Det var 2 band som eg hørte gang på gang på starten av 90-tallet, og som var årsaken til mitt farvel til Kiss, TNT og Deep Purple: Barbie Bones og Radiofantomene. Barbie Bones sei jo seg nesten sjølv kvifor ein er fan av, tenk om ei skive som Death In A Rockinghorse Factory hadde kome i dag (med eit litt justert lydbilde)? Det sei seg sjølv, dei hadde rula, for det skal jaggu meg ikkje mykje til for at det skal føles friskt med tanke på det som er i sirkulasjon i dag.Men nok om dei, for det er Radiofantomene eg vil dele med dykk i dag. Eit merkelig band, og på ei dialekt eg ikkje er så super fan av, men som eg kan "gløyme" om det er sjarm inne i bildet. Og det har Radiofantomene plenty av, bare sjekk ut tittelen på skiva fra 1992: Blod, Svette, Sæd & Asfalt! Skiva inneholder knallåter som Søster Sol, Det Ekje Så Lett, Smil og ikkje minst Spandabel med den klassiske linja: "eg e bror til Robin Hood, eg e sønn av Mor Therese, Jesus e min onkel og Fantomet e min far". Hjerna bak bandet er Roaren (Roar Ruus Finsås), som du kanskje har kome over i forbindelse med andre band som: Orgikulene, Ståpikene, John Holmes Band og De Tre Små Griser. Og no når eg veit kva som kom, så kan ikkje forstå anna enn at Radiofantomene har påvirka musikkmiljøet i Bergen og var ein av årsakane til at bølga kom.22.01.2012
Radiofantomene
Det var 2 band som eg hørte gang på gang på starten av 90-tallet, og som var årsaken til mitt farvel til Kiss, TNT og Deep Purple: Barbie Bones og Radiofantomene. Barbie Bones sei jo seg nesten sjølv kvifor ein er fan av, tenk om ei skive som Death In A Rockinghorse Factory hadde kome i dag (med eit litt justert lydbilde)? Det sei seg sjølv, dei hadde rula, for det skal jaggu meg ikkje mykje til for at det skal føles friskt med tanke på det som er i sirkulasjon i dag.Men nok om dei, for det er Radiofantomene eg vil dele med dykk i dag. Eit merkelig band, og på ei dialekt eg ikkje er så super fan av, men som eg kan "gløyme" om det er sjarm inne i bildet. Og det har Radiofantomene plenty av, bare sjekk ut tittelen på skiva fra 1992: Blod, Svette, Sæd & Asfalt! Skiva inneholder knallåter som Søster Sol, Det Ekje Så Lett, Smil og ikkje minst Spandabel med den klassiske linja: "eg e bror til Robin Hood, eg e sønn av Mor Therese, Jesus e min onkel og Fantomet e min far". Hjerna bak bandet er Roaren (Roar Ruus Finsås), som du kanskje har kome over i forbindelse med andre band som: Orgikulene, Ståpikene, John Holmes Band og De Tre Små Griser. Og no når eg veit kva som kom, så kan ikkje forstå anna enn at Radiofantomene har påvirka musikkmiljøet i Bergen og var ein av årsakane til at bølga kom.Unknown Mortal Orchestra - Thought Ballune
Enda ein video henta fra deira fantastiske debut skive som kom ut i 2011.
11.01.2012
Tune Yards
Min partnerinkindness Herr Zahl Urke tipza meg om dette prosjektet som tar utgangspunkt i Merrill Garbus verden. Her er det trommeloops, ukulele, bass, trommer, perkusjon og sang som gjelder. Eg liker.
Nick Waterhouse
Jau, detta kan no eg også like. Ein kvit tass som har lært seg igjennom å lytte. Catchy sang, bra arra og lyden er jo veldig kul då. Faktisk mykje bedre enn det artister som Charles Bradley og Sharon Jones har karra til seg.
Some Place by Nick Waterhouse
Etiketter:
charles bradley,
nick waterhouse,
sharon jones
Baby Go To Sleep - Heartbeat Musical Therapy
Som nokon kanskje har fått med seg så bruker eg mest tid på å jage og lese om soul musikk, og i boka Music Fell On Alabama (C.S. Fuqua) så kom eg over Terry Woodford (producer, publisher, recording engineer, låtskriver, musiker) som har ei lang liste med hits bak seg med folk/band som The Supremes, The Temptations, Jimmy Buffet + + + +, og han vart tatt opp i Musicians Hall Of Fame i 2009, med andre ord: RESPEKT! I 1985 fekk han ei utfordring fra ein barnehage om å lage musikk som hjalp kidsa til å falle til ro og sovne kjappere når det var tid for ein blund. Hans ide var å ta opp hjerteslag og bruke det som rytme saman med tradisjonelle barnesangar. Sangane vart testa ut på nyfødte på eit sjukehus, og testen viste at 94 % av dei skrikande ongane roa seg ned etter 2 minutter!! Dette endra Terry Woodfords liv, og i 1987 trakk han seg tilbake fra musikk bransjen for å dedikere sitt liv til "heartbeat lullabies". I dag har hans skiver solgt i fleire millioner eksemplar, og er tatt i bruk av over 8000 sjukehus. Så, når den neste som eg kjenner får ein kidd så skal denne plata testast ut!
Baby Go To Sleep - Are You Sleeping?
Bardo Pond
WOW, dette kom brått på meg! Dont Know About You er ein av dei sangane som har ein sound med hårete vreng som eg digger max. Sangen har masse morro i seg bare du husker å drite i naboane eit lite augneblunk og drar på med masse lyd på anlegget ditt. Og da meiner eg stereo-anlegget ditt og ikkje dritt maskina di med crappy høgtalera eller den jævla jålete smart telefonen din!! Eg har virkelig ikkje peiling på kven Bardo Pond er og har gjort fra seg her i livet, min inngang var ein kommentar fra Thursten Moore ang. skiva med s/t som kom i 2010: "one of the coolest records. Og da må ein sjølvsagt sjekke det ut. Eg veit ikkje heilt kvifor eg gjer det kvar gang eg ser Herr Moore uttaler seg, for eg liker virkelig ikkje Sonic Youth, hmmm. Sånn er det å bli påvirka av møkka folk i møkka blad, eller kanskje eg gjer det fordi han liker Øystein Sunde?? Uansett, eg ser no at bandet starta opp i dei tider eg spelte i cover band og radbrekka CCR sanger: 1991. Dei har mange LPer og EPer bak seg, men det får så være for eg skal definitivt starte jakta med med skiva med samme navn som bandet: Bardo Pondo!!
Bardo Pond - Dont Know About YouDavila 666
Det første ein legger merke til er den kjipe bøttelyden på trommene, og eg var vel egentlig på vei avgårde til noko anna da gitar-stikket kom skjerandes og gav lovnad om noko meir om ein gadd å fullføre sangen. Absolutt verdt det. Davila 666 er eit band fra Puerto Rico, og blander alt fra garage til lettere pop materiale, alt pakka inn i tidsriktig virre lyd. Eit band som har vore på veien med både The Black Lips og King Khan, og dei skal vist ha eit meget fett live show med dansera, kostymer og diverse andre effekter.
03.01.2012
02.01.2012
Per Hætta - Gumpe (ulvejoik)
Per Hætta (1912 - 1967) var ein kunstner og kunsthåndverker som henta inspirasjon fra flyttsamanes liv. Nok om det, for det er joiken eg likar!
Abonner på:
Innlegg (Atom)





