Har akkurat sikra meg billett til hans konsert på Notodden Blues Festival. Håper og trur det skal bli noko utenom det vanlige.
28.07.2010
Forty Four...
...er min absolutte favoritt sang med Howlin Wolf. Synes møkkabandet The Kills gjer ein finfin versjon.
30.06.2010
The Zookeepers
The Zookeepers fra Boston består av 4 unge gutter med lopper i blodet. Dei debuterte med The Frenchman i 2007. Ei klassisk DIY lo-fi pop/rock skive, og nett som Ween har dei masse humor, men veit å ikkje dra det for langt så musikken ikkje havna i andre rekke. Dei er i disse dager ute med skiva Good Looking Out, deira 8ande utgivelse!! Det er morro å høyre korleis dei har utvikla seg på disse få åra: sangane er bedre produsert og arrangert, dei har gått til anskaffelse av bedre utstyr til opptak og etter kvart fått ei god samling med instrumenter som fyller deira lydbilde godt. Du kan sjøl sjekke ut og laste ned skivene deira gratis eller donere nokre spenn her.
The Zookeepers - Lady Gaga
The Zookeepers - Lady Gaga
29.06.2010
Woods
Woods (Brooklyn, NY) er eit band for dei som liker små psykidelisk lo-fi pop. Eg har alltid lika lyden deira, men tidligere skiver som Songs of Shame har kanskje mangla litt når det gjelder å få satt saman nok gode sanger til å vare ei heile skive. Dette har dei no gjort noko med, og deira nye skive At Echoe Lakes inneholder nok variasjon til at eg aldri dovner av.
Woods - Blood Dries Darker
Woods - Blood Dries Darker
Harlem Shakes
Harlem Shakes (Brooklyn, NY) er eit band som oppstod i 2006, gav ut sin første EP Burning Birthdays i 2007 og har rukket og turnert med band som Deerhoof, Vampire Weekends, Beirut og Arctic Monkeys. Gav ut debut albumet Technicolor Health i 2009. Eit album spekka med solide pop låter.
19.06.2010
Parlovr
Har endelig fått tak i skiva til Parlovr (uttales parlour), og den skuffa absolutt ikkje. Jaudå, skiva er stappa med kjente Montreal hooks, arrangement og lyder som fører deg tilbake nokre indie år. Men likevel så låter det utrolig friskt, skiva er stappa med solide låter som har eit lydbilde som inviterer deg heilt inn. Eg har forstått det slik at dei oppstod som eit motstykke til alle dei overbefolka banda (les: Arcade Fire), og det er fasinerandes korleis 3 personer klarer å fylle rommet kun med trommer, gitar og keyboard. Albumet kom først ut i 2008, før det vart snappa opp av Dine Alone Records som har gitt den ut på nytt.
Parlovr - Pen to the Paper
Parlovr - Sandwalking
Parlovr - Sleeping Horses
Parlovr - Pen to the Paper
Parlovr - Sandwalking
Parlovr - Sleeping Horses
18.06.2010
Jim Jones Revue
Steik, dette må eg sei var veldig morro å høyre. Ekkje så stor fan av dissa retro garage banda, at dei gidder å spele gamle riff på nytt, men det er vel noko med å ha det gøy uten å være fancy. Men det som skiller Jim Jones Revue frå dei andre skrammla er at det jaggu meg funker på skive. Stort sett funker denne type mojo best live pga trøkk og svette, og faller ofte igjennom når dei prøver å klore det ned på tape. Men lyden til Jim Jones Revue er heilt fantastisk, det er som om bandet er på vei til å sprenge seg ut av høgtalerane. Har ikkje opplevd lignandes sidan eg hørte den dobble 7" Gotta Get Some Action NOW! av og med Hellacopters. Dette er vel slik The Goo Men burde høyrast ut på skive. Geleder meg til å sjå disse gutta live!
05.06.2010
Levek
Av og til kjem ein over musikk som gjer meg nyfiken på "kven, kva og kvifor?" om dei som har gjort det. Levek er ein av dei artistane. Dette er 21 år gamle David Levesque bosatt i Florida. Det er ikkje så masse info å finne om han på nettet, men han vart født i Oman og flytta til Orlando som 8-åring. Han hørte for det meste på musikken til foreldra (Beach Boys, Bob Dylan o.l.), og såg hovedsaklig på gamle Disney filmer. Har laga musikk på fritida i ca 1,5 år, og kjører til daglig ein skulebuss! Eg sendte han ein epost og spurte om kor eg får skaffa skiver av han, og fekk til svar at han enda ikkje har fått gitt ut noko da han fortsatt er i oppstartsfasa med det å utvikle seg som låtskriver. Men han sendte meg ei lenke til mediafire kor eg kunne laste ned 6 låter!! Ein mann etter min smak:) Har ikkje tenkt å seia så masse om musikken, du får sjekka det ut sjøl. Blir spanande å sjå kor dette bærer hen om nokre år. Eg skal sjølsagt følge med og halde dykk oppdatert!
04.06.2010
Slow Animal
Slow Animal er ein duo fra New Jersey og dei definerer seg sjøl som eit garage/JAM-band, og det er vel egentlig ein presis beskrivelse. Det florerer jo med band som speler denne typen musikk (distorta lyd, lo-fi, korte sanga, "simplicity is genious"- tilnærming, catchy) og ikkje alle lykkes like bra som f.eks. Times New Viking eller Wavves, men Slow Animal føles så langt hakke bedre ut enn ovennevnte band, så no gjenstår det å høyre om dei klarer å fylle ei heil skive! 4 sanga til gratis nedlasting her.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
