Viser innlegg med etiketten triakel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten triakel. Vis alle innlegg

30.10.2011

Aslak Brekke & Eivind Groven - Ståle Storli

Aslak Brekke
Eivind Groven
Denne sangen er noko av det vakraste eg kan høyre, og eg setter den like høgt som gullkorna til Sudan Dudan og Triakel. Sangen blir framført av Aslak Brekke (1901 - 78) ein kveder og folkesanger fra Vinje i Telemark. , og barndomsvennen Eivind Groven (1901 - 77, Lårdal), som var ein komponist, folkemusikksamlar, musikkforskar og spellmann. Groven er blant anna kjent for å være ein radiopioner, og han var vel kanskje årsaka til at Aslak Brekke var den første folkesangeren som vart kringkasta på radio i 1935, noko som skapte lytterreaksjoner blant dei fisefine følka i Oslo. Groven noterte: Brekke song aldeles fullkome. Endå synte det seg at folk ringde opp kringastinga og klaga. Det er folk som ikkje enno hev lært å skyna den ekte gamle norske songmåta. Eg noterer dette som eit prov på kor absolutt ein viss mentalitet her i hovudstaden er utestengd frå norsk kjensle. Videre så er Groven kjent for å ha funne opp Det Reinstemte Orgelet, og det er dette som du høyrer på sangen Ståle Storli, som er eit opptak fra 1938. Eg rett og slett digger den fantastiske lyden på dette opptaket. Sangen Ståle Storli handler sjølsagt om kjærleik til ei husmannsjente som ikkje blir gjengjeldt.

Aslak Brekke & Eivind Groven - Ståle Storli

15.09.2011

Triakel - Tusen Tankar

Folkemusikk? Da e jo pop musikk da! Konserten dei hadde på Mir var rett og slett ubeskrivelig vakker. Anbefaler dykk å få med deg Triakel live ved neste anledning. Pompeorgel, fele og vakker sang er alt eg treng. Det er ikkje mange band som topper dette, men det finnes, men dei fortjener eit eget innlegg her på denne kloggen, for den musikken er virkelig Soul For Sjela mi.