10.03.2010

James Carr

Som du kan lese på denne bloggen så er det Sam Cookes Live At Harlem Square Club som er mitt valg når det kjem til beste live skiva, og når det kjem til favoritt soul studio album faller valget lett på James Carrs You Got My Mind Messed Up (1966), eit album som Mojo Magazine i 2002 hevda var: "undoubtedly one of the greatest soul albums of all time". Men kven pokker er James Carr? Eg har brukt mang ein time på nettet der eg snoka etter bra gløymd soul, og dette var ei skive eg først kom over for 2 mnd sidan, den 29 januar for å være heilt presis, og i løpet av kort tid har den klora seg forbi favoritter som Otis Blue (1965) med Otis Redding, samle skiva til Candi Statons sanger fra Fame Studios (1969-73) og Arthur Alexanders You Better Move On (1962).

På reissue utgava av You Got My Mind Messed Up (Kent Records) er det totalt 14 sanger, og eg digger alle utenom 1: Korleis er det mulig at Thats What I Want To Know kom med? Ein kjip uptempo anonym jalla sang! Kanskje fordi det er den einaste han skreiv sjøl? MEN dei øvrige 13 er rett og slett heartbreaking, og nett som Live At Harlem Square Club så funker denne skiva til fleire formål: fest og sofakos. Det er noko med den stemma, og når det kjem til soul så har du jaggu tapt om du ikkje framstår som troverdig, og for meg ligger ikkje det i teksten, men i framførelsen. James Carr høyres rett og slett ut som om han har all verdens gjeld på sine skuldre. Mi inkludert. Men slapp av, det er ikkje ei deppe skive av den grunn, til tross for udødelige linjer som "time gonna take its toll" i sangen Dark End Of The Street. Som er ein knockout av ein sang når det kjem til identiteten til James Carr. Dette var sangen som viste at han var meir enn ein Otis Redding sound-alike. Dette er orginalen dei utallige cover versjonane blir målt opp mot. Sangen er skrevet av låtskriver duoen Chips Moman og Dan Penn, to som fortjener meir av rampelyset på lik linje med gutta i Stax. Vel eg skal ikkje gnelle så masse om lyden, men den er sjølsagt ein klassiker verdig: fyldig og godt balansert og plenty med trøkk når det trengs.

Dessverre er det ikkje så masse anna av James Carr som er så genialt. Han gav ut ei skive til i 1968 med ein del fine sanger. Problemet ligger i produksjonen og måten den er arra på. Alt er i hytt og gevær, og det hjelper heller ikkje at han har anskaffa seg nokre slitsomme kor-damer. Så forsvann han og dukka først opp med ei ny skive i 1991, ei som eg ikkje anbefaler da lyden stinker! Årsaken til hans fravær var den klassiske kombinasjonen rus og mentale problemer. Det har vore mange som har prøvd å drage han i studio for å gjere nye sanger, men det hjelper lite når du har ein mann som til tider drifter avgårde i sin egen verden. Han døde av lungekreft i ein alder av 58 år i 2001. Så det så!

Pouring Water On A Drowning Man


Dark End Of The Street

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar