11.01.2012

Baby Go To Sleep - Heartbeat Musical Therapy


Som nokon kanskje har fått med seg så bruker eg mest tid på å jage og lese om soul musikk, og i boka Music Fell On Alabama (C.S. Fuqua) så kom eg over Terry Woodford (producer, publisher, recording engineer, låtskriver, musiker) som har ei lang liste med hits bak seg med folk/band som The Supremes, The Temptations, Jimmy Buffet + + + +, og han vart tatt opp i Musicians Hall Of Fame i 2009, med andre ord: RESPEKT! I 1985 fekk han ei utfordring fra ein barnehage om å lage musikk som hjalp kidsa til å falle til ro og sovne kjappere når det var tid for ein blund. Hans ide var å ta opp hjerteslag og bruke det som rytme saman med tradisjonelle barnesangar. Sangane vart testa ut på nyfødte på eit sjukehus, og testen viste at 94 % av dei skrikande ongane roa seg ned etter 2 minutter!! Dette endra Terry Woodfords liv, og i 1987 trakk han seg tilbake fra musikk bransjen for å dedikere sitt liv til "heartbeat lullabies". I dag har hans skiver solgt i fleire millioner eksemplar, og er tatt i bruk av over 8000 sjukehus. Så, når den neste som eg kjenner får ein kidd så skal denne plata testast ut!

Baby Go To Sleep - Are You Sleeping?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar