Denne sangen er noko av det vakraste eg kan høyre, og eg setter den like høgt som gullkorna til Sudan Dudan og Triakel. Sangen blir framført av Aslak Brekke (1901 - 78) ein kveder og folkesanger fra Vinje i Telemark. , og barndomsvennen Eivind Groven (1901 - 77, Lårdal), som var ein komponist, folkemusikksamlar, musikkforskar og spellmann. Groven er blant anna kjent for å være ein radiopioner, og han var vel kanskje årsaka til at Aslak Brekke var den første folkesangeren som vart kringkasta på radio i 1935, noko som skapte lytterreaksjoner blant dei fisefine følka i Oslo. Groven noterte: Brekke song aldeles fullkome. Endå synte det seg at folk ringde opp kringastinga og klaga. Det er folk som ikkje enno hev lært å skyna den ekte gamle norske songmåta. Eg noterer dette som eit prov på kor absolutt ein viss mentalitet her i hovudstaden er utestengd frå norsk kjensle. Videre så er Groven kjent for å ha funne opp Det Reinstemte Orgelet, og det er dette som du høyrer på sangen Ståle Storli, som er eit opptak fra 1938. Eg rett og slett digger den fantastiske lyden på dette opptaket. Sangen Ståle Storli handler sjølsagt om kjærleik til ei husmannsjente som ikkje blir gjengjeldt.
Opptaka fra Konserthuset i Stockholm (09.01.69) utgjer ein av dei bedre bootlegane eg har hørt av Jimi Hendrix. Dette er ein av mange uoffisielle utgivelser som familien Hendrix har stoppa ved å dra folk for retten. Denne gangen var det Purple Haze Records som måtte ut med $ 28500 i erstatning.
Jimi Hendrix - Spanish Castle Magic
Når vi først er inne på Jimi Hendrix så har eg alltid digga dette klippet fra Olympia Theatre når dei planker igjennom Sgt. Peppers Lonely Hearts Club Band. Mange trur at dette er den versjonen som han spelte 2 dager etter at The Beatles slapp skiva Sgt. Peppers med Paul McCartney tilstede i salen, men det stemmer da ikkje da skiva Sgt. Pepper kom ut i juni 1967 og konserten fra Olympia Theatre er fra desember 1967.
Veit egentlig ikkje så mykje om denne snella, men veit ho gav ut skiver og spelte i filmer. Og no har eg også lært meg at ho gav ut EPer på fransk. Her covrer ho The Kings A Well Respected Man.
Det skjer meg stadig vekk at eg får dilla på ein sang og må høyren den ein slomp med ganga kvar dag, og denne rakkeren av ein energi klatt fenger meg virkelig. Intro og stikk mellom versa er rappa fra Otis Redding / Steve Cropper, men det er ikkje plagsomt. Sangen er som ein trekant: starter rett på sak med obligatorisk ad-lib, roer ned rett inn i versa, har eit uvanlig bridge med heftig presise trommer i 2 runder, før ein går inn i neste bolk med vers og avslutter med meir ad-lib basert på første del av sangen. Så det så. Jimmy Bee kom fra Bay Area og var med i ei mengde do-wop band på 50- og 60-tallet, og vart seinere ein del av The Johnny Otis Show. Gav kun ut ei skive som solo artist, og det var ei live skive i 1973. Det er raw soulfunk, skiva har meget bra lyd, og muligens eg gidder og poste meir om det ein annan gang.
Sudan Dudan må no være ein av norges best bevarte hemmeligheter, noko som er veldig uforståelig. Dette er vakkert, og det er heilt unikt. Det er bare å slenge på Svein Svane og lene deg tilbake og få deg litt kvile. Anbefalast i levande live, neste sjanse er på Crossroads den 26 oktober.
Bandet som starta opp i 1997 har no røkke å gitt ut nokre skiver, dei fleste rimelig kjedelige, men i 2003 måtta det ha vøre noko spesielt i lufta som resulterte i skiva Ive Been Gone - Letter One på Racing Junior. Ei fantastisk skive om du digger "lavmælt, mollstemt stemningsrock", der sangen Call Me In, Piccard er skivas høgdepunkt.
Ei skive som ein kan gire ned på, og la Mona Mørks stemme forføre deg inn i drømmeland.
The First Editions versjon av Mel Tillis klassiker Ruby, Dont Take Your Love To Town har alltid vøre min favoritt, sjølv om eg må inrømme at Casino Steel sto og pissa og Gary Holton sin versjon ekkje så ille den heller. Orginal versjonen av sangen kom ut i 1967 med Johnny Darrell, dette var samme året som The First Edition starta opp, men sangen vart ikkje kjent før i 1969 når den vart covra av nettopp Kenny og gutta, og som vart deira endelige gjennombrudd. Mel Tillis baserte sangen på eit eldre ektepar som levde i samme område som han i Florida. Dei traff kvarandre under den 2 verdenskrig når han vart skada i kamp i Tyskland og vart sendt til England for pleie, og endte da sjølsagt opp med å gifte seg med ei av sjukesøstrene som jobba på sjukehuset. Dei valgte å flytte til Florida, men problemer med skadene fra krigen gjorde at han ofte måtte leggast inn på sjukehus. Og når han låg der brukte hans kone å treffe ein annan mann. Mel Tillis har endra litt på historia, blant anna har han lagt handlinga til Korea krigen, samt at det i hans tekst blir sønge: "And if I could move I'd get my gun and put her in the ground". I virkeligheten tok mannen livet av kona. Sangen kom ut under Vietnam krigen og skapte kontroverser pga. den joviale måten dei framførte sangen på, og mange meinte sangen var respektlaus overfor krigsveteraner.
"Look, we don’t see ourselves as politicians, even if a lot of pop groups think they are in the running for a Presidential nomination. We are there, primarily, to entertain. Now if we can entertain by providing thought-provoking songs, then that’s all to the good. But the guys who said 'Ruby' was about Vietnam were way off target – it was about Korea. But whatever the message, and however you interpret it, fact is that we wouldn’t have looked at it if it hadn’t been a GOOD song. Just wanna make good records, that’s all." - Kenny Rogers