg husker godt at eg syntes det var utrolig stili å følge med fingrane hans som sprang så lett over strengane, også var det eit groove (string swing?) i sangane som det var enkelt å vugge stortåa etter. Det var først når eg kom over ein DVD kalla Shine i 2006 at eg forstod samanhengen. Gitaristens navna var Robert Normann, og eg kan ikkje skjønne noko anna enn at han må vel være norsk jazz best bevarte hemmelighet. Akkurat det kan no henge saman med at han levde tilbaketrukket og skydde pressa. Knut Borgen kalla han jazzens Grete Garbo! Legg forøvrig merke til gitaren hans, ein Rayhorn-O-Seven!!! Laga av Robert Normann og Rudi Kreul (fiolinmaker ved Hornås Musikk, Oslo) Målet var å lage ein gitar som kunne matche Gretsch. Gitaren vart produsert i Milano på ZeroSette-fabrikken. Prisen vart dessverre for høg, og det vart kun produsert ca. 50 stk. Har du ein, så kjøper eg den! Gå inn på min profil og send meg ei melding!

Previews fra Shine
 

12.03.2010

YouTube favoritter

Til dags dato har YouTube alltid gitt meg nøke om noko som nokon har gjort og som eg trenger å sjå/høyre. Øh! Som dette live klippet av Ike & Tina Turner, Beat-Club i 71. Eg bare sei: WOW!! Tina ser fantastisk ut, og stemma er så perfekt som det kan bli. Og Ike med band svinger jo langt over snittet.



Neste ut er The Tielman Brothers fra Holland (1960). Det beste innan indorock (ei blanding av indonesisk og vestlig musikk). Disse gutta var faktisk semistore på eit tidspunkt i Europa før Beatles og Rolling Stones. Dette er hærrli rockabilly, hadde det ikkje vore fantastisk å hatt dei opptre i eit hjørne på Teddys? Du synes kanskje det starter litt treigt? Gi det nokre minutter så skal du nok sjå at dei livner til.



Eg må innrømme at eg aldri skulle tru eg nøkon gang kom til å bruke tid på dette bandet: Dr. Hook. For det var jo noko mutter hørte på, heilt til eg fann ut at denne gjengen, med Ray Sawer og Dennis Locorriere i spissen, var spik spænna gærne. Dei syntes rett og slett at livet var ein fest, og slik eg har fortsått det så var dei stort sett høge og drita store deler av 70-tallet. Dette resulterer jo sjølsagt i nokre rare, og veldig morsomme, konserter. Eg mistenker dei for å gjere gigs for eiga underhaldning. Videoen eg har valgt er den kjente Cover Of The Rolling Stone fra Musikladen i 1974. Tekstane på dei 2 første skivene er hovedsakelig skrevet av Shel Silverstein (har bl.a. skrevet A Boy Named Sue), med andre ord går det stort sett i fest, fyll, sex osv osv.... ikkje så ulikt Vassendgutan. Bandet kaller seg forøvrig The Medicine Show. Morsomt å tenke på at dette er ein TV sendt konsert uten publikum i salen!

10.03.2010

James Carr

Som du kan lese på denne bloggen så er det Sam Cookes Live At Harlem Square Club som er mitt valg når det kjem til beste live skiva, og når det kjem til favoritt soul studio album faller valget lett på James Carrs You Got My Mind Messed Up (1966), eit album som Mojo Magazine i 2002 hevda var: "undoubtedly one of the greatest soul albums of all time". Men kven pokker er James Carr? Eg har brukt mang ein time på nettet der eg snoka etter bra gløymd soul, og dette var ei skive eg først kom over for 2 mnd sidan, den 29 januar for å være heilt presis, og i løpet av kort tid har den klora seg forbi favoritter som Otis Blue (1965) med Otis Redding, samle skiva til Candi Statons sanger fra Fame Studios (1969-73) og Arthur Alexanders You Better Move On (1962).

På reissue utgava av You Got My Mind Messed Up (Kent Records) er det totalt 14 sanger, og eg digger alle utenom 1: Korleis er det mulig at Thats What I Want To Know kom med? Ein kjip uptempo anonym jalla sang! Kanskje fordi det er den einaste han skreiv sjøl? MEN dei øvrige 13 er rett og slett heartbreaking, og nett som Live At Harlem Square Club så funker denne skiva til fleire formål: fest og sofakos. Det er noko med den stemma, og når det kjem til soul så har du jaggu tapt om du ikkje framstår som troverdig, og for meg ligger ikkje det i teksten, men i framførelsen. James Carr høyres rett og slett ut som om han har all verdens gjeld på sine skuldre. Mi inkludert. Men slapp av, det er ikkje ei deppe skive av den grunn, til tross for udødelige linjer som "time gonna take its toll" i sangen Dark End Of The Street. Som er ein knockout av ein sang når det kjem til identiteten til James Carr. Dette var sangen som viste at han var meir enn ein Otis Redding sound-alike. Dette er orginalen dei utallige cover versjonane blir målt opp mot. Sangen er skrevet av låtskriver duoen Chips Moman og Dan Penn, to som fortjener meir av rampelyset på lik linje med gutta i Stax. Vel eg skal ikkje gnelle så masse om lyden, men den er sjølsagt ein klassiker verdig: fyldig og godt balansert og plenty med trøkk når det trengs.

Dessverre er det ikkje så masse anna av James Carr som er så genialt. Han gav ut ei skive til i 1968 med ein del fine sanger. Problemet ligger i produksjonen og måten den er arra på. Alt er i hytt og gevær, og det hjelper heller ikkje at han har anskaffa seg nokre slitsomme kor-damer. Så forsvann han og dukka først opp med ei ny skive i 1991, ei som eg ikkje anbefaler da lyden stinker! Årsaken til hans fravær var den klassiske kombinasjonen rus og mentale problemer. Det har vore mange som har prøvd å drage han i studio for å gjere nye sanger, men det hjelper lite når du har ein mann som til tider drifter avgårde i sin egen verden. Han døde av lungekreft i ein alder av 58 år i 2001. Så det så!

Pouring Water On A Drowning Man


Dark End Of The Street

07.03.2010

Utelyd

Det er noko med stemninga med sessions ute i åpe lende, og det er ei fin mulighet å høyre sangar i ei anna drakt. Ta f.eks. Mother Mother, eit indie band fra Canada, som eg egentlig ikkje er noko fan av når det kjem til deira studio album, men eg synes denne versjonen av Polynesia er verdt å få med seg.



First Aid Kit er jo veldig mysigt. Søstrene Söderberg er ute med sitt debut album The Big Black and the Blue i disse dager. Motto: "we aim for the hearts, not the charts!" Her er ein cover av Graham Nashs Simple Man.



PlayingForChange har eit "songs around the world" konsept som gir noko tilbake. Opptak utendørs av forskjellige personer fra ulike deler av verden. Denne gangen har dei gjort ein versjon av Ben E. Kings klassiker Stand By Me. Mine favoritter er sjølsagt gatemusikantane Roger Ridley og Grandpa Elliot.



Canada har gitt oss mange bra indie band dei siste åra, og Clues er ein ny favoritt når det kjem til fiffig pop musikk.

Best Coast

Jaudå, dette minner meg om at årstia heller riktig vei. Best Coast har helter som Beach Boys og Everly Brothers, noko som absolutt kan høyrast. Elsker lyden som er pakka inn i klang, og sjefen Bethany Cosentini har nok karisma til oss alle!


When Im With You

Bullion

Eg har alltid hatt sansen for mashups som The Grey Album med Danger Mouse, Tom Caruanas Wu Tang vs The Beatles og Bullions Pet Sounds: In the key of Dee der han mikser Beach Boys med J Dilla. No er Bullion tilbake med eget materiale, og lyden er som vanlig knall, og eg digger at det alltid er noko uforutsigbart i sikte når han drar igang. Vokalen består av sample fra Klaus Nomi og Leonard Cohen. Så kva er no egentlig dette: big beat psykidelisk funk pop??

Say Goodbye To What?