26.10.2010

Diverse greier

Må sei eg vart virkelig forundra når eg sjekka ut Allmusic i går og såg at dei hadde plukka ut skiva Trio av og med Trio som Album Of The Day. Det er jo rett og slett fantastisk, og eg måtte jo sjølsagt legge ut ei par spor fra denne skiva. Eg er ein trofast fan, og har sjølsagt alle skiver på vinyl.








Trio - Broken hearts for you and me


Trio - Sunday you need love monday be alone



Fekk tips om å sjekke ut Wetdog, ein trio fra London, og ja, dette kan absolutt funke. Men skjønner ikkje heilt kvifor dei minner meg om Bow Wow Wow.



Eit anna band som gjer meg i godt humør for tida er The Vaccines. Dette er skranglerock med 60s vibe. Dei er i disse dager ute med 7" på labelen Marshall Teller Records. 

The Vaccines - Wreckin Bar


The Vaccines - Blow It Up 

25.10.2010

Anti Poison Slammer

Eg var på Revolver på lørdag ifb med plateselskapet Tonehjulet Kräftpest sitt slepp av samleskiva "I Dont Wanna Be A Part Of Your So Called Punk". Ein kveld stappa med punk, reagge og hardcore. Ein bra kveld med ålreit standard på banda, men det var spesielt eitt band som stakk seg ut: Anti Poison Slammer. Ein indierock trio bestånde av ein trommis som ser gal ut, ei jente på vokal og bass og ein gitarist med masse pedaler.  Dei hadde ein utrolig deilig sjarm med masse energi. Er jaggu lenge sidan eg har kosa meg så masse på ein konsert med eit norsk band. Er faktisk litt usikker på dei har gitt ut noko så langt, og den einaste låta eg har er fra samleskiva. Den er nok ikkje den beste sangen, men gir deg iallefall ein peikepinne på kva slags musikk dei har å by på. Om du har mulighet så anbefaler eg deg å få sett dei live.

Anti Poison Slammer - Fold The Curl

Soul for Sjela er endelig tilbake

Hei alle saman. Pga teknisk tullball vart det vanskli å få flytta bloggen så eg gir blanke jammer og slår meg til ro med å bruke blogspot videre, sjølv om den ikkje har dei beste løsningane så er den iallefall gratis, faktisk så har det skrangla inn nokre kroner vi reklame. Vel, uansett, no er eg tilbake og SoulForSjela skal bli oppdatert sånn ca 2-3 ganger i uka.

Først ut er The Staple Singers og nokre spor fra deira fantastiske utgivelse på Epic fra 1965 spelt inn live i Chicago New Nazareth Church: Freedom Highway. Dette er ei skive eg har vore på leit etter lenge, men den har desverre ikkje blitt gitt ut på CD, og det har vore vanskelig å finne eit ex som var NM. Du må ikkje blande saman med skiva Freedom Highway på CD som Legacy gav ut i 1991, for den inneholder kun 2 sanger fra live skiva, og resten er studio opptak fra andre Epic innspelingar, det er bra det og, men ikkje bra nok.

Freedom Highway vart mi favoritt gospel skive etter første gjennomlytting. Denne skiva overgår andre såkalla gullkorn som Shakin the Rafters av og med Abyssinian Baptist Gospel Choire eller Pastor T.L Barrett si skive Like A Ship....(without a sail). Det som skiller denne skiva fra andre gospel skiver er at Roebeck "Pops" Staples svampete blues gitar, samt dei ekstremt tette harmoniane skapt av hans 4 barn: Mavis, Cleotha, Pervis og Yvonne, der sjølsagt Mavis er den store stjerna når det kjem til vokal prestasjoner. Andre element som gjer dette til ei glede å høyra på er at bandet også består av ein groovy trommis og ein på ståbass (har ikkje klart å spore opp kven dette er). No har eg ikkje kleia meg til å få ordna utstyr til å rippe vinyl skiver, så eg slenger med dei 2 spora som finnes på Legacy utgivelsen.  

The Staple Singers - Freedom Highway


The Staple Singers - What You Gonna Do

01.08.2010

Breaking Bad

28.07.2010

Solomon Burke

Har akkurat sikra meg billett til hans konsert på Notodden Blues Festival. Håper og trur det skal bli noko utenom det vanlige.



Forty Four...

...er min absolutte favoritt sang med Howlin Wolf. Synes møkkabandet The Kills gjer ein finfin versjon.

Grass Widow

Indie!

"Shadow" by Grass Widow from Owen Cook on Vimeo.

30.06.2010

The Zookeepers

The Zookeepers fra Boston består av 4 unge gutter med lopper i blodet. Dei debuterte med The Frenchman i 2007. Ei klassisk DIY lo-fi pop/rock skive, og nett som Ween har dei masse humor, men veit å ikkje dra det for langt så musikken ikkje havna i andre rekke. Dei er i disse dager ute med skiva Good Looking Out, deira 8ande utgivelse!! Det er morro å høyre korleis dei har utvikla seg på disse få åra: sangane er bedre produsert og arrangert, dei har gått til anskaffelse av bedre utstyr til opptak og etter kvart fått ei god samling med instrumenter som fyller deira lydbilde godt. Du kan sjøl sjekke ut og laste ned skivene deira gratis eller donere nokre spenn her.

The Zookeepers - Lady Gaga


29.06.2010

Woods

Woods (Brooklyn, NY) er eit band for dei som liker små psykidelisk lo-fi pop. Eg har alltid lika lyden deira, men tidligere skiver som Songs of Shame har kanskje mangla litt når det gjelder å få satt saman nok gode sanger til å vare ei heile skive. Dette har dei no gjort noko med, og deira nye skive At Echoe Lakes inneholder nok variasjon til at eg aldri dovner av.

Woods - Blood Dries Darker

Harlem Shakes

Harlem Shakes (Brooklyn, NY) er eit band som oppstod i 2006, gav ut sin første EP Burning Birthdays i 2007 og har rukket og turnert med band som Deerhoof, Vampire Weekends, Beirut og Arctic Monkeys. Gav ut debut albumet Technicolor Health i 2009. Eit album spekka med solide pop låter.