22.01.2012

Radiofantomene

Det var 2 band som eg hørte gang på gang på starten av 90-tallet, og som var årsaken til mitt farvel til Kiss, TNT og Deep Purple: Barbie Bones og Radiofantomene. Barbie Bones sei jo seg nesten sjølv kvifor ein er fan av, tenk om ei skive som Death In A Rockinghorse Factory hadde kome i dag (med eit litt justert lydbilde)? Det sei seg sjølv, dei hadde rula, for det skal jaggu meg ikkje mykje til for at det skal føles friskt med tanke på det som er i sirkulasjon i dag.Men nok om dei, for det er Radiofantomene eg vil dele med dykk i dag. Eit merkelig band, og på ei dialekt eg ikkje er så super fan av, men som eg kan "gløyme" om det er sjarm inne i bildet. Og det har Radiofantomene plenty av, bare sjekk ut tittelen på skiva fra 1992: Blod, Svette, Sæd & Asfalt! Skiva inneholder knallåter som Søster Sol, Det Ekje Så Lett, Smil og ikkje minst Spandabel med den klassiske linja: "eg e bror til Robin Hood, eg e sønn av Mor Therese, Jesus e min onkel og Fantomet e min far". Hjerna bak bandet er Roaren (Roar Ruus Finsås), som du kanskje har kome over i forbindelse med andre band som: Orgikulene, Ståpikene, John Holmes Band og De Tre Små Griser. Og no når eg veit kva som kom, så kan ikkje forstå anna enn at Radiofantomene har påvirka musikkmiljøet i Bergen og var ein av årsakane til at bølga kom.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar