24.09.2012

Sommerferien er visst over

Jævla til mas då! Jaudå eg veit det er folk som følger denne kloggen fast fra både inn og utland. Lite høyrer eg fra dykk utanom når dykk synes eg har hatt for lang ferie, eller prøver å tipse meg om dritt musikk. Erru ikkje nøgd kan du dynke deg bak og finne deg ein annan plass som får deg til å høyre heime. OK?

Så var det sommeren som sklei forbi, og eg må innrømme at eg har vore i ekstra godt humør stort sette heile ferien. For fyrste gang har eg hygga meg massos på Øyafestivalen, Charles Bradley og Sudan Dudan var årsaken til akkurat det (+ eit artistpass fra SD). Men ikkje nok med det, for det som virkelig gjorde susen var Bøgrend Autofest, ein festival som mjukar meg opp og gir meg store smil same kor eg snur meg. Dette er festivalen eg virkelig kan slappe heilt av med. Ingen trengsel, ingen kø, ein festival som faktisk gir meg nytt vennskap med geniale følk som er like fasinert av dette stedet som meg. OK, så er eg ikkje heilt subjektiv, men dette er faktisk min favoritt festival. Erru dritt lei dei store broiler festivalane med 0,4 til kr. 70, ei brus for kr. 40, og der det som oftast er iallefall 3000 for mange pipete tenåringer, så er det bare å legge turen innom ein nedlagt bensinstasjon i Bøgrend i tjukkaste Telemark. Det er Havresekken som står bak festivalen, så du veit at det er alltid artister som du vil få med deg, alltid!!! glimrande lyd, max 450 gjester per dag, eget øll kalla Oljesøl (+ snadder som Nøgne Ø ++), hjorteburger, heimestappa pølser +++ samt at du er omgitt av folk som faktisk bryr seg om deg. Og eg digger at det faktisk bare er 1 scene! Eg overnatta i eit nedlagt grendahus for kr. 500 fra torsdag til søndag, der vertskapet var innom kvar dag for å sjekke om det stod bra til med oss. Forøvrig var det første som møtte meg ei stor skål med kondomer og masse tørkepapir. Rekner med lokalfølket har lest om at på festival kan det blitt mykje av det meste. Og morgon stellet tok vi sjølvsagt i Vinjevatn, som har ei halvøy beståandes av den diggaste sanden du kan tenke deg (noko ala Aya Napa tidlig 80-tallet). Eg er frelst, og eg skal aldri gå glipp av ein Bøgrend Autofest igjen, som eg gjorde i 2011. Og artister sei du? Kva med Blåmann Blåmann, Odd Nordstoga, Pete Berry and the Shake Set, Katzenjammer, Amund Maarud, for bare å nevne nokre få høgdepunkta. Det er vanskelig å beskrive den følelsen Bøgrend gir meg, eg trur kanskje Andy Kaufman er inne på det.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar