24.09.2012

Little Boxes

Denne lille tassen av ein sang har vore ein favoritt sidan eg såg nokre sesonger av Weeds før det daua av og pissa på seg sjølv. Little Boxes var introsangen, og det som eg likte var at det ofte var nye variasjoner av ulike artister. Heilt fram til no har det vore Devendra Banhart sin versjon fra skiva Song Of America (2007) som har vore min favoritt. Hans versjon er ein seig skakk laidback variant der han har strekt den til rundt 4 minutter. Sangen er ein original av Malvina Reynolds fra 1962 (forøvrig ein hit for Pete Seeger i 1963). Ho var ein protest sanger som fekk inspirasjon til denne sangen da ho kjørte gjennom Daly City (Ca) og måtte få ut sin frustrasjon fra alle dei monotone forstadane som bestod av identiske hus pakka på rekke og rad. Begrepet "Ticky - tacky*" er mynta på dei dårlige byggemateriala som vart benytta for å holde kostnaden nede. Forøvrig kan det også nevnast at Malvina Reynolds står bak hitten Morningtown Ride med The Seekers. Uansett, min nye favoritt av Little Boxes er det bandet Walk Off The Earth som står bak. Dette er eit indie band fra Ontario (Canada) som starta opp i 2006. Dette bandet herja på youtube i nokre år der dei er kjent for å lage lo-fi videoer med cover av kjente og egne sanger posta på youtube. Dei har fått ein stor fanskare, og dei har hatt ingen hjelp fra booking følk og masete management. Siste nytt er at det viser seg at det lønner seg å stå på, for dei er visst signert med Colombian Records. Bare så synd at det dei er best på er å lage deilige tolkninger av kjente sanger, original materiale er dess ikkje verdt å nevne. Sjekk ut videoen, den er perfekt til ein sang som LIttle Boxes. Sjekk gjerne ut bakomvideoen for korleis det heile vart til.

* : sleazy or shoddy material used especially in the construction of look-alike tract houses.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar