17.09.2011

Jean Stanback


For oss soul fanatics så er det ei uendelig mengde med så kalla Northern Soul compilations der ute som skal være stappa med feite gløymde soul sanger. Eg har pløgd meg gjennom ei heil rekke av disse dei siste åra, men eg har jo skjønt etterkvart at det er ein grunn til at dei fleste sangane har blitt glømt av og havna i kategorien sjeldne: det er jo stort sett jævla møkka sanga som ikkje holder mål. Men så dukker jo det opp artister som rett og slett slår meg rett ut, og gir meg på nytt pågangsmot til å lide meg gjennom den eine dritt samleskiva etter den andre. Og ein av dei artistane er Jean Stanback, min nye soul favoritt! Ho gav ut den første 7" på Dave Godins Deep Soul label i 1969 (?). Det er ikkje så mykje informasjon å finne om ho, og sjølv om ho gav ut ein 7" på ein britisk label så er ho fra USA. Og slik eg har forstått det så gav ho kun ut ein 7" til på Mankind i 1970. Er det virkelig mulig? Å være født med denne stemma og kun gi ut to skiver? Uansett, singelen If I Ever Needed Love / I Still Love You skal anskaffast og havner i min soul jukebox, men kanskje litt drøyt at dei går for $ 200 på eBay!

Jean Stanback - I Still Love You

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar